Bente Aust på Langfjordnes
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Heimlengsla blei for sterk

Av og til lengtar du så sterkt heim at du ikkje klarer å la vere å flytte.

LANGFJORDNES (NRK): Då Bente Aust (52) vaks opp budde det om lag 60 menneske i det idylliske fiskeværet ved Tanafjorden i Finnmark. I dag er det sju fastbuande.

Fram til få år sidan budde ho i den største byen i Finnmark, Alta. Der var Bente kjend for dei fleste som bartender, resepsjonist, vinkjennar og idéutviklar. No er det heimstaden ho utviklar.

Laster kart, vennligst vent...

– Eg var jo aldri heilt vekke. Eg har brukt alle feriane mine her, til plage for sønene mine når dei var i tenåra. Vi måtte hit kvar sommar. Eg har alltid sagt at ein gong skal eg bu på ei aude øy, og den aude øya skal vere Langfjordnes for her er det ikkje veg.

Saman med kjærasten Tore har ho brukt time etter time og store summar på å ruste opp att fleire bygningar i Langfjordnes. Blant anna dampskipsekspedisjonen, som slekta hennar dreiv i mange år. Alt for å gjere bygda så levande som mogleg, sjølv om folketalet kan teljast på to hender.

– Må tole stillheita

For sjølv om Langfjordnes ikkje har mykje folk, veg, hotell eller vinmonopol, så er det så uendeleg mykje anna. Det er dramatiske landskap, høg himmel og vêrgudar som tidvis set tolmodet på prøve. Og så er det stille, tidvis uendeleg stille.

– Sjølv elskar eg jo folk, med musikk og lydar og støy, og alle jobbane mine har vore i lag med masse folk. Men det er deilig å kome hit og ikkje høyre ein lyd, anna enn lyden av naturen. Det er fantastisk, seier Bente Aust.

I TV-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu får vi vere med på mange av dei opplevingane Bente etter kvart føler er daglegdagse, men som for andre er eksotiske og framande. Anten det er rypejakt i småskogen eller krabbefangst i Tanafjorden, opplevingar som ligg rett utanfor stovedøra til Bente.

– Eg tykkjer eg er kjempeheldig som har det så fint, fortel Bente og tek med NRK opp i lia for å syne fram rypefellene ho har sett opp.

Ingen ryper har blitt lurt i fella denne gongen, men stadig vekk kan ho hente gourmetmaten rett frå naturen. Ein ressurs ho set stadig større pris på, særleg etter at ho bestemte seg for å flytte frå Alta til den vesle heimstaden i Aust-Finnmark.

Langfjordnes i Finnmark

FJORDIDYLL: Langfjordnes ligg om lag midt i Tanafjorden i Finnmark.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Mange vel å flytte heim

Bente Aust lengta heim, og gjorde noko med det. Statistikken syner at ein av fire flyttar heim til den staden dei har det næraste forholdet til i løpet av livet.

Ved Norsk senter for bygdeforsking i Trondheim, har sosiolog Mariann Villa studert nøye kvifor nokon flyttar ut og kvifor ganske mange av dei finn vegen tilbake til bygda si etter nokre år.

Mariann Villa, Norsk senter for bygdeforskning

FORSKAR: Mariann Villa er sosiolog og har forska mykje på kva som gjer at folk kjem heim til bygda.

– For mange handlar det om heimlengsel som dei må gjere noko med. Eg trur det har med røter å gjere. Om du verkeleg føler at du kjem frå ein plass, så er det naturleg å lengte heim dit., seier den anerkjende forskaren.

Ho fann ut at det å flytte tilbake til bygda var noko dei fleste hadde tenkt på ei tid og at det var ikkje noko som kom ut av det blå. Mange av dei ho forska på fortalde også om verdien av å la ungane vekse opp i det same, trygge miljøet dei sjølv hadde opplevd som barn.

– Det handla om nærleik til familie, nærleik til nettverk som dei opplevde at dei hadde på heimplassen. Kjensla av trygge oppvekstvilkår, lettare og tryggare å vekse opp enn i ein større by. Alt var på ein måte enklare, mindre kø og mindre ureining.

Tore Wæraas og Bente Aust satsar på eit liv saman på veglause Langfjordnes i Finnmark.

KJÆRASTAR: Bente Aust og Tore Wæraas er saman om det gode liv og om restaureringa på Langfjordnes.

