Magne Sylvarnes

STOLT: Magne Sylvarnes vil halde garden sin i hevd så lenge han kan. Hesten Lilly er lukkeleg uvitande om dei store endringane i landbruket i Norge.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I pakt med det gamle

Magne og Lilly kjempar seg nedover dei bratte bakkane. Slik forfedrane hans har gjort det i hundrevis av år.

SYLVARNES (NRK): 62-åringen Magne Sylvarnes støttar seg til steinmuren og ser ut over sitt eige kongerike. Bratte, men velhaldne grasbakkar. Akkurat nok areal nok til å skaffe fôr til kyr, hestar og sauer. Akkurat stort nok til at tusenvis av turistar som seglar forbi i cruiseskipa på Sognefjorden kan sjå at det bur og jobbar folk der ingen skulle tru.

– Eg tykkjer det er kjekt dette her. Det er gamaldags, men det er ikkje tungvint, det er lett arbeid. Eg er oppvaksen med det og har gjort det heile tida, så det er heilt naturleg for meg. Det går veldig bra, fortel Magne, medan den staute fjordingen Lilly kjem gangande.

I dei bratte bakkane utan vegar, verken på garden eller til anna folk, er det framleis hesten som er traktoren. Dei er eitt, Magne og fjordingen, der dei vandrar ned att den bratte lia for nye arbeidsoppgåver.

Sylvarnes ved Sognefjorden

FJORDIDYLL: Sylvarnes ligg veglaust til på sørsida av Sognefjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ingenting går til spele

– Lilly er så innarbeida med dette at ho veit akkurat kva ho skal gjere. Til meir du brukar hesten til betre blir dei. Dei har ikkje godt av å berre stå på stas og ikkje gjere noko.

Magne sørgar for at hesten og dei andre dyra på den veglause garden ved fjorden hjelper til med å halde landskapet i hevd. Det urgamle kulturlandskapet som kjenneteikna Norge, er i ferd med å forsvinne, sakte men sikkert.

Industrialiseringa av landbruket må ta mykje av skulda, det var ikkje lenger behov for å hauste frå utmarksbeita. Slått, brenning og lauving vart det nær heilt slutt på og etter kvart er attgroinga svært tydeleg mange stadar. Slik vil ikkje Magne Sylvarnes ha det.

Året rundt, er dyra og garden fremst i tankane til ungkaren. I grenda bur også mor hans, og nokre få naboar. Dei har ikkje mange, men dei har kvarandre, kvar einaste dag.

– Eg trur det var meininga at eg skulle styre med dyr, natur og alt som følgjer med det, seier Magne Sylvarnes.

På garden blir heile arealet brukt, og sjølv småskogen blir framleis lauva med det gamle verktøyet snedel. Eit tradisjonelt verktøy som ein blant anna finn att i kommunevåpet til Vik kommune, der Sylvarnes ligg.

Her går ingenting til spille, alt blir brukt til fôr til dyra og det har bonden ingen planar om å endre på.

– Eg gjer det slik eg blei opplært til. Her er det ikkje hjelp i med nokon lettvinte løysingar, då blir det berre bal. Ein må gjere det slik ein er vande med å gjere det.

Forskar på beiteressursane

På Tingvoll, nokre timar køyring lengre nord på Vestlandet sit forskaren Håvard Steinshamn på Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Sidan 2013 har han, saman med andre forskarkollegaer forska på korleis betre utnytting av beiteområda i Norge kan gje betre grunnlag for drift og økonomi.

Steinshamn er glad for at det framleis finst bønder som Magne Sylvarnes, som føl dei gamle tradisjonane og som ikkje let areal stå brakk og attgrodd, fordi dei ikkje lenger har nokon verdi.

Eg tykkjer det han gjer er veldig interessant, imponerande og fascinerande. Dei bøndene er faktisk ein veldig viktig kjelde for oss fordi dei har ein referanse som vi kan bruke. Dei held ved like ein tradisjon.

Stadig færre bønder

Forskar Håvard Steinshamn

FORSKAR: Håvard Steinshamn i NIBIO har saman med kollegaer forska på bruk av beiteområde.

Foto: Olaf Østbø / NIBIO

I mange generasjonar var småbøndene drivkrafta i den norske økonomien. Men med tida blei det tøffare og hardare for dei fleste, uansett kor romantisk det framstod for dei som såg det heile utanfrå.

Forskar Håvard Steinshamn legg vekt på at det gjennom hundrevis av år var naudsynt å utnytte alt ein hadde tilgjengeleg på garden.

– Det var det ressursgrunnlaget som var her til lands. Dei bøndene som framleis driv på den måten, sit med ein kunnskapsbase som er viktig, i alle for meg som landbruksforskar.

Men det blir stadig færre småbønder i Norge. Ein villa landbrukspolitikk dei siste åra gjer at stadig fleire bønder, ikkje minst i sentrale strok, slår drifta si saman til fellesbruk. Bønder som Magne på Sylvarnes er i eit stadig aukande mindretal.

I 1998 var det over 24.000 mjølkebruk i Norge, i dag er det ikkje meir enn om lag 8800 mjølkebønder igjen. Ein av dei er Magne Sylvarnes. Men han har ingen planar om å stengje fjøsen og gje seg. Det er dette som er livet for han. For han handlar det lite om politikk, men om viljen til å gjere det på den måten forfedrane har gjort det.

