Lyster sanatorium

I FORFALL: Ein kan knapt sjå for seg korleis bygningane strålte for over 100 år sidan når ein ser det nedslitte sanatoriumet slik det står i dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Bygningen som nektar å døy

Den raude teglsteinen lyser som blødande sår der murpussen har gitt tapt på det 113 år gamle bygget. Dødsdommen til tross, fascinasjonen for sanatoriet på Harastølen ser ut til å ha evig liv.

80-talet: Eg må ha vore seks-sju år, første gong eg var på Harastølen. Eg hugsar enno suget i magen medan bilen karra seg dei 13 hårnålssvingane oppover fjellsida. I framsetet fortalde besta om eit Soria Moria slott, om flislagde rom, bugnande hagar, eit yrande liv og eit eige samfunn. Kor ligg dette bygget då, tenkte eg. Tenk så mykje meir artig vi kunne funne på ein søndag enn å dra på biltur til Harastølen. Så - ut av ingenting openberra det seg. Brått, monumentalt og overveldande.

– Uteområdet var så flott at du knapt kunne tru det. Alt var velstelt, seier Agnes Lillesvangstu (94).

Det glitrar i auga når bestemora mi fortel om tida på Lyster sanatorium mellom 1939 og 1941.

2015: Tek du turen opp til sanatoriet i dag, er det som om bygningen sjølv lir av sjukdommen han vart sett opp for å kurere. Du kan nesten høyre sukka kvar gong bygningen dreg pusten. Surklinga i øydelagde lunger. Murpussen som mest går an å sjå gjennom. Som om bygget vert tært på både frå innsida og utsida.

Viss det ikkje skjer eit mirakel i løpet av to år, vert det over 5.000 kvadratmeter store bygget jamna med jorda.

Bygget er i dag i Tinfos si eige, og gode krefter har i fleire år jobba frivillig i håp om å skaffe aktivitet i bygget, førebels utan å lukkast.

Lyster sanatorium

STARTEN: Legg merke til spira på fasaden og utsmykkinga rundt glasa, samt dei to balkongane. Spira og utsmykkingane på taket vart etter nokre år fjerna, då dei vart skadde av snø og is. I framgrunnen ligg kurhallane der pasientane kura.

Foto: privat

Men også med ein fot i grava dreg sanatoriet til seg folk. Fleire har forsøkt å bu der. Staden vert nytta til filminnspelingar, seinast Villmark 2. Det er eit ynda fotoobjekt både blant profesjonelle og amatørar.

TV-team tek turen for å gå på spøkelsesjakt, og mange tek ein avstikkar frå fylkesveg 55 langs Lustrafjorden for å med ærefrykt i blikket bli ståande som forsteina medan dei syg til seg minne frå fordums tider.

Ingenting av det hadde vore mogleg, hadde ein ikkje for 113 år sidan valt å plassere eitt av dei mest velfungerande sjukehusa i Norge nettopp her. På ei fjellhylle 500 meter over Lustrafjorden.

– Det er mest så ein ikkje kunne tru det var mogleg. At dei ville leggje eit sanatorium der, seier kultursjef i Luster, Erling Bjørnetun.

Den monumentale bygningen på Harastølen er viden kjent. I nyare tid mest frå overskrifter frå storavisene som «Bygget ingen vil ha», «Spøkelsesykehuset» og «Ørneredet sykehus ble spøkelseshus».

Mange hugsar dei harde ordvekslingane som fall då bygget for vel 25 år sidan vart brukt til å huse krigsflyktningar frå det tidlegare Jugoslavia. Flyktningane mistreivst og meinte dei hadde det betre i krigssona enn på Harastølen. Det fall bygdefolket hardt for brystet, og meiningsbrytingane var harde og mange.

Heile utviklinga i indre del av Luster ville nok sett heilt annleis ut, hadde ikkje St. Jørgens Stiftelse fatta det vedtaket dei gjorde.

Erling Bjørnetun

Men denne historia skal ikkje handle om det. For Harastølen var ein gong så mykje meir. Harastølen, eller Lyster sanatorium, var i medisinsk målestokk ei høgborg i behandlinga av tuberkulose.

Doktor Lunde og stab

TIDLEG 1900-tal: Overlege Nils Lunde (nummer tre framme f.v.) kom til Lyster sanatorium i 1915.

Foto: privat

Tuberkulose var den store folkesjukdommen på slutten av 1800-talet. Mellom 1895 og 1955 døydde 250.000 nordmenn av tuberkolose.

Den lumske lungesjukdommen ramma hardt og brutalt og gjorde ikkje skilnad på nokon. Ung som gammal, rik som fattig.

