Anouk og Monica
Foto: Arne Sørenes / nrk

Med Piaf som medisin

For Monica Johansen er ein draum i ferd med å bli sann. Snart står ho på ei scene i Paris og syng songane til Edith Piaf!

PARIS/LILLEHAMMER (NRK): – Oui, c´est bien, Monica!

Songar og pedagog Anouk Manetti ved songskulen Manufacture Chanson i Paris er begeistra.

– Ho har absolutt gehør, veit du, ler songlæraren, mens Monica Johansen fortel kva for tonar Manetti spelar på pianoet:

– Kryss for A, og så kryss for D, og vent... Eg høyrer kryss for F.

– Det er magnifique, veit du, ler Manetti. Absolutt magnifique!

Draumen om Edith

Monica Johansen er fødd med cerebral parese, og diggar Edith Piaf. Då ho var fire år gammal høyrde ho stemma til den franske songaren for første gong. Den vesle jenta sat på kjøkenet heime i Tretten i Gudbrandsdalen saman med mor si.

– Eg høyrde ein song på radioen som var veldig kraftfull, og eg forstod at orda ikkje var norske, sjølv om mitt eige språk ikkje var særleg utvikla på den tida. Likevel gjorde stemma frå radioen eit voldsomt inntrykk på meg.

Seinare, då ho hadde fransk på vidaregåande i Lillehammer, forstod ho at stemma ho hadde høyrt tilhøyrde den franske songlegenda Edith Piaf.

– Det var veldig sterkt og gripande, den gongen, fortel Monica.

Sidan har Piaf vore ein viktig del av kvardagen hennar.

– Musikken til Piaf betyr veldig mykje for meg. For det første så slappar eg veldig godt av når eg høyrer på musikken hennar. Det er som om eg gløymer alle vondtar og spasmar og andre problem eg slit med innimellom. Piaf er som medisin for meg.

Sjølv syng Monica så ofte ho kan. Hundrevis av Piaf-songar ligg lagra i hjernebarken. Ho har lenge bore på ein stor draum:

– Det er klart eg har drøymt om å stå på scena i Paris, heimbyen til Piaf, og syngje songane hennar. Men at draumen skulle bli sann...

Ho gav sine siste krefter for å syngje om kjærleiken: Edith Piaf på Olympia i Paris i desember 1960.

DEN VESLE SPURVEN: Edith Piaf er rekna som den største artisten innan fransk populærmusikk gjennom tidene. Ho var kjent for si kraftfulle stemme og sterke nærvær på scena.

Foto: STF / AFP

– Det er ganske hardt, dette livet

Monica Johansen i rullestolen

PÅ VEG: Nokre dagar er gode, andre mindre gode. For Monica er det viktig å tenkje positivt på veg til jobb. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

Monica Johansen kjem med eit hjartesukk på veg frå bufellesskapet i Lillehammer til jobben på Gjenbruket.

– Det tærer på kreftene mine å ha det slik eg har det.

Den motoriserte rullestolen svingar seg inn i heisen som tar henne opp til arbeidsplassen i det kommunale arbeidsfellesskapet. Der har ho som oppgåve å makulere dokument, eller å rive sider ut av bøker Gjenbruket ikkje klarer å selgje.

Ho synest storsamfunnet kunne hatt litt større ambisjonar på hennar vegne.

– Det eg har kjent på er at eg ofte er blitt behandla som meir funksjonshemma enn det eg er. At folk berre ser funksjonshemminga mi, og ikkje den eg verkeleg er. Det har eg slite med heile livet, og gjer det framleis. For eg er ikkje funksjonshemma i hovudet, berre i kroppen.

Monica Johansen riv bøker

PÅ JOBBEN: Monica Johansen riv sider ut av bøker på jobb for Gjenbruket, det kommunale arbeidsfellesskapet ho jobbar for.

Foto: arne sørenes / nrk

Eit tilfeldig møte

Eit tilfeldig møte i ein bokhandel i Storgata i Lillehammer skulle føre Monica Johansen litt nærare draumen om ein gong å få stå på scena i Paris. Skodespelar Eline Holbø Wendelbo hadde akkurat flytta tilbake til heimbyen etter 17 år på dei skrå bredder i den franske hovudstaden:

– Vi kom i prat, og for meg var det jo fantastisk å møte ein person som er så interessert i Piaf som Monica. Det er jo ikkje så mange som er det på vår alder, seier Wendelbo.

For også ho har eit nært forhold til musikken til Piaf, etter at ho som 9-åring såg den kjende oppsettinga med Britt Langlie som Piaf på Det Norske Teatret i 1980.

– Men eg kunne fire Piaf-songar, Monica kan jo over tre hundre!

Stéphane Auvray-Nauroy

FRANSKMANNEN: Skodespelar og Piaf-tolkar Stéphane Auvray-Nauroy.

Foto: arne sørenes / nrk

Dei møttest regelmessig, og fann ut at dei måtte lage ein konsert til hundreårsdagen til Edith Piaf, for å hylle songlegenda. Pianist Arnhild Vik og Sigurd Tingstad på musette-trekkspel vart hyra inn, og frå Paris fekk dei med seg skodespelaren og Piaf-tolkaren Stéphane Auvray-Nauroy, ein gammal kjenning av Eline. Den 19. desember 2015 stod dei på scena i Kulturhuset Banken i Lillehammer, på dagen hundre år etter at Edith Piaf kom til verda.