Tykkjer det er inspirerande

På andre sida av langfjella sit ein sauebonde i slips og dress frå Dalsfjorden i Volda på Sunnmøre. Odelsguten Jon Georg Dale gjekk i desember i fjor inn døra til Landbruks- og matdepartementet og blei Frp sin nye statsråd. Han hevdar å bli trudd på at han let seg inspirere av småbønder som Magne Sylvarnes.

Jon Georg Dale, landbruksminister

STATSRÅD: Jon Georg Dale er sjølv odelsgut.

Foto: Jannicke Susann Farstad

– Eg har alltid late meg fascinere over dei, ikkje minst fordi ein ser at det er verdiar og motiv som driv dei, enn berre dei reint økonomiske. Det eg tykkjer er inspirerande er at dei tek vare på kunnskapen som har gått i generasjonar i norske bygdesamfunn, seier Dale.

Det må vere plass til sjølvstendige bønder, som er villige til å ofre det meste for å sikre dyra eit best mogeleg liv i pakt med jorda, også i det moderne samfunnet, meiner landbruksministeren.

– Dei held oppe den verdien slik at også nye generasjonar får tilgang på kunnskapen. Dei bidreg også til å ta vare på sin del av det norske landskapet, fordi at dei vil og meiner at dei kan få det til. Det er utruleg artig å sjå folk som klarer å utnytte ressursane på garden så godt som mogeleg, sjølv om ikkje bruka er store, fortel ministeren på telefon frå hovudstaden.

Magne Sylvarnes driv gard på gamlemåten på Sylvarnes i Sogn.

Ny mjølk blir til gamal ost

Til Oslo har Magne Sylvarnes sjelden eller aldri noko behov for å reise. Han har meir enn nok med husdyra og dei bratte bakkane, som nærast stuper ned i verdas lengste isfrie fjord. Skal han reise derifrå, så må han vente på skyssbåten. Men båten kjem berre tre gonger i veka, og for Magne er båten sin viktigaste funksjon at den tek med mjølka kyrne hans produserer.

– Båten hentar tanken og reiser til Vik med den og køyrer den opp på meieriet. Det er gamalostproduksjonen dei brukar mjølka mi til. Gamalosten er populær den, så det er bra stoff. Eg er no med og bidreg litt.

– Men det er jo den mjølka som er levebrødet ditt?

– Ja, det er no heilt sikkert.

Lønsamt å utnytte beita

Men det er ikkje berre mjølkebøndene det blir færre og færre av i Norge. Det samla arealet for produksjon og beite går raskt nedover i mange fylke, ikkje minst i småbruksfylka i vest og nord.

I forskinga på beiteressursane, har Håvard Steinshamn og kollegaene funne ut at det er lønsamt å halde jorda i hevd ved å la dyra beite, og dermed utnytte ressursane. Nettopp slik Magne Sylvarnes gjer det på sin veglause gard.

I forskinga har dei også sett på kvifor stadig meir areal blir liggjande brakk, og ser mellom anna at det ikkje berre er dei økonomiske endringane i landbruket som har skulda for at deler av landet gror att.

– Ein ting er det økonomiske ved det, det kostar å gjerde dei inn og det må vere av ein viss storleik. Eg trur også det er ein del utfordringar knytt til sosiale fenomen. Det kan til dømes vere at ein del av arealet er fritidseigedomar, der dei som eig ikkje vil ha dyr. Og det er heller ikkje sikkert du kan få nokon til å kome og slå graset, seier Steinshamn.

Magne Sylvarnes i bakkane på Sylvarnes

RYDDIG: Magne Sylvarnes er oppteken av å utnytte alle ressursane på garden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil ha fleire dyr på beite

Småbrukaren Magne, forskaren Håvard og landbruksministeren Jon Georg er alle samde om at det slett ikkje er bra at endringane i landbruket fører til store utfordringar for korleis Norge blir sjåande ut.

– Det er berre ein ting som kan løyse dette over tid, og det er dyr på beite. Det kjem ikkje til å vere mogleg å halde oppe det landskapet vi har hatt i Norge, utan beiting, slår Jon Georg Dale fast.

Den varige løysinga for å halde kulturlandskapet ope og ta tilbake attgrodde område er å ha fleire dyr ute gjennom våren sommaren og hausten, meiner Frp-statsråden.

– Det kan bidra til å opne nye område igjen, slik at vi har eit ope kulturlandskap over heile landet.

Slik vil han halde fram

Tilbake på Sylvarnes ved Sognefjorden ser den tradisjonelle bonden ut over landskapet. Kun rautinga frå fjøsen kan forstyrre suset frå vinden i lauvtrea. 62-åringen smiler, gler seg seg over at det er frykteleg langt frå Sognefjorden til Karl Johan.

På veglause Sylvarnes i Sogn er uansett ikkje industrilandbruket noko alternativ. Der vil det aldri kome EU-regulerte fellesfjøsar eller mjølkerobotar. Så lenge han kan, vil Magne Sylvarnes halde fram med sitt tradisjonelle landbruk.

– Eg driv med dyr og slått, og eg trur eg vil gjera det slik. Eg kjem ikkje på nokon annan måte å gjere det på, så kvifor ikkje berre halde fram, seier Sylvarnes-bonden og smiler.