Ikkje uventa var det rikfolka som vart prioriterte først då ein konkluderte med at den rette pleia for tuberkulose var opphald på sanatorium, ein kombinasjon av eit sjukehus og ein pleieheim. Dermed dukka det opp fleire private sanatorium rundt om i landet.

I 1896 vart det avgjort at St. Jørgens Hospital i Bergen skulle byggje eit sjukehus for «fattige tæringssyke i Bergens Stift». Blant 130 stadar det var aktuelt å byggje ein slik anstalt, fall valet på Fuhrskogen på ei fjellhylle 500 meter over idylliske Lustrafjorden.

Det skulle bli starten på ei stordomstid i Luster.

– Heile utviklinga i indre del av Luster ville nok sett heilt annleis ut, hadde ikkje St. Jørgens Stiftelse fatta det vedtaket dei gjorde, seier Bjørnetun.

På ei fjellhylle i Luster ligg Lyster sanatorium - ein gong eit av dei viktigaste sanatoria i Norge i kampen mot tuberkulose.

I høve 50-årsjubileet til Lyster sanatorium vart denne reportasjen laga til Ukerevy nummer 49.

For 17.000 kroner fekk stiftinga kjøpt området Harastølen av grunneigar i 1898. God vassforsyning gjorde straum lett å få tilgang til med turbin. Ei taubane med 400 kilos bereevne vart bygd på rekordtid.

Deretter gjekk taubana natt og dag og frakta tusenvis av tonn med murstein og anna material dei 500 metrane til fjells der bygginga av Lyster sanatorium tok til.

2. november 1902 kom den første pasienten til Lyster sanatorium, som hadde 96 senger. Då stod det over 5000 kvadratmeter store sjukehuset fordelt på tre etasjar og kjellar, ferdig. Totalsummen på bygget enda på 777.000 kroner.

Eg fekk 70 kroner månaden. Til samanlikning hadde eg hatt ti kroner månaden der eg jobba før.

Agnes Lillesvangstu

– Ein kan knapt forstå kva arbeid som ligg bak bygget. I tillegg vart det reist ei rekkje andre bygningar som husa både forskjellige funksjonar, og ikkje minst folka som jobba der, seier Bjørnetun.

1902: Det er skrale tider i Norge. Utvandringa til Amerika går for fullt. Barnefamiliane er store, det er ikkje uvanleg at barneflokken tel både åtte og tolv ungar. Mange av dei når aldri å bli vaksne. Døyelegheita blant born er stor, og legevitskapen er på mange måtar i startgropa.

Agnes Lillesvangstu

GODE MINNE: – Sjølv om det var mykje som var trist, er det mest gode minne eg sit att med, sa 94 år gamle Agnes Lillesvangstu. Lillesvangstu døydde 5. april 2016, vel tre månadar etter at denne saka første gong vart publisert.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For dei borna som veks opp, ventar hardt kroppsleg arbeid så snart dei er gamle nok til å trø til.

– Å få jobbe på sanatoriet var gjævt. Der fekk vi ordna arbeidsforhold og bra løn. Eg fekk 70 kroner månaden. Til samanlikning hadde eg hatt ti kroner månaden der eg jobba før, seier Agnes Lillesvangstu.

Sanatoriet hadde i si stordomstid vel 150 pasientar og om lag like mange tilsette, mange av dei bygdefolk som tente sine første kroner.

– Vi jentene budde på tørkeloftet, heilt øvst. Vi jobba om lag ei veke i slengen. Mange av oss sykla både frå Jostedalen, Luster og Fortun til taubanestasjonen. Der parkerte vi syklane, og så tok vi taubana opp, seier Lillesvangstu.

Etter dagens HMS-reglar ville turen til og frå jobb vorte stoppa på flekken. Den gongen var det meir snakk om tilvenjing.

Taubana til Lyster sanatorium

HØGT: Slik kom dei tilsette seg til og frå jobb. På det høgste var det truleg mellom 20 og 30 meter rett ned.

– Vi sat på tre plankar som var slegne i hop, med ein knapt ti centimeter høg kant på kvar side. Eg hugsar endå første turen. Heldigvis reiste eg i lag med ei gammal oversøster som råda meg til å ikkje sjå ned. Idet eine taubana gjekk opp, kom ei anna ned. Der sat karane og dingla med beina utfor kanten. Men det tok ikkje lang tid før vi gjorde det same. Det er rart kor fort ein ven seg til ting, ler 94-åringen.

Historia vert stadfesta av Bjørg Hovland i Luster. Besteforeldra hennar Sigfrida Marie Skeie og Knut Stuppelshaug jobba begge på sanatoriet frå starten av. Stuppelshaug var fyrbøtar og stod opp klokka 05 kvar morgon for å få fyr i alle omnane. Mor til Hovland, Ingrid Kristina Stuppelshaug Øygarden vaks opp på sanatoriet, og har skrive ned mykje av det ho opplevde.

