Kjell Ove Hauge på veg ut etter pressekonferanse

FERDIG: Kjell Ove Hauge på veg ut etter pressekonferansen då han vedgjekk å ha brukt doping. Han avslutta karrieren med eit kobbel av journalistar etter seg.

Foto: Lars Aamodt / NTB scanpix

Fanga av toppidretten

OSLO/GLOPPEN (NRK): Då Kjell Ove Hauge innrømte doping utan å mukke, vart det stille frå friidrettspresidenten i den andre enden av telefonen.

– Eg hadde drege det for langt. Då gjekk det opp for meg at logikken min likevel ikkje var så smart, seier Kjell Ove Hauge.

Den store mannen set seg godt til rette i enden av sofaen i kjellarstova si i Oslo. Det har gått nesten 20 år sidan 47-åringen stod på terskelen til ein karriere i verdstoppen i friidrett. Ein mannsalder sidan han vart første nordmann som deltok i både kule og diskos i éin og same verdsmeisterskapen.

Men tida har ikkje lega alle sår.

– Eg får framleis vondt i hjartet av å tenkje på det, seier tidlegare friidrettspresident Anne Thidemann.

Oslo, torsdag 30. juli 1998. Journalistane stimlar saman inne på Toppidrettssenteret. I fleire dagar har dei kjent til at ein norsk friidrettsutøvar har testa positivt på doping. Men kven kan det vere? Idet døra går opp kastar journalistane seg på telefonen – «Det er Kjell Ove Hauge!» Nyheita spreier seg som eld i tørt gras heim til redaksjonane.

– Det var ei bisarr oppleving. Eg hugsar enno den spesielle stemninga i salen, seier hovudpersonen sjølv.

Gloppen-kastaren hadde ein månad tidlegare testa positivt på doping. Han hadde fått beskjeden for nokre dagar sidan. På pressekonferansen la han alle kort på bordet.

– Eg såg sesongen og karrieren var i ferd med å gå i vasken, og tok dermed den siste utvegen for å redde ein karriere eg har investert blod, sveitte og tårer i gjennom dei siste 12–15 åra, sa den angrande kulestøtaren til journalistane.

Han forklarte vidare:

– Eg visste at eg tok ein sjanse, men når det stod i mellom dette og å leggje opp, greidde eg rett og slett ikkje å ta det rette valet.

– Det er synd på dei som har trudd på meg og støtta meg, og eg må få seie at det ikkje var på denne måten eg hadde håpa å avslutte karrieren, sa Hauge.

Det var ei bisarr oppleving. Eg hugsar enno den spesielle stemninga i salen.

Kjell Ove Hauge

Han sat i klisteret, slik sju andre norske kulestøtarar dei siste 20 åra også hadde gjort. Og Hauge innrømte alt. Det var alt anna enn vanleg.

– Alle dopingsaker er vanskelege. Men han la alle korta på bordet. Bortforklarte ikkje noko som helst og ville samarbeide til beste for alle partar, seier Anne Thidemann.

Samstundes annonserte det norske VM- og OL-håpet at den innhaldsrike karrieren var over – 18 år etter at han var med på sitt første stemne utanfor heimbygda.

Kjell Ove Hauge blar i album med utklipp om dopingsaka

STERKE MINNE: Kjell Ove Hauge med utklippsalbum som syner oppslaga frå dopingsaka i 1998.

Foto: Rune Fossum / NRK

Øvre Årdal, sommaren 1980. Debutanten gjer seg klar for finale på 60-meter. 11 år gammal har Kjell Ove Hauge og kameratane reist ein heil dag i bil for å komme til krinsmeisterskapen i friidrett. Det gjer inntrykk. For første gong får han prøve seg i ein verkeleg konkurranse. Men finalen blir ein nedtur. Gloppen-løparen kjem i mål heilt sist i feltet.

Kjell Ove Hauge spring i mål i KM-finale

SIST PÅ 60-METER: Kjell Ove Hauge (nr. 2 f.v., startnummer 100) spring inn til sisteplass på 60-meterfinalen under KM i 1980.

Foto: Utklipp frå lokalavis

– Eg var ikkje noko talent i det heile teke. Slett inga barnestjerne, seier Kjell Ove Hauge.

– Eg var så dårleg som du kan bli i langrenn. Og eg var i alle fall ikkje skapt for fotball, ler han.

