på kino
Foto: arne sørenes / nrk

Kinomisjonæren

Kinomaskinist Morten Gudbrandsen har vore omreisande i film i snart 34 år. I år kjem fleire enn på svært lenge for å sjå filmane hans.

Det ligg eit sus, kanskje også av forventning, over dei oppstilte stolradene på det flate golvet i Furulund i Sjoa. Ti sambygdingar, både born og vaksne, opnar popcornposar og pastilleesker før dei rettar blikket skrått oppover mot det kvite lerretet som er spent opp framfor scena i grendehuset frå 1915.

Bakerst i lokalet sjekkar kinomaskinist Morten Gudbransen for siste gong at filmen ligg klar på hard-disken. Han slår av lyset i salen, trykkjer play, og filmmusikk overdøyver straks det sterke suset som ikkje berre er av forventning, men også elektronisk støy frå den gigantiske projectoren han reiser rundt med. Små støvkorn dansar i det blå lysfeltet som utvidar seg gjennom rommet og blir til levande bilete på den flate veggen. Det er like magisk, kvar einaste gong.

Dei ti sambygdingane er ikkje lenger i grendehuset i Sjoa, men på ein stad som liknar. Dei har reist dit «Snekker Andersen og Julenissen» bur.

kinomaskinist morten gudbrandsen på lørdagsrevyen

KINOMASKINISTEN: Morten Gudbrandsen har reist rundt som kinomaskinist i Hedmark og Oppland i snart 34 år. Sjå reportasje frå Laurdagsrevyen 10. desember 2016. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Meir populært enn på lenge

– Folk treng at noko skjer i bygdene. Dei ynskjer å komme saman og gjere noko i lag, seier kinomaskinist Gudbrandsen når han prøver å forklare det paradoksale i at folk framleis kjem til kinovisningane hans, trass i at film er meir tilgjengeleg enn nokon gong, også på bygda.

Han burde vite kva han snakkar om. I januar er det 34 år sidan han som 18-åring fekk jobb som omreisande kinomaskinist i det som då var Statens Filmsentral. Sidan har han reist rundt i Hedmark og Oppland. Lik ein omreisande misjonær har han besøkt grendehus og gymsalar, vist film i kulturhus og museumsbygg, og kanskje i eitt og anna bedehus også. Morten Gudbrandsen hugsar ikkje heilt.

Men han veit at jobben har kosta. Elleve dagar på rad er det filmvisning. Så er det to dagar fri, før nye elleve dagar ventar. Slik er den evige turnusen for ein omreisande kinomaskinist. Alltid kveldsarbeid. Ofte overnattingar borte frå heimen.

– Ikkje så lett å kombinere med familieliv og vennskap, seier Gudbrandsen.

No, nesten eit heilt arbeidsliv seinare, opplevere han at besøkstala aukar etter mange år med nedgong. Det gler han enormt. For når Gudbrandsen føler at han bidreg til liv og aktive sosiale samankomstar i små lokalsamfunn, får han lønn for strevet. Då har det vore verdt noko. Alt slitet. All forsakinga.

Og no kjem det altså fleire enn på lenge:

I fjor var publikumstalet for Bygdekinoen, som no blir drive av bransjeorganisasjonen Film og Kino, 123 000 besøkjande på 168 visningstader landet over. I 2016 ligg talet an til å bli det beste på ti år:

– Bygdekinoen samlar bygdefolket, smiler Gudbrandsen.

