Hessel Haker i trappa

UNIK OPPLEVING: Hessel Haker på veg opp verdas lengste tretrapp på Flørli ved Lysefjorden.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Trappevoktaren

Han passar på at ingen stikk av med nokon av dei 4444 trinna i verdas lengste tretrapp.

FLØRLI, LYSEFJORDEN (NRK): Hessel Haker (38) klyv med lette bein oppover fjellsida. I handa held han saksa og stoppar når han ser ei grein som må klippast av. Ingen skal seie at ikkje alt er som det skal vere når folk kjem på besøk.

– Det veks att heile tida. Det er mykje nye tre som kjem, så kvar gong eg går opp trappene så tek eg med saksa og ryddar litt.

Det er verdas lengste tretrapp Hessel har fått jobben med å passe på. Frå Lysefjorden og opp til toppen er det 4444 trappetrinn. Bygd med handmakt i åra 1915 til 1917. Den gongen for å sikre tilgang for rallarane som sette opp røyrgatene og bygde den store, kvite kraftstasjonen. Ei trapp som CNN meiner er blant dei ti skumlaste i verda!

I dag ligg dei store vassrøyra, trappene og kraftstasjonen som eit synleg bevis på korleis Norge på få år gjekk frå eit reint landbrukssamfunn til eit moderne industrisamfunn.

Folk flytta i hopetal til idylliske og veglause Flørli. Hus blei bygd, straum blei produsert og sendt ut slik at folk i Stavanger fekk lyst opp kvardagen.

Trallebana på Flørli

UNDER BYGGING: Trappa og trallebana var heilt naudsynt for å klare å byggje det store kraftanlegget på Flørli. Straumen skulle eigentleg brukast til eit planlagt metallverk, men enda som hushaldningsstraum i Stavanger.

Foto: Lysefjorden utvikling

– Om lag 100 menneske var i arbeid her, og alt blei gjort manuelt. Dei bar gjerne opp i mot 80 kilo på ryggen opp fjellsida. Det trur eg ikkje det er mange som klarer i dag, seier Hessel Haker medan han tørkar sveitten og ser ut over det dramatiske fjordlandskapet.

Bygda var heilt fråflytta

Nede ved fjorden var det både post og butikk, og på det meste gjekk 30 ungar på skulen. Men då det blei bygd ny, heilautomatisert kraftstasjon inne i fjellet i 1999 så blei Flørli heilt fråflytta. Utan innsatsen frå mellom anna entusiastar i turistforeininga, så kunne staden i dag vore heilt forfallen.

No er det to år sidan han blei fastbuande på Flørli. Hollendaren har budd store deler av livet i Norge, mellom anna fordi fysioterapi-foreldra flytta til Askvoll i Sogn og Fjordane.

Han tok på seg oppdraget då Lysefjorden utvikling trengde ein med pågangsmot og vilje til å ta vare på historia og utvikle ei ny framtid for den vesle kraftbygda. No er det turistane som skal lokkast til Flørli

– Eg har veldig tru på denne plassen, hadde eg ikkje hatt det så hadde eg ikkje vore her. Eg skal få til dette, men det vil ta tid. Kanskje mange år og det er ein bratt oppoverbakke.

– Så du blir ikkje rik?

– Nei, ikkje på sikt heller, seier Hessel og ler.

Arbeidslag på Flørli

TUNGT ARBEID: Rallarar på veg opp lia på Flørli. Alt arbeidet med anlegget blei gjort med handmakt og kabelbane.

Foto: Lysefjorden utvikling

Trur på kraftturisme

Over heile Norge står store konstruksjonar igjen frå den første store bølgja med vasskraftutbygging. Enorme dammar som fyller igjen dalsøkk i høgfjellet, lange røyrgater, kabelbaner og trapper. Nokon stader står spora etter storheitstida for forfall, andre stader har eigarar og entusiastar sett ein framtidsverdi i anlegga.

Ein av dei som verkeleg meiner at spora etter kraftproduksjonen har ei framtid er Dag Endre Opedal som jobbar på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Tyssedal i Hardanger. Han er overtydd om at ei satsing på industriturisme er vegen å gå, både med tanke på ein norsk og ein utanlandsk marknad.

– Døme på det er her i Tyssedal kor ein først fekk ei via ferrata-løype langs røyrgata og seinare enda opp til Trolltunga. Det arbeidet hadde nok aldri blitt sett i gang utan at kraftverket her hadde blitt tatt vare på. Det same gjeld turisme og friluftsaktivitetar, slik som i Flørli. Slik kan ein få vern gjennom bruk, som jo er den beste måten å ta vare på noko med, meiner Opedal.

– Men kvifor skal vi ta vare på det som skapte slike sår i den før så urørte naturen vår?

– Det er viktig å ha desse anlegga som kan minne oss om ein veldig viktig del av norsk historie og samfunnsbygging. Slik at vi og dei komande generasjonane kan forstå vår eiga historie betre. Den viktigaste måten å lære om denne historia på er å ha desse gamle kulturminna.

Meiner eigarane må betale

Det store spørsmålet mange stader i Norge har vore kven som skal betale for naudsynt opprusting, vedlikehald og tryggleik for gamle industrianlegg som no er i ferd med å bli ettertrakta turistmål. Mellom anna i industristaden Høyanger i Sogn, der Statkraft har varsla at dei vil rive fleire gamle kraftanlegg. Noko som får folk til å sjå raudt, halde folkemøte og skrive sinte brev.

Dag Endre Opedal framfor kraftstasjonen i Tyssedal

DOKUMENTERER: Dag Endre Opedal meiner det er svært viktig at historia om dei første kraftutbyggingane i Norge blir dokumentert og tekne vare på.