Hauge var mykje ute i skog og mark då han vaks opp på Sandane i Gloppen. Han var ein av dei aktive gutungane du kan sjå ute heile tida. Men det var først etter at kroppen «sette seg» i 16-årsalderen at den storvokste og lite koordinerte guten byrja å få sving på sakene. På idrettslinja ved Firda vidaregåande skule bestemte han seg for å sjå kor langt han kunne drive idretten.

Gjennombrotet kom då han tok gull i både diskos og kule under junior-NM i 1989.

– Då fall alt plutseleg på plass. Eg var best i Norge. Det var stas, seier Hauge.

Han kom med på det norske juniorlandslaget og deltok i nordisk landskamp. Framgangen var stor. Året etter klatra han for første gong opp på sigerspallen i ein norsk seniormeisterskap med bronsemedalje i kulestøt.

I hovudet mitt var det umogleg å støte over 20 meter i kule. Alle som hadde klart det, hadde blitt tekne i doping.

Kjell Ove Hauge

Resultata var så gode at friidrettsmiljøet i USA fekk det med seg. No kom telefonen med eit tilbod det var vanskeleg å seie nei til. 21-åringen pakka sekken og oppsøkte den amerikanske draumen.

Der venta heiltidssatsing på idrett ved University of Texas i El Paso. Samstundes skulle han ta ein bachelorgrad over fem år.

Det skulle bli hard trening. Mykje hard trening.

– Det tok lang tid før eg forstod at eg kunne bli god. I hovudet mitt var det lenge umogleg å støte over 20 meter i kule. Alle som hadde klart det, hadde blitt tekne i doping, seier Hauge.

Oppslag i Firda Tidend 1992
Foto: Oppslag i Firda Tidend

Han siktar til dei mange dopingsakene som råka norsk friidrett rundt 1990. Det gjorde at også det unge talentet måtte svare på nærgåande spørsmål om doping.

– Eg forstår veldig godt skepsisen som har ramma miljøet, men vi må no få sakene ut av verda, sa han til lokalavisa Firda Tidend.

– Det blir eit problem, men det er fullt mogleg å støte 20 meter utan doping, sa Hauge til Aftenposten.

Det losna med ny trenar og betre forståing for periodisering i treningsarbeidet. Det unge talentet vart pressa endå hardare. Kunne vere oppe i 35 dagar samanhengande utan treningsfri før dei sleppte opp på hardtreninga.

Før universitetsmeisterskapen i 1994 sette Hauge stadig nye personlege rekordar. Han vann klassiske friidrettsstemne som Texas Relays i Austin og Drake Relays i Des Moines. I det store conference-stemnet i Fresno California tok han gull i både kule og diskos. Der vart han også kåra til beste utøvar uansett grein.

Han var ein av dei store favorittane før finalane.

Kjell Ove Hauge støyter 20 meter for første gong

MILEPÆL: Kjell Ove Hauge i den amerikanske universitetsmeisterskapen i Boise, Idaho, der han støytte over 20 meter for første gong.

Foto: Chell Hill / Wikimedia Commons

Boise, Idaho, våren 1994. Kjell Ove Hauge er irritert på seg sjølv. Han kunne ha vunne den amerikanske universitetsmeisterskapen i diskos, men rota bort sigeren med tullefeil. No skal han vise kva han er god for i kule. Nordmannen kliner til med 20,07 meter. Det held til andreplass – plassen framfor den seinare tredoble verdsmeisteren John Godina. Han jublar opp mot tribunen. Der ropar trenaren tilbake: «Kjell, don't be satisfied!»

– Det var ein milepæl for meg. Men han såg at eg hadde meir inne. Meinte eg berre så vidt hadde byrja, smiler Hauge.

Vinnaren var den internasjonalt dopingutestengde Georgia-kastaren Brent Noon. Han fekk vere med i amerikansk idrett på grunn av andre reglar enn i utlandet.

Oppslag om 20,37 meter i kule

STOR AUGNEBLINK: Kjell Ove Hauge støytte 20,37 meter i kule, og vart omtalt i stort oppslag i Aftenposten.

Foto: Oppslag i Aftenposten

Tilbake i Norge venta full sesong, med EM i Helsingfors som det store høgdepunktet. Meisterskapen vart eitt av dei aller beste sett med norske auge. Gullgenerasjonen med Geir Moen, Steinar Hoen og Trine Hattestad i spissen tok heim tre gull, to sølv og ein bronse.

For Hauge vart det derimot ein nedtur.