Kinoen har satsa tungt på norske filmar dei siste åra. I år er norske publikumssuksessar som «Kongens nei» og «Burning 2» viktige grunnar til at besøkstala aukar. Når det gjeld kveldens film; «Snekker Andersen og Julenissen», er besøkstala til Bygdekinoen nest best i landet, berre slått av kinoane i hovudstaden.

på kino

PÅ SØLVPLASS: Snekker Andersen og Julenissen er populær i førjulstida.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Filmavisen, sommaren 1950:

Fem kvite bilar med påskrifta «Norsk Bygdekino» blir lasta med kinoutstyr i Oslo den 23. juli 1950. I det nyoppretta selskapet eig staten femti prosent av aksjene, resten er fordelt mellom Kommunale Kinematografers Landsforbund (KKL), Kommunenes Filmcentral A/S (KF) og ei rekkje organisasjonar tilknytta Statens folkeopplysningsråd.

filmavisen 1950

FILMAVISEN, 1950: I "Filmavisen" sin "Ukerevy nr 27" frå 1950, blir det rapportert om etableringa av Norsk Bygdekino.

Den utsendte frå «Filmavisen» rapporterer med entusiasme frå etableringstilstellinga:

– Selskapets disponent Semmingsen er tilstede sammen med statsråd Lars Moen, styreformann Olav Lied og Jon Mathiesen i Statens Filmsentral.

I følgje vedtaket i Stortinget frå 1948 var formålet å «å tilby kinodrift med visning av god film til bygde- og kystbefolkning på steder som ikke har fast kino». Bakgrunnen var delvis at dei private selskapa som faktisk dreiv slik virksomhet hadde eit frynsete rykte. Både den tekniske og innhaldsmessige kvaliteten på det dei reiste rundt med var for dårleg, meinte styresmaktene. På same måte som staten i same periode etablerte andre institusjonar som Riksteatret (1948) og Riksgalleriet (1953), skulle også Norsk Bygdekino bidra til å gje sjølv dei minste avkrokar eit kulturtilbod.

kinomaskinist morten

EIT LIV I LYS OG MØRKE: Morten Gudbransen har vist utallige filmar på mange ulike stader i Hedmark og Oppland sidan 1983.

Foto: nrk / arne sørenes

Den første filmen

Morten Gudbransen hadde sitt første møte med Norsk Bygdekino i heimbyga Dovre i 1968. Han og broren var to av fire tilskodarar på filmen «Sus og dus på byen», men det som skjedde etterpå vart viktigare enn sjølve filmen. For mens mora og broren såg vaksenfilmen «Brent jord», måtte vesle Morten vente i gangen. Der såg han korleis kinomaskinisten arbeidde. Han såg framvisaren, og han såg lyset:

– Eg tenkte at slik vil eg også bli. Det er dette eg vil drive med.

Seinare flytta familien til Sel der Morten framleis bur. Då vart han fast gjest på Bygdekinoen sine framvisningar. Gjennom interessa si vart han kamerat med den eldre kinomaskinisten som reiste rundt. Eit vennskap som varte livet ut, og som gav han utdanninga han hadde bruk for. 18 år gammal fekk han jobben han lengta etter:

– For meg var det ein draum som gjekk i oppfylling, seier Gudbrandsen om tilsettinga som kinomaskinist.

salen

NOK EIN KVELD PÅ JOBB: Morten Gudbrandsen gjer seg klar til dagens jobb på Sjoa.

Foto: arne sørenes / nrk

Uklar framtid for Bygdekinoen

Då Morten Gudbrandsen hadde sin første arbeidsdag i 1983 var det Statens Filmsentral som dreiv butikken. Etter eventyrlege besøkstal på 1950- og 60-talet, fekk Norsk Bygdekino ein kraftig konkurrent etter kvart som fjernsynet vart allemannseige mot slutten av eit tiår som hadde sett store tekniske og kulturelle omveltingar. I 1969 tok derfor staten over ansvaret for fullt, og dreiv vidare sjølv om besøkstala jevnt og trutt gjekk ned. No skulle den omreisande kinoen støtte den filmpedagogiske virksomheten til Filmsentralen, og fungere som eit sosialt samlingspunkt i utkantstrok.

– Vi køyrde framleis rundt i dei gamle lysegule folkevognsbussane, fortel Gudbrandsen. Der hadde vi utstyret, og der sov vi. På dei kaldaste dagane hendte det vi sov i framsyningslokala, men elles budde vi i bilen.

morten gudbrandsen på Noprge Rundt, 1993

NORGE RUNDT, 1993: I 1993 laga Norge Rundt denne reportasja om Morten Gudbrandsen og Bygdekinoen.

