Hopp til innhold

Amanda slit med å finne treningsklede som passar

Nordmenn blir større, men ikkje treningskleda. Sportsbransjen lover på ny å forbetre seg – neste år.

Kvinne i ein sportsbutikk, som held oppe ei raud turbukse.

FRÅ 3XL til XL: Amanda Bell har gått ned i vekt grunna stram kosthaldsendring, men slit framleis med å finne turbukser som passar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det kan bidra til ein tankegang om at du ikkje er god nok, seier Amanda Bell.

For eitt år sidan hadde ho storleiken 3XL og sleit med å finne klede som passa. Det gav ho eit signal om at ho ikkje passa inn i samfunnet, seier ho.

Resultatet blei ein passiv livsstil med lite fysisk aktivitet.

– Eg skal ikkje seie at det å ikkje ha treningsklede fører til psykisk vanhelse, men det kan absolutt bidra, seier ho.

I førre veke fortalde NRK om overvektige som kvir seg for å dra på treningssenter. Mellom anna på grunn av blikka dei møter.

– Det er eit paradoks at me oppfordrar personar med overvekt og fedme til å trene, og samtidig har strategiar for å stenge dei ute, sa Gro Rugseth ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

Ein henger med merke XL på kroken blir held opp av ei kvinne som du kan skimte i bakgrunnen.

STØRSTE STORLEIK: For fleire trenings- og turklede er storleik XL den største du finn i sportsbutikkane. Amanda Bell meiner både butikkar og produsentar må ta ansvar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Amanda Bell seier at mangelen på treningsklede gjer det vanskelegare å halde seg i aktivitet – også utanfor treningssenteret.

– Me må skapa ein etterspørsel viss me skal få kleda i butikken, seier ho.

Covid-19-pandemien har hatt følgjer for aktivitetsnivå, vekt og kosthald. Det viser Den nasjonale folkehelseundersøkinga frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Endringa er størst blant yngre vaksne. 34 prosent av dei mellom 18 og 24 år svarer at dei har gått opp i vekt i løpet av pandemien.

Buksa er for lang for kunden. Biletet viser berre nedste del av beina og føttene.

FOR LANG: Sjølv om turbuksa passar i livet, er ho for lang på beina. Ei kjent utfordring for Amanda Bell.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Krev handling

For ti år sidan skreiv NRK at det var vanskeleg å finn treningsklede om du bikka meir enn éin X.

Då svarte sportsbransjen at utvalet skulle bli betre til neste år.

– Eg er sikker på at allereie til neste år vil tilbodet bli betre, sa administrerande direktør i Sportsbransjen AS, Trond Evald Hansen.

Det var altså i 2011.

– Dette er ei kjent utfordring, seier Mari-Mette Graff, som er leiar i Landsforeininga for overvektige.

– Me kan alltid trøyste oss med at det blir betre neste år, men utan handling kjem inga endring.

Ho har ikkje sett ei markant endring i utvalet av treningsklede, men presiserer at enkelte produsentar har eit godt utval.

– For mange er det veldig sårt at dei får beskjed om å trene meir, men slit med å finne treningsklede som passar.

Graff meiner elastiske stoff og borrelås er gode løysningar for å få kleda til å passa til fleire kroppar.

Ein av tre unge har gått opp i vekt under pandemien. Mange seier blikka dei møter er så skremmande at dei i staden let vere å trene.

PARADOKS: – Det er eit paradoks at me oppfordrar personar med overvekt og fedme til å trene, og samtidig har strategiar for å stenge dei ute, seier Gro Rugseth ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

Foto: Håvard Nyhus / NRK

LES OGSÅ: Overvektige kvir seg for å dra på treningssenter: – Sjukt flautt

Auka etterspørsel

Administrerande direktør i sportskjeda Sport 1, Ole-Henrik Skirstad, svarar at dei har registrert at etterspørselen etter store storleikar har auka, og at dei alltid prøver å spegle innkjøp og sortiment etter dette.

Samtidig erkjenner Skirstad at det kunne vore betre.

– Det er forskjellig frå merke til merke. Nokon har XXL i dame og andre stoppar på XL. For herrar går nokon opp til XXXL, men dei aller fleste stoppar på XXL. Ut over dette vil nok utvalet i dei største storleikane diverre vera nokså avgrensa.

Ole-Henrik Skirstad, administrerende direktør Sport1-gruppen

KUNDESERVICE: Administrerande direktør i Sport 1 Ole-Henrik Skirstad skriv til NRK at dei vil gjere det dei kan for å skaffe kunden vara dei vil ha.

Foto: Sport1

Kommunikasjonsdirektør Andreas Nyheim i XXL varslar ei forbetring neste år:

– Dette er noko me jobbar aktivt med i dialog med våre leverandørar. Me planlegg å bestilla varer frå leverandørane langt fram i tid, så dette er eit samarbeid som krev litt tolmod. Men kundane våre vil merka ei forbetring i løpet av neste år.