– Eg var 25 år, og burde ha vore meir rutinert – men var det ikkje. Det var den første store meisterskapen min, og eg var utlada etter vårsesongen i USA. Det var ein nedtur, seier han om den skuffande 23.-plassen med 18,23 meter i kule.

Han tok likevel sitt andre NM-gull på rad. Han vann europacupen i diskos i Istanbul. Han var blitt så god at han byrja å tene litt på idretten. Fekk premiepengar i Finland, Italia og Tyskland. Kunne leggje seg opp litt pengar.

Kjell Ove Hauge hadde fått seg eit namn. No skaffa han seg også eigen agent, som sende han rundt i verda på stemne. Og det vart lettare å skaffe seg sponsorar.

Det lokale energiverket vart hovudsponsor. Hauge profilerte dei med slagordet «Gloppen E-verk og Kjell Ove Hauge – rein kraft og energi».

Diplom og bevis på All-American-status

DIPLOM FRÅ USA: Kjell Ove Hauge vart gjennom resultata sine heidra som såkalla 'All American'.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han var gjennom resultata frå året før kvalifisert til VM i 1995, men han vart likevel ikkje teken med. Difor var det store målet å komme med til OL i Atlanta i 1996. Hauge hadde fleire resultat over det internasjonale OL-kravet i kule på 19,50 meter. Einaste problemet var at det norske OL-kravet vart sett til 20,00 meter.

Hauge vart dermed vraka frå sin andre store meisterskap på to år. Også OL-draumen gjekk i vasken trass fleire topp fem-plasseringar i Grand Prix-serien (blir no kalla Golden League, journ. mrk). Av 38 utøvarar i OL hadde 16 av dei dårlegare resultat enn glopparen. Det hjelpte ikkje at mange kjempa for å overtale Olympiatoppen.

Då han seinare fekk delta i Grand Prix-finalen i Milano, som ein av åtte utøvarar, kom konkurrentane bort og spurte om han hadde vore skada sidan han ikkje var med i OL.

– Det er det største nederlaget i karrieren min. Det å kunne seie at du er ein «olympian» betyr svært mykje i friidrett. Berre det å ha det på CV-en er eit ekstremt fortrinn for eksempel overfor sponsorar, seier han.

– Det var så skuffande at eg vurderte å leggje opp. OL var det store målet mitt. Det heng så høgt, og var noko eg hadde sikta meg inn mot sidan gymnaset, seier han.

Medan mange av kameratane hans frå barndommen byrja å jobbe, kjøpe hus og stifte familie, ville Hauge likevel sjå kor langt han kunne drive idretten. Dei store pengane var no oppnåelege. Han bestemte seg for å halde fram. Ville vere med til VM i Athen året etter.

Det var så skuffande at eg vurderte å leggje opp

Kjell Ove Hauge

Og nok ein gong fekk han framgang. Vinteren 1997 støytte han 20,37 meter i eit innandørsstemne i Genova. Det gav han plass i innandørs-VM i Paris. Der vart han nummer 11 – det beste i karrieren så langt. Det låg an til å bli ein god sesong. No fekk han også ein god del betre betalt for å stille opp i internasjonale stemne.

Den våren kasta han diskosen 66 meter på trening. Det hadde vore langt nok til gull i alle NM i moderne tid. Men Hauge heldt fram satsinga på kule.

Det betalte seg i form av to billettar til eitt og same VM:

28-åringen fekk vere med til Athen både i diskos og kule. Han er til dags dato den einaste nordmannen som har vore med i VM i to tekniske øvingar.

Men han klarte ikkje å halde på vårformen. I VM vart det skuffande 25.-plass i kule og 32.-plass i diskos. Det var det siste verda fekk sjå av Kjell Ove Hauge i ein meisterskap.

Kjell Ove Hauge set personleg rekord i kule

REKORD: Kjell Ove Hauge set den personlege rekorden sin på 20,37 meter i kulestøt innandørs i Genova i 1997.

Foto: Calle Törnström / NTB scanpix

Sandane, vinteren 1998. Kjell Ove Hauge kjenner seg sterk der han trenar saman med dei andre utøvarane frå Gloppen. Han har gjort eit godt arbeid denne vinteren. No vil han vise fram spensten for dei andre. Han tek sats og hoppar. Men landinga går skeis. Han kjenner ein intens smerte idet muskelen i det høgre i låret blir sliten av. Kastaren ser heile innandørssesongen gå i vasken.

– Budsjettet mitt heldt på å sprekke, men eg måtte tilbake til USA der eg hadde fysioterapeuten min. Han behandla meg med isvatn. Men då eg byrja å kaste igjen, vart eg blå rundt kneet, seier Hauge.

Han innsåg at karrieren var i fare. Så snart han kom i gang med trening, fekk han nye blødingar. Han måtte ta stadige pausar. Nye rundar med fysioterapeut. Ny trening, nye blødingar.

Sjølvsagt var det mi eiga dumme avgjerd å bruke dop

Kjell Ove Hauge

Gode råd var dyre.

– Då ringde eg ein kompis og spurte om han kunne skaffe meg noko som kunne få fortgang i sakene, seier han.

Muskelavrivinga truga med å velte både EM-sesongen og karrieren. Løysinga vart det ulovlege stoffet dianabol, eit anabolt steroid også kjent som «russar-dop».

– Eg vart temmeleg desperat då eg såg kor lang tid det tok å komme tilbake igjen etter skaden, har Hauge sagt i media.

Han forklarer:

– Eg måtte få inntening, eller så måtte eg leggje opp. Eg tok sjansen...

Kulestøtaren tok ein kur på seks-sju veker og fekk ein umiddelbar effekt. Han vart raskt betre i låret. Og han kjende seg monaleg sterkare etter berre ei veke. Det var nesten uverkeleg.

Etter planen ville han vere ganske trygg i dopingkontrollar, dersom det gjekk ti dagar etter kuren. To veker utan doping ville gjere han safe. Hauge valde å halde seg rein i tre veker før han stilte opp i stemne.

I Grand Prix-stemnet i Eugene, Oregon vart han nummer tre med sitt tredje støt over 20 meter i karrieren. Like etter vann han eit europacupstemne i Malmø med nok eit støt over den magiske grensa.

Kjell Ove Hauge heime på Sandane

HEIME: Kjell Ove Hauge bestemte var aldri i tvil om at han skulle leggje alle korta på bordet då han vart avslørt som dopar. Han åtvarar andre utøvarar mot doping.

Foto: Rune Fossum / NRK

Under ei treningsøkt på Toppidrettssenteret vart han plukka ut til dopingtest. Han var heilt trygg på at testen ville vere negativ. Så reiste han tilbake til Florida for å trene hardt og førebu seg til EM.

Florida, søndag 26. juli 1998. Telefonen ringjer. Det er ei kjend stemme. Ho presenterer seg som Anne Thidemann. Kjell Ove Hauge innser med éin gong kva som har skjedd. Då friidrettspresidenten spør om det stemmer at han har dopa seg, vedgår han det med éin gong. Det blir stille i den andre enden.

– Eg la alle kort på bordet. Bestemte meg for å leggje opp. Og eg har aldri sett meg tilbake, seier Hauge.

Han reiste tilbake til Norge og møtte eit samla pressekorps på Toppidrettssenteret. Der stod han fram som ein angrande syndar. Vedgjekk at han burde ha lagt opp framfor å dope seg.

Men kvifor valde han å ta ein dopkur?

– Eg visste at anten legg eg opp eller så må eg dope meg for å komme tilbake. Tanken min var «who cares?» Det høyrest ikkje bra ut, men den gongen levde eg i ei boble, seier Hauge.

– Hadde eg hatt ein positiv støttespelar rundt meg, hadde eg kanskje tatt eit betre val, men det hadde eg ikkje.

Han stod på terskelen til å bli ein av verdas aller beste kulestøtarar. Store pengar frå sponsorar, bonusar og premiar var freistande. Hauge var fanga av toppidretten.

– Sjølvsagt var det mi eiga dumme avgjerd å bruke dop. Men det har vore ei merkeleg karriere. Eg har kvalifisert meg til fleire meisterskap utan å få vere med, sa han på pressekonferansen.

– Eg var for nær toppen til å leggje opp. Det var lettare å sjå framover enn bakover, forklarer han overfor NRK.

– Var du desperat?

– Nei. Det var eit dumt val, men det er noko eg må stå for. Difor er det heller ikkje noko eg går og angrar på – det er mykje betre å lære av det, seier Hauge.

Friidrettspresident Anne Thidemann tar tak i den dopingavslørte kulestøteren Kjell Ove Hauge

SKUFFA: Ein svært skuffa friidrettspresident Anne Thidemann tar tak i Kjell Ove Hauge på pressekonferansen då det vart kjent at kulestøtaren var dopingavslørt. Han var kvalifisert til friidretts-EM i Budapest, men vart utestengd og la opp.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Han hugsar framleis kjensla då han kom ut frå pressekonferansen med journalistar og fotografar i hælane. Mannen som hadde vore ein beinhard motstandar av doping heilt sidan tida på vidaregåande, var plutseleg dopingavslørt. Og jaga vilt.

Det var ei sterk oppleving eg gjerne skulle ha vore forutan

Anne Thidemann

– Det var eit helvete å utlevere seg på denne måten. Det de skriv no avgjer livet mitt. Om eg får jobb seinare, ja, alt, sa kulekjempa til VG.

– Så kvifor tok du valet om å dope deg?

– Det var ei haldning som nok smuldra bort når eg såg kven som vart gode og korleis dei fekk framgang. Då eg stod der åleine i 1998, var haldningane mine svakare enn tidlegare i karrieren. Det var lettare å gå over terskelen, seier 47-åringen.

– Tok du nokon gong doping før dette?

– Nei. Eg heldt meg på matta heile vegen.

Midt oppe i stormen stod Anne Thidemann. Norsk friidrett var inne i ein gullalder då dopingsaka slo ned som lyn frå klar himmel. Det var tøffe dagar for friidrettspresidenten.

– Det var ei sterk oppleving eg gjerne skulle ha vore forutan. Men medan alle andre dopingsaker har vore øydeleggjande, var dette noko som har gitt meg noko. Eg har hatt det med meg heilt sidan den gongen, seier Thidemann.

Opslag i Bergens Tidende om dopingsaka

DOPSJOKKET: Slik såg oppslaget i Bergens Tidende ut etter pressekonferansen med Kjell Ove Hauge.

Foto: Rune Fossum / NRK

For Hauge tilstod med éin gong då ho ringde. Det gjorde at jobben hennar vart lettare. Alle partar vart fort ferdige med saka. Det var til det beste for norsk friidrett.

Thidemann blir grautete i stemma. Ho fekk eit godt forhold til bamsen frå Sandane.

– Det finst inga unnskyldning for å bruke doping?

– Absolutt ikkje. Doping er forbode. Utøvarane må vite kva dei gjer og kva dei puttar i seg. Men samstundes er det nokre krefter som gjer at ein kan komme inn i ei eiga boble. Kjem du inn i dei rette miljøa, kan det vere lett å bli freista til å legitimere slike val. Det kan eg forstå – men ikkje akseptere, seier Thidemann.

Ho legg til:

– Det er noko idretten må lære av. Dessverre var vi ikkje gode nok til det den gongen.

Hauge gløymer nok aldri telefonane han måtte ta til familie og sponsorar. Men han hadde bestemt seg for å stå for det han hadde gjort.

Tilbake i heimbygda måtte han rydde opp for hovudsponsoren, som hadde profilert han på rein kraft og energi. «Gloppen E-verk føler seg lurt», skreiv Bergens Tidende. Då elevar frå skulane vart inviterte til e-verket for å lære om vasskraft, fekk dei også møte Hauge som fortalde historia si.

Mest skuffa vart bestefaren.

– Han var min største fan. Reiste på NM for å sjå meg kaste. Han vart nok litt desillusjonert på toppidrett etter det som skjedde, seier Hauge.

– Det er nok det eg har dårlegast samvit for, legg han til.

Det var ikkje slik eg ville avslutte karrieren. Samstundes vil eg åtvare alle andre utøvarar som nokon gong kan komme i ein liknande situasjon. Ikkje gjer det same valet.

Kjell Ove Hauge til VG, 31. juli 1998
Rektor Kjell Ove Hauge på Kuben med Jonas Gahr Støre

REKTOR: Kjell Ove Hauge på Kuben videregående skole saman med Jonas Gahr Støre.

Foto: Kuben videregående skole

Hauge hadde bestemt seg for å gå vidare i livet. Han starta som lærar på idrettslinja ved ein vidaregåande skule i Oslo. Der var doping ein del av læreplanen, og den tidlegare kulestøtaren brukte seg sjølv og si historie i undervisninga.

Dei siste åra har han vore rektor ved den største vidaregåande skulen i Oslo. Kuben videregående skole kosta to milliardar då den vart bygd. Det er Norges dyraste skule.

For Kjell Ove Hauge tok livet ei brå vending. Og kanskje hadde bestemor eit poeng då barnebarnet ringde og fortalde at han hadde testa positivt på doping:

«Det var nok til det beste. Så kan du slutte med den stygge toppidretten».

Kjelder: VG, Dagbladet, Wikipedia

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost