Det er tre røystsetlar ved valet i Sogndal kommune. På to av røystesetlane er det tre avkryssingsalternativ. Dersom du ikkje finn nokon av føretrukne alternativ i avkryssingane, kan du røyste berre JA eller NEI.
1. Røysteseddel JA
Den har desse alternativa:
- A: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Vik
- B: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Luster
- C: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger, Vik, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal.
2. Røysteseddel NEI
Eg er i mot at Sogndal kommune slår seg saman med ein eller fleire andre kommunar. Dersom det likevel vert ei kommunesamanslåing meiner eg at følgjande alternativ er det beste (vel eitt av alternativa)
- A: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Vik
- B: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Luster
- C: Sogndal kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger, Vik, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal.
3. Blank røysteseddel