Foto: Harald Hognerud

– Ut frå dei pengane vasskrafta har generert for staten og eigarane, så er det ikkje så mykje det kostar å ta vare på desse anlegga, slår Opedal fast.

Han fortel at historia om dei gamle kraftanlegga er viktig nettopp fordi den førte til at mange små stadar og byar i Norge blei busett, og faktisk blei ei motkraft mot den store utvandringa til Amerika som gjekk føre seg fram til hundreårsskiftet.

– Vi var jo eit mykje fattigare land og ein utpost i Europa og industriutbygging basert på vasskrafta gav eit blant anna eit alternativ til utvandring for veldig mange. For rallarane og anleggssluskane som jobba på desse anlegga, så var det ganske mykje betre betalt enn gardsarbeid som kanskje var det einaste alternativet for mange.

Hessel Haker i arbeid på Flørli

MYKJE ARBEID: Hessel Haker har brukt mange timar på å setje den gamle kraftstasjonen i stand til å ta imot fleire reisande.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har freda fleire anlegg

Hos Riksantikvaren i Oslo er dei også opptekne av den verdien dei gamle kraftanlegga i Norge har hatt og skal ha for framtidige generasjonar. At ein på stadig fleire stader kombinerer den gamle kulturarven med turisme, er ikkje negativt, meiner avdelingsdirektør Hanna Geiran.

– Planane for Flørli er kjempespennande og veldig interessante. Kulturturisme er i sterk vekst og folk er opptatt av å reise til stader der dei kan oppleve spennande ting, kultur og historie. Gjerne då i samband med naturopplevingar. At DNT er med er utruleg bra. Det er slik at bruk er det beste vernet.

Fleire store kraftanlegg i Norge er i dag freda, blant anna Vemork-anlegget på Rjukan, og fleire andre har søkt om vernestatus.

– For at anlegga skal takast godt vare på er det viktig at ein har lokal entusiasme. Riksantikvaren kan frede, men vi er heilt avhengige av å ha med miljøet rundt og ha oppslutning, meiner Geiran.

Agnes Tiffon og Hessel Haker på Flørli

GODE VENER: Hessel Haker og Agnes Tiffon er dei einaste fastbuande på Flørli.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Stor vekst ved fjorden

Tilbake på Flørli ved Lysefjorden er det knapt nok eit menneske i sikte, berre gamle bygningar i dramatisk og vakker natur. Hessel Haker er på veg ned att trappene for å gå laus på stadig fleire arbeidsoppgåver. Gjennom dei to åra han har budd der har han pussa opp den gamle kraftstasjonen, bygd nytt kjøken og gjort staden enda meir tilgjengeleg for tilreisande. Mellom anna med utleigebustader.

Lysefjorden har dei siste åra hatt ein nærast eksplosiv vekst i turisme, noko som særleg skuldast fjellplatåa Preikestolen og Kjerag, som i luftlinje ligg nær Flørli. Til Preikestolen kjem det årleg fleire hundre tusen besøkande. Til Flørli kjem det nokre få hundre om sommaren, men Hessel har trua på det han er i ferd med å skape skal bli ein langt større suksess på sikt.

– Det er ei fantastisk fin turoppleving og ein historisk plass å kome til. Faktisk trur eg at Flørli kan vere ein attraksjon i seg sjølv. Vi treng strengt tatt ikkje eigentleg Kjerag og Preikestolen. Vi er fine nok som vi er.

– Kor lenge ser du for deg at du blir her?

– Eg har lyst å bygge opp dette her, og det er det eg held på med. Så eg har ikkje tenkt å gi meg før det går skikkeleg bra. Den dagen det går skikkeleg bra og det blir kjedeleg så kan det hende at eg gir meg.

Lengta til eit liv i einsemd

Vel nede frå den lange trappeturen tek han ein pust i bakken og helser på ho som er den andre innbyggjaren i bygda. Kunstnaren Agnes Tiffon pakka sekken for ti år sidan og flytta frå stress og kav i Stavanger til då heilt folketomme Flørli. For ho handla det på ingen måte om turisme. Det handla om å finne rom for seg sjølv og kunsten.

– Folk snakka masse om dei lengste trappene i verda og eg tenkte berre ok, eg er ikkje interessert i dei trappene i det heile tatt, fortel Agnes og ler hjarteleg.

Trass åtvaringar frå venninner om at dei aldri kom til å besøke ho, så selde ho det ho hadde i storbyen og kjøpte eit av dei gamle husa på Flørli i lia bak den gamle og mektige kraftstasjonen.

– Du kjem seglande inn fjorden med bratte fjell og vilt landskap, så bratt kjem denne kjempebygningen som speglar seg i fjorden. Eg blei veldig forelska i staden med kontrasten med den ville naturen og bygningane.

Til alt hell for Hessel Haker er ikkje Agnes folkesky sjølv om ho budde på Flørli heilt aleine i åtte år før han kom flyttande etter. Ho likar kontrasten mellom seg sjølv som kunstnar og iveren til Hessel. For ho handlar om at dei skapar noko i lag i og rundt den heilt spesielle bygda ved fjorden.

– Eg har jo budd her i over ti år no og eg har opplevd Flørli heilt aleine om vinteren og ikkje mykje folk om sommaren. No skal Flørli overleve og ikkje jamnast med jorda. Staden skal puste av nytt liv og blomstre igjen, seier Agnes og smiler.

Hessel tek naboen på armen og nikkar, vel vitande om at eit godt naboskap mellom dei to einaste fastbuande må til for å omskape bygda frå ein spøkelsesstad til eit pulserande sentrum for reiseliv, historie og opplevingar.

– Det er viktig at vi kan stole på kvarandre og jobbe med kvarandre. Dette er veldig bra.