Seinare har både bil og butilhøve endra seg.

Frå 1987 vart Bygdekinoen, som no vart det offisielle namnet, underlagt Norsk kino- og filmfond. Fondet vart administrert av bransjeorgansiasjonen Film og Kino heilt fram til 2015, då Kulturdepartementet la fondsmidlane inn under departementet. Dermed mista Film og Kino ei viktig inntektskjelde.

I stortingsmeldinga om film frå 2015 skriv regjeringa at «departementet ser det som en god løsning at Film og Kino administrerer Bygdekinoen videre, og vil ha dialog med Film og Kino om framtidig finansiering».

Men på statsbudsjetta for 2016 og 2017 fann ikkje regjeringa rom til å løyve pengar til Bygdekinoen. Dermed driv Film og Kino tilbodet vidare for oppsparte midlar på ubestemt tid.

bygdekino

TI BETALANDE: Trass i gode besøkstal kom det berre ti betalande til Bygdekinoen på Sjoa denne kvelden.

Foto: arne sørenes / nrk

Saknar filmrullen

– Tidlegare var det mykje meir før- og etterarbeid, fortel Gudbransen om skilnadane i arbeidet som kinomaskinist før og no. Med seg i bilen har han tilsvarande framvisarutstyr som dei faste kinoane brukar.

Bygdekinoen var tidleg ute med digitalisering, noko som letta arbeidet. Men framleis må lerretet spennast opp mange stader, høytalarar må plasserast rundt i lokalet for å skape ei kjensle av «surround», og den store projectoren må bærast inn og monterast. Det blir mange tunge løft når alt skal inn og ut same kveld.

Gudbrandsen innrømmer at han innimellom saknar filmrullen:

– Når filmen gjekk sund kunne eg improvisere og fikse det meste. Om dataen ikkje funkar er eg sjakk matt. Då får eg ikkje gjort noko som helst.

Heldigvis er det sjeldan at systemet ikkje virkar. Under framsyninga av «Snekker Andersen og Julenissen» i Furulund på Sjoa går alt som det skal. Ti nøgde sambygdingar reiser seg til julemusikken som strøymer ut av høgtalarane.

For kinomaskinist Gudbrandsen er ikkje kvelden over. Han har enno ei framsyning igjen. Men denne kvelden gler han seg over kort køyreveg heim:

– Eg er vel i bilen rundt halv elleve, og då er eg heime omlag klokka elleve. Det er tidleg for ein maskinist.

bygdekino

VINTERNATT: Morten Gudbransen har vore ute ei vinternatt før. Her pakkar han ut av bilen ved Furulund på Sjoa.

Foto: arne sørenes / nrk

Film som livsstil

Morten Gudbransen ser ikkje på det han driv med som ein jobb lenger. Det er blitt ein livstil. Lange kveldar kan vere slitsame i lengden, men etter nokre dagar heime er han som regel klar for nye mil på vegen og nye filmar. Han meinar at Bygdekinoen fyller eit behov i lokalsamfunna han er innom. At det betyr noko at han kjem; at folk får ein grunn til å møtast.

Om ti år tar han sikte på å parkere kinobilen for godt. Han håpar at han får lov til å halde på så lenge, og at nokon kjem til å ta over ruta når den tid kjem. For Bygdekinoen er liv laga, meiner den omreisande filmmisjonæren frå Gudbrandsdalen.

– Bygda treng Bygdekinoen, og Bygdekinoen treng bygda.

At kinoen no har betre oppslutting enn på lenge tar han som eit teikn på nettopp det.

– Og film er best på kino, seier kinomaskinist Gudbrandsen

– På Bygdekinoen?

– Akkurat det kan diskuterast, men det er bra der òg. Det er det. Tilbodet vårt er bra.