Trond Henning Monan på Homevann
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sjølvforsynaren

Trond Henning følgjer ikkje straumen. Den lagar han i staden sjølv.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

HOMEVANN, VEST-AGDER (NRK): Frostrøyken ligg som eit teppe utover skogen og vatnet. På terrassen på den vesle hytta sit Trond Henning Monan (39), han drikk kaffi og ser utover det vinterkledde, sørlandske skoglandskapet. Vintersola skin på solcellepanela på hyttetaket og gir han energi til nok ein dag.

– Det går mot lysare tider. Akkurat rundt solsnu har eg ikkje sol over kollen her, men no når sola kjem att så kan eg byrje å lade masse straum. Så då må vi børste snøen av solcellepanela, seier Trond Henning, set frå seg kaffikoppen og labbar ut i snøen.

Fredstreet på Stiftelsen Arkivet i Kristiansand

FREDSTRE: Trond Henning Monan fekk i oppdrag å lage denne utsmykkinga til det gamle statsarkivet i Kristiansand.

Foto: Trond Henning Monan / Monan Design

Her inne i skogen nord for Kristiansand lever han "off grid". Det vil i praksis seie at han produserer all straumen sjølv med solceller og vindgenerator. Toalettet er ein moderne utedo og vatn til alle behov hentar i bøtter nede ved innsjøen.

– Eg må hente vatn sidan eg har valt å ikkje ha noko pumpesystem. De går berre i sund og fryser. Så då går eg heller ned og hentar eit par bøtter med vatn.

Her i Norge er det høgst uvanleg å vere bufast på ein stad der du ikkje er kopla på dei vanlege nettverka for dei daglege behova. Ingen fører statistikk over kor mange som gjer dette frivillig, og for Trond Henning handla det meste om eit livsval som han brukte mange år på å realisere.

Trykk her for å sjå Trond Henning i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu her

Trond Hennnig Monan børstar snø vekk frå solcellepanelet

STOLAR PÅ SOLA: Trond Henning Monan børstar snøen vekk frå solcellene slik at dei kan fange solstrålane og lage straum.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Planane var klare

Først bygde han seg ei hytte på Hovden i Setesdal med innlagt vatn og straum. Så bygde han eit miljøvenleg hus i Kristiansand. Men heile tida låg tankane bak om å bli sjølvforsynt med vatn og straum.

– Det er noko som har følgd meg og noko som eg har hatt lyst å prøve ut. Då eg fann plassen og moglegheita bydde seg, så heiv eg meg på.

– Korleis reagerte dei rundt deg då du valte å flytte ut i skogen for å leve slik?

– Då eg skulle flytte inn her, så tykte foreldra mine at det var litt fjasete. Men bestefaren min stilte ingen kritiske spørsmål som foreldra mine gjorde. Han vaks sjølv opp med utedo og visste at dette kom til å fungere. Det er jo berre to generasjonar sidan.

Sykkel til barn

EIGE DESIGN: Trond Henning Monan elskar å skape ting med hendene. Som denne sykkelen for småbarn.

Foto: Trond Henning Monan / Monan Design

Trond Henning vassar vidare inn i det snødekte landskapet medan han snakkar om dei verdiane han trur heng med oss frå tidlegare generasjonar. Han trur ikkje at menneske endrar seg så fort at vi eigenleg har gløymt korleis det er å leve utanfor dei faste rammene.

– Dei fleste av oss stammar jo frå eit lite småbruk i ei lita bygd og eg trur at det vi har fått med oss av verdiar frå våre besteforeldre og oldeforeldre ligg der. Det er jo difor folk har ein romantisk draum om å leve slik, eg trur det ligg litt i oss alle.

Men om mange kan ha ein draum om å leve sjølvforsynt med straum og andre gode, så er det dei færraste som gjer det her i Norge. Lett tilgang på rimeleg elektrisitet, gjer at nordmenn er det folkeslaget i verda som brukar nest mest straum per hushaldning. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at berre gulfstaten Kuwait ligg framfor oss. På tredje- og fjerdeplass finn vi Bahrein og Qatar.

Trond Henning Monan på Homevann

HYTTA I SKOGEN: Trond Henning si hytte ved Homevann i Vest-Agder. Her er han sjølvforsynt med det meste.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vi brukar mykje straum

Seniorrådgjevar Dag Spilde i Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) trur ikkje at dette er ein trend som vil endre seg mykje, sjølv ikkje på lang sikt.

Dag Spilde i NVE

MED STRAUMEN: Dag Spilde i NVE trur ikkje mange vil leve heilt 'off grid' i framtida.

Foto: Hanne Bakke / NVE

– Vi er blant dei landa i verda som brukar mest straum, samanlikna med andre energivarer. Vi er også litt unike på den måten at ein veldig høg andel av oppvarminga i Norge går på elektrisitet.

– Men blir folk meir opptatt av få meir ut av straumkronene, eller for den del, leve "off grid" som Trond Henning gjer?

– Nokon vil nok velje å leve "off grid", men det vil ikkje gjelde mange. Folk er mest opptekne av økonomi og energi ut frå kor kalde vintrane er. Med kalde vintrar så får vi ofte ei større fokus på energieffektivisering rett i etterkant eller når det byrjar å bli dyr straum. Så dabbar dette litt av igjen når straumprisane blir låge igjen, seier Spilde.