– Det var ei fantastisk oppleving, seier Monica Johansen. Endeleg fekk folk i heimbyen min sjå litt av den verkelege meg, og det eg brenn for.

Hyller Edith Piaf 100 år

KLAR FOR KONSERT: Sigurd Tingstad, Monica Johansen og Eline Holbø Wendelbo i kulturhuset Banken før konsertpremiera i desember 2015.

Foto: Elin Fossum / NRK

Til Paris

– Pust med magen, Monica! Med heile deg! Pust!

Vi er tilbake i øvingsrommet til Manufacture Chanson i Avenue de la République, like bortanfor metrostasjonen ved den kjende gravplassen Père Lachaise i Paris. Monica Johansen og songpedagog Anouk Manetti er i full gong med ei av utallige øvingsøkter dei har hatt saman i løpet av dei siste åtte åra.

– C´est ca, Monica, C´est ca! Hugs å sitje rett i stolen som Eiffeltårnet, ikkje skeivt som tårnet i Pisa!

Ei veke kvar einaste oktober reiser Monica til Paris med innleigd assistent for å ha intensive økter på den velrennomerte songskulen. Oppsparte midler blir brukt på det ho set høgast her i livet; song, Edith Piaf og Paris.

– Når eg er i Paris er det akkurat som om eg blir ein annan person, seier Monica. Her vågar eg å vere den eg er, for eg er nok litt fransk, smiler ho.

Fransken til Monica er flytande, og mange parisarar møter henne med vantru når ho fortel at ho er norsk og bur i Lillehammer. Songpedagogen Anouk trur at språkøyret hennar heng saman med det musikalske gehøret.

– Ja, heilt klart. Ho kan fortelje kva for toneart bilduren utanfor vidauga har, så ho har eit ekstremt godt gehør. På same måte har ho ingen aksent når ho snakkar fransk. Ho er rett og slett veldig musikalsk, og det høyrer ein også på språket hennar.

songøving

PÅ SONGSKULEN: Monica og Anouk i øvingsrommet på songskulen.

Foto: arne sørenes / nrk

Franske kontaktar

–Eg byrja med fransk i åttande klasse, og jobba veldig hardt for å bli god. Eg hadde bestemt meg for at fransk skulle eg lære ordentleg, ein gong for alle, og ta rotta på folk for å vise kor sterk eg er.

På vidaregåande vart fransk det viktigaste faget, og Monica vart brevvenn med ei fransk jente som etterkvart førte til gjensidige besøk både i Paris og Lillehammer. Framleis held dei kontakten, sjølv om brevvennen no bur i London.

– Den familien har vore heilt eineståande for meg. Eg møter mor til brevvennen min kvar gong eg er i Paris. På mange måtar er ho som ei ekstra mor for meg.

På scena i Paris

Comedie Nation

TEATERET: Comédie Nation i Rue de Montreuil, Paris.

Foto: arne sørenes / nrk

Det er laurdag kveld i det vesle teateret Comédie Nation like ved Place de la Nation aust i Paris. Eit forventningsfullt publikum fyller alle dei drygt åtti sitjeplassane. Unge og eldre, kvinner og menn. Langs veggen og bak i lokalet står folk og strekkjer seg for å få med seg det som skal skje.

– Konserten handlar om tilfeldige møter, seier skodespelar Eline Holbø Wendelbo like før dei går på scena.

Eline Holbø Wendelbo på scena i Paris

PÅ SCENA: Skodespelar Eline Holbø Wendelbo på scena i Paris.

Foto: arne sørenes / nrk

– Om at alt i livet er tilfeldig. Det at eg møtte Monica til dømes. At eg møtte Stéphane. Vi kunne jo ha latt det blitt med det. Men så handlar det jo om å våge å gjere noko ut av desse møta. Om å våge å følgje draumen om verkeleg å ta Piaf til scena i Paris.

For Monica Johansen er denne kvelden ein draum som blir sann.

Ho sit strak som Eiffeltårnet og leverer sitt beste på fleire solo- og fellesnummer. Når den øredøyvande applausen har stilna, blir både ho og resten av ensemblet omringa av parisarar som deler ut klemmar og gratulasjonar. Dei er berørte av den norske tolkninga av nasjonalskatten deira. Ord som "Fantastique" og "Superbement" svirrar i lufta.

Ei seier at ho er rørt, og at forestillinga gav enno meir dybde til dei kjende songane. Ei anna at ho er imponert. Av alle, men særleg av Monica som trass i openberre avgrensingar på grunn av at ho sit i rullestol, likevel skapte ei nerve som gjorde atmosfæren i rommet gripande.

Monica tørkar gledestårene og tar i mot hyllesten.

– Eg vil jo at folk skal sjå meg som den eg er, seier ho. At dei skal sjå den verkelege meg.

Monica Johansen føl draumen om å syngje Piaf i Paris

LØRDAGSREVYEN: Sjå tv-reportasja som gjekk i NRK Lørdagsrevyen 5. november 2016. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK