Hopp til innhold

Legg ned gard som har vore i drift sidan vikingtida

Sidan 1999 har over 29.000 gardsbruk blitt lagde ned i Norge. Norvald Bukkestein er ein av dei som sende sauene på slakt for siste gang i år.

Norvald Bukkestein saman med sauene

NÆRT FORHOLD: Norvald Bukkestein har vore småbrukar heile sitt yrkesaktive liv.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– I dag kan ein ikkje leve av det, men vi veit ingenting om korleis det er om tjue år. Alt kan bli snudd på hovudet og at det vert for lite jord. Då kan det vere at dei får bruk for garden min igjen også, seier Bukkestein til NRK.

  • Sjå programmet om Norvald Bukkestein i serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu":
    Norsk dokumentarserie. Norvald Bukkestein er eit naturprodukt, forma av eit langt og tidvis einsamt liv på den vetle og veglause slektsgarden ved Veafjorden. Tida ser ut til å ha gått i frå både han og garden, men så får nokon bruk for kunnskapene dette livet har gitt han. (5:6)

Småbrukaren ved Veafjorden i Hordaland er berre ein av mange tusen norske bønder som har blitt tvungen til å leggje ned drifta dei siste åra.

– Eg har ikkje levd av sauene, men for sauene. No når dei er vekke har eg lite her å gjere. Det blir tungt, innrømmer småbrukaren.

Historiske kjelder at det har vore gardsdrift samanhengande på Bukkestein sidan vikingtida. Berre svartedauden sette garden ut av spel i nokre få år.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner tydeleg at han ikkje er åleine om å gje opp tradisjonell gardsdrift. Medan det ved tusenårsskiftet var over 70.000 gardsbruk i Norge, var det i 2015 i overkant av 41.000 igjen.

– Må skape optimisme

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, meiner at bondeorganisasjonane og politikarane har eit delt ansvar for å gjere noko med alle nedleggingane.

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde

POLITISK LØYSING: Politikken og det å ville skape inntektsgrunnlag for dei mindre gardane er alfa og omega, meiner Anders Felde i bondelaget.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Trenden med at alt skal vere meir og meir effektivt rullar og går uansett kva slags regjering som styrer. Det er utfordrande, men eg håpar at vi skal greie å snu dette, meiner Felde.

Han peikar på at særleg langs kysten av Norge er mykje landbruksareal og mange gardsbruk lagde ned. Særleg er det mange deltidsbønder som ikkje lenger ser nokon moglegheit til å drive vidare.

Ser ei utflating

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) peikar på at nedgangen i talet på bønder og gardsbruk har flata ut litt dei siste åra.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale etter presentasjonen av Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen fredag.

TRENG BØNDENE: Statsråd Jon Georg Dale vonar at nedgangen i talet på gardsbruk vil flate meir ut.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det trur eg er bra. Samstundes er det slik at det viktigaste av alt er at vi klarer å produsere meir mat. Sidan 1959 er matproduksjonen i Norge auka med 85 prosent. Vi må halde fram med å auke denne, og då treng vi mange bønder, meiner Dale.

Norvald Bukkestein på Bukkestein

GAMLEMÅTEN: Norvald Bukkestein har brukt mykje av tida si på garden i Veafjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Første jul utan dyra

På Bukkestein i Hordaland blir det for første gong julefeiring for Norvald Bukkestein utan dyr på garden. Sjølv skal han etter planen sjølv flytta frå garden og til ein omsorgsbustad på Stamnes etter jul.

– Det er vemodig, det må eg berre seie. Det var ilt å måtte sende dei siste dyra til slakt. Det er dyr, men det vert nærast som nokre kameratar likevel, avsluttar Norvald.