Venta til ungane var store

For Bente Aust kom ikkje tida for heimflytting til Langfjordnes før dei to sønene hennar var blitt vaksne. Å bu med to små barn i den vesle bygda var ikkje aktuelt.

– Eg har jo vore gift og har hatt eit par kjærastar til, men ingen av dei har vore så glade i Langfjordnes. Kanskje var dei litt meir glad i meg enn i bygda eg kom frå, seier Bente og ler.

Men så for om lag ti år sidan møtte ho mannen i sitt liv. Tore Wæraas, ein gong slaktar og pølsemakar, no eigar av ei mengd eigedomar i Alta og lokal kjendismillionær.

– Eg sa til alle at om eg skulle finne meg nokon så må dei vere glade i Langfjordnes. Tore er nesten meir glad i staden enn han er i meg, ler Bente, som no mellom anna jobbar med administrasjon i selskapa til kjærasten.

Med eigne hender har dei sveitta og bygd, restaurert og malt. Alt for å føre Langfjordnes attende til det som var Bente sitt barndomsparadis. Saman står dei også bak festivalen Langfjordnesdagan, som har blitt svært populært. I nokre dagar kvar sommar blir folketalet i bygda mangedobla, og dei har leigd inn eige hotellskip for å få plass til alle gjestene.

Charles Jensen i Langfjordnes

GOD NABO: Charles Jensen på 85 er ein av dei andre fastbuande igjen på Langfjordnes.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Pendlar 40 mil kvar veg

Tre av fire helger i månaden, og elles når han har fri, kjem Tore til Bente på Langfjordnes. At det er 401 kilometer å køyre bil frå Alta og ta båt siste biten, ser han ikkje på som noko problem.

– Nei, det går fort. Eg har ein god bil å køyre og eg høyrer på radio eller snakkar i telefon, gliser han. Vel vitande om at i Sør-Norge ville det vere nærast utenkeleg å pendle avstanden Oslo–Bergen.

Dei kunne saktens hatt råd til å leige inn arbeidsfolk til å gjere jobben med restaurering og oppussing. Men dei vil gjere det meste sjølve, og med internett, fasttelefon og skyssbåt som kjem med og hentar post går det heilt fint å jobbe frå den veglause grenda.

– Det har vore ein rikdom for meg å få vere med og byggje opp det ho Bente overtok og arva etter foreldra. Dei siste åra har eg vore her om lag 200 dagar i året, og det blir sikkert ikkje mindre no framover, seier Tore og held eit godt tak rundt kjærasten.

Forskar Mariann Villa forstår godt at Bente valde å ta steget om å flytte heim. Ho trur at mange har ei dragning mot heimstaden–nettopp fordi dei føler eit ansvar for å føre tradisjonane vidare. At Bente Aust tok det lange steget frå bylivet i Alta til eit liv i ei bygd utan vegsamband, er ikkje så overraskande, meiner ho.

– Folk lengtar heim. Sjølv om dei færraste kan flytte tilbake til plassar der du verkeleg ikkje skulle tru at nokon kunne bu, rett og slett på grunn av mangel på veg, elektrisitet eller kva det måtte vere. Om ein føler tilknyting til ein stad og har moglegheita til å gjere det, så er det fullt forståeleg.

Bente Aust i Langfjordnes
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ville ikkje gå i fella

På Langfjordnes har den kalde og sure seinhausten gripe tak om tilværa. Mørketida kan virke dyster på mange, og det er ikkje mange lysa å sjå langs Tanafjorden i slutten av november. Men sjølv om Bente Aust og kjærasten Tore kunne sett seg på eit fly og reist sørover og kvar som helst i verda, så er ikkje det noko alternativ.

– Det er mange som har sagt til oss at vi jo berre kan reise. Men eg har ikkje noko behov for noko som er glasert og falskt, og på Gran Canaria hentar dei sand frå Sahara. Det vi har rundt er ekte, både sanden og atmosfæren, seier Bente

Ho og veit at det er ikkje gitt for alle å flytte til ein stad som dette, sjølv om heimlengsla er å sterk at ikkje ein gang ti ville oksar kunne halde ho tilbake. Ho ville ikkje vere den som til slutt sat på sjukeheimen og tenkte på alt ho ikkje fekk gjort.

– Eg ville ikkje gå i den fella. For ein ting er å planlegge og tenke og så blir det ikkje noko av. Så gjorde deg det og brukar fjellet, køyrer båt, joggar og badar. Eg gjer alt eg ville gjere. Det er ikkje sikkert eg hadde orka det når eg blir pensjonist.