NVE-rådgjevaren har forska nøye på korleis utviklinga vil gå i høve energibruken for den jamne nordmann. Fram mot 2020 vil veksten i straumbruken halde fram i same takt som i dag. Men med stadig betre isolerte hus med nye løysingar, vil det likevel skje ei endring på lang sikt.

– Det er slik at fleire folk gir høgare straumbruk, samtidig vert det stadig betre hus. Vi trur at på grunn av befolkningsveksten så vil straumbruken auke i åra framover. Men med stadig fleire nye hus, og gamle hus som bli rehabilitert til ein betre standard, så vil det dempe veksten.

Det Spilde er uroa over når han ser inn i krystallkula si er at nordmenn uansett vil bli meir og meir avhengige av straum i uoversiktleg framtid.

– Straum blir no brukt i stadig fleire område, og dermed blir vi meir sårbare, konkluderer han og peikar på den forventa veksten bruk av til dømes elbilar, bussar og båtar.

Trond Henning Monan på Homevann

UTE ETTER VATN: Om vinteren ligg isen tjukk på Homevann. Då må Trond Henning finne fram øksa og hogge seg ned til vatnet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Utnyttar ressursane

Inne i den djupe skogen på Sørlandet har Trond Henning Monan god tid til å reflektere over korleis vi menneske held oss til klimautfordringane. Han står stødig på dei vala han sjølv har gjort, men trur på at alle må finne sin veg og sine løysingar.

– Eg trur ikkje det er berekraftig dersom alle menneske skal bu og leve på same måten. Det blir fort eit utruleg kjedeleg og lite innovativt samfunn der alle tenker likt.

Sjølv brukar han sin eigen kreative skaparkraft og praktiske kompetanse mellom anna til å utvikle produkt gjennom sitt eige firma, Monan Design. Gjenbruk står sentralt i arbeidet hans, og han har mellom anna designa ein barnesykkel som han har fått eit titals bestillingar på.

– I det prosjektet har eg mellom anna brukt hjula frå ei øydelagd barnevogn.

Eit anna av prosjekta til Trond Henning, Fredstreet, kan også sjåast av alle i det gamle statsarkivet i Kristiansand.

Trond Henning Monan på Homevann

PÅ MATAUK: Saman med vener, er Trond Henning ein av dei som driv med det som blir kalla 'dumpster diving'. Dei leitar etter fullt brukbar mat i søppeldunkane bak butikkane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil vere sosial

Sjølv om han brukar dei fleste dagane ute i skogen ved Homevann i pakt med natur og miljø, så søker han stadig innover mot langt meir tett busett strøk. Då går han anten til fots eller på ski dei få kilometerane til næraste veg, der han har bilen ståande. Oftast går turen då til den kreative folkehøgskulen Skap i Mandal, der han har ei halv stilling som lærar, eller til verkstaden han deler med andre kreative folk i Kristiansand.

– Eg kjente eit behov for å ha eit miljø rundt meg, så eg har to dagar i veka fast der no. Eg jobbar på design og arkitekturlinje på ein skule som er innovativ og kreativ, og som har ein grøn profil. Det er masse flotte elevar der og eg har i grunn fått litt trua på menneska etter at eg byrja i den jobben, seier Trond Henning og smiler.

Han likar å tenkje kreativt i alt han gjer, og er ærleg på at det tradisjonelle skulesystemet ikkje var noko særleg for han i oppveksten. I staden saug han til seg av praktisk kunnskap, noko som kjem godt til nytte med livet i skogen.

– Eg lærte mest av vere med besteforeldra mine. Far min bygde hytte på fjellet, utan å ha noko utdanning for det. Då tenkte eg at eg kan gjere det same. Eg har alltid lært ting via erfaring, enten via andre, eller at eg har erfart det sjølv. Det er slik som skulen eg jobbar på også er lagt opp. Vi hiv dei ut i prosjekt og så finn dei teorien dei treng etter kvart. Då blir livet veldig mykje enklare.

Trond Henning Monan på Homevann

HYTTEKOS: Trond Henning bur åleine, om lag ei mil nordvest for Kristiansand.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har meir tid å bruke

I TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu blir vi med Trond Henning Monan gjennom alle årstidene der djupt inne i skogen. Frå den snørike vinteren til den varme sommaren. Den sosiale sørlendingen lever åleine, men får stadig vekk besøk av vener, som let seg fascinere over den livsstilen han har vald. Her finn dei roa, og Trond Henning ser ingen grunn til å stresse.

– Eg ser jo mindre på klokka her enn eg ville gjort i byen. Eg har meir tid, og brukar gjerne to timar om morgonen med kaffien og avisene. Det er veldig deilig og morgonstundene her ute er noko eg set stor pris på.

Han har igjen funne roa på den lune terrassen med utsikt mot innsjøen Homevann. Inne i hytta er det godt og varmt. Det sørger vedfyringa for. Snart skal han lage seg eit herremåltid med biffen han fann i dunken utanfor butikken i byen.

– Det lagar seg nokon kontrastar med å leve dette livet der eg har trekt meg vekk frå systemet. Folk må jo sjølv finne ut kva dei vil gjere sjølv, men for meg passar dette veldig bra akkurat nå.

Han strekker ut beina, tar ein sup av kaffien og peikar på noko som flyg over trea på andre sida av vatnet.

– Sjå! Det der er nok musvåken. Alt blir liksom litt forsterka her inne.