Hopp til innhold

Prisdryss over NRK Sogn og Fjordane

NRK-journalist Bård Siem har fått presseprisen for 2016 etter arbeidet med barnevernssaka i Naustdal.

Presse 2016

STORESLEM TIL NRK: Desse fekk prisane for 2016. Frå venstre Bård Siem, Odd Helge Brugrand, Tone Merete Lillesvangstu og Arne Stubhaug.

Foto: NRK

NRK Sogn og Fjordane stakk av med alle prisane då Sogn og Fjordane journalistlag delte ut fire presseprisar under journalistkonferansen «Hauststormen» i Bergen laurdag.

– Det er veldig kjekt av vi som ein liten redaksjon får heider for kvalitet på så mange ulike felt. Vi viser at vi kan den grundige kvalitetsjournalistikken, den gode forteljinga på nett, vi har eit Barne-TV-miljø av nasjonal klasse, og vi har dei gode bileta, seier ein stolt distriktsredaktør Terje Gilleshammer.

Barnevernssak

Bård Siem fekk presseprisen for å ha sett eit kritisk søkelys på barnevernet i Naustdal som tok fem born vekk frå foreldra. Dette er juryen si grunngjeving:

«Årets pressepris for beste nyheitssak i Sogn og Fjordane går til ei sak som er svært viktig for dei ho gjeld, men ho betyr også mykje for Noreg. Staten har stor makt, og det er heilt avgjerande at journalistar følgjer med på at den makta vert forvalta riktig. Dette er eit vanskeleg felt å skrive om, og mange journalistar vågar seg ikkje inn i det. Fleire har skrive om denne saka, men ein journalist har sett dagsorden fleire gonger, med viktige vinklingar og mange gode spørsmål».

Terje Gilleshammer, Heidi Fagna og Britt Ingunn Maurstad

PRESSEPRISEN: Distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane tok imot prisen på vegner av vinnar Bård Siem.

Foto: Alf Vidar Snæland

Tone Merete Lillesvangstu fekk prisen for beste reportasje i forteljinga om det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster.

«Dette er mest av alt ei godt fortalt historie. Journalisten brukar fleire kjelder og ho har løyst saka førebileteleg godt. Journalisten klarer å få oss til å kjenna nærleik til ei samling med forfalne hus.»

Lyster sanatorium

BYGNINGEN SOM NEKTAR Å DØY: Den raude teglsteinen lyser som blødande sår der murpussen har gitt tapt på det 113 år gamle bygget. Dødsdommen til trass, fascinasjonen for sanatoriet på Harastølen ser ut til å ha evig liv.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Årets Fotopris gjekk til Odd Helge Brugrand for fotoreportasjen om Villmannen på Skåla.

«Villmannen på Skåla er ein mektig og spennande fotoreportasje. Kulissane som omgir Skålatårnet, og dei spesielle arbeidsvilkåra, er utnytta på ein god måte. Kontrasten mellom den dramatiske naturen og dei varme menneskeportretta gjev oss ei eksotisk oppleving.»

Skålamannen

VILLMANNEN PÅ SKÅLA: Høgt over oss alle, på mange av Norges tak, lever ein mann eit arbeidsliv ingen andre har.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Arne Stubhaug og Geir Bjarte Hjetland

VIDEOPRISEN: Fotograf Arne Stubhaug fekk blomar av styremedlem i Hauststormen, Geir Bjarte Hjetland, som delte ut prisen på vegner av fotojuryen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den nye kategorien videoprisen gjekk til fotograf Arne Stubhaug for «Klart eg kan»-episoden om Nora som skal til tannlegen.

«Gjennom ei stødig, trygg og god bildeforteljing er me med Nora gjennom alle døgnets tider og me ventar i spaning på korleis dette skal gå. Filmen brukar flittig innklippsbilder som i særleg høg grad ladar produksjonen med den gode, riktige stemninga. Me er imponert over kor godt fotografen tek i bruk døgnets ulike fargetemperaturar i bileta for å styrka atmosfæren i forteljinga.»

Norsk dokumentarserie. 
Tannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?

NORA HOS TANNLEGEN: Fotograf Arne Stubhaug vann Videoprisen for Klar eg kan-reportasjen om Nora som må trekke to mjølketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for tenk om det er vondt?

Sogn Avis ved Terje Eggum og fleire fekk heiderleg omtale i «beste nyheitssak» for arbeidet med utrekningar av eigedomsskatt i Sogndal. Juryen meiner lokalavisa gjorde akkurat det ei avis skal gjere.

«Journalistane oppdaga uro og ei mogleg politisk tabbe, og dei trykte på med ei rekkje saker dag etter dag. Omtalen har fått konsekvensar, og politikarane måtte rydde opp. Dette er ein viktig jobb i lokalsamfunnet, både for lommebøkene til innbyggarane og for tilliten til dei lokale styremaktene.»

Jan Inge Fardal, Heidi Fagna og Britt Ingunn Maurstad

HEIDERLEG OMTALE: Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avs tok imot prisen på vegner av Terje Eggum.

Foto: Alf Vidar Snæland