NRK Meny
Normal

Distriktsprogramrådet i Sogn og Fjordane

Dette er distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane. Det er Kringkastingslova som fastset at det skal vere eit folkevalt råd for kvart distriktskontor, og det vert oppnemnt av fylkestinget for fire år om gongen.

Distriktsprogramrådet for Sogn og Fjordane 2015 - 2019.

Distriktsprogramrådet i Sogn og Fjordane 2015-2019: Bak frå venstre: Karoline Bjekeset (Sp), Bjørn Harald Haugsvær (vara, KrF), Ingvar Torsvik Myrvollen (H) og Tore Storehaug (KrF). Framme frå venstre: Magne Årdal (SV), Eldrid Skudal (vara, SV) og leiar av rådet Monika Oppedal (Ap).

Foto: Oddleif Løset

Monica Oppedal er leiar av distriktsprogramrådet i Sogn og Fjordane.

Dei andre i rådet for perioden 2015-2019 er Ingvar Torsvik Myrvollen, Karoline Bjerkeset, Magne Årdal og Tore Storehaug.

Samtlege medlemmer av rådet er valde av fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.

Distriktsprogramrådet skal uttale seg om hovudlinene i programverksemda til distriktskontoret og om dei programsaker som vert lagt fram av NRK. Rådet skal vere eit bindeledd mellom NRK og lyttarar og sjåarar.

Dersom du er misnøgd eller glad for saker og program som NRK Sogn og Fjordane har laga, er det naturleg å ta det opp med leiinga av distriktskontoret. Men du kan også klage/rose til distriktsprogramrådet.

E-postadressa til leiar Monica Oppedal i distriktsprogramrådet er monica.oppedal@dna.no.