For Hovland var sanatoriet ein draumeplass der det var godt å komme på besøk.

– Det var noko heilt anna enn det vi hadde nede i bygda. Det var nesten som eit paradis, seier Hovland.

I den tre etasjar høge hovudbygningen var i midtbygningen bustadar for funksjonærar og kontor. I dei to sidefløyene var det pasientrom med kvinner på ei side og menn på den andre. Seks store marmortrapper gjorde det lett å komme seg rundt i bygget.

17. mai 1947

17. MAI: Slik såg toget ut i 1947. Pasientane laga eigne faner til 17.mai-toget, og kvar pasient gjekk under fana til sin kurbås.

Foto: privat

I kjellaren var det fyrhus og kjellarrom, samt bad for pasientar og tilsette. Eit bakeri sytte for brødmat av alle slag. Kjøkkenet var romsleg og godt utstyrt. Kvar dag vart det frakta 300 liter mjølk frå bøndene i bygda og opp på sanatoriet.

Det var nok ei kjær og sikker inntekt for mange av bøndene i indre del av Luster, seier Bjørnetun.

Fram til 1936 var det to spisesalar og to forsamlingssalar, då kvinner og menn vart halde åtskilt. Dette endra seg då midtfløyen vart ominnreidd. Ein matheis sytte for at maten vart frakta til rett etasje.

Det var noko heilt anna enn det vi hadde nede i bygda. Det var mest som eit paradis.

Bjørg Hovland

Det var elektrisk lys overalt, vassklosett og telefon, noko som var høgst uvanleg på den tida. Kvart rom hadde eigen vask, då hygiene og reinhald var svært viktig for å halde smittenivået så lågt som råd. Madrasser, hovudputer og sengetepper vart sterilisert med jamne mellomrom. Det vart også bestikk og service.

På framsida av sanatoriet var det liggjehallar med kurstolar av tre og korgfletting. Som del av behandlinga skulle pasientane «kure», altså liggje i frisk luft, to gonger dagleg. Uansett vêr og temperatur bar det ut i frisk luft.

– Dei låg pakka ned i både reinsdyrskinn, ull og dyner, minnest Lillesvangstu.

– Når dei kura låg dei i lange hallar med båsar. Desse hallane fekk dei underlegaste namn. På mannssida var det ein bås dei kalla Kutorget, med ei fager ku på veggen. På damesida fann vi Smykkeskrinet, Paradiset og Barnekammeret, fortel Hovland.

Bjørg Hovland

MINNE: – Eg er utruleg glad for at mor skreiv ned så mykje frå den tida. Noko hugsar eg frå eg var unge, men ho har fått med mange detaljar, seier Bjørg Hovland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men Lyster sanatorium var langt frå ein stad der ein skulle kvile seg frisk. Pasientane som klarte det, vart sysselsette på ymse vis.

– Pasientane i starten var med å laga gangstiar. Stiane fekk namn, som stien til Hovden, Verdas Ende og Utsikten. Når stiane var ferdige sette dei opp treskilt med namna til dei som var med og laga til vegen, fortel Hovland.

Parkanlegget ved Lyster sanatorium var slik at bygdefolket mest berre vart ståande å gapa. Ein eigen gartnar såg til at alt som kunne bløma, blømde så sant årstida tillèt det.

Pasientane i starten var med å laga gangstiar. Stiane fekk namn, som stien til Hovden, Verdas Ende og Utsikten..

Bjørg Hovland

– For den som var van til eit gardstun så var Lyster sanatorium som ein park. Det var grusgangar, nydeleg hage, bedd og blomar, benker der folk kunne sitje utan å gjere noko. Det var heilt annleis enn det vi var vane med, minnest Hovland.

Ho skildrar bedd med sølvarve og store Hurdalsroser som fekk makelaust stell.

– Dei hadde endåtil drivhus. Første gong eg smakte tomatar var der oppe. Vi fekk sukker på tomatane, og dei var kjempegode, seier Hovland.

På krokettbana

AKTIVITET: To krokettbaner vart flittig brukt av pasientane når dei var i form til det.

Foto: privat

I tillegg hadde sanatoriet heilt i starten omtrent sin eigen «dyrehage», laga av pasientane sjølve, etter idé frå overlege Grundt.

– Området ved den store steinen vart gjerda inn, og det vart laga eit stort kuleforma bur. Her var det både fuglar, ekorn, rev og røyskatt, rett og slett for at pasientane skulle ha noko å forlyste seg med, fortel Hovland.

Pasientane stod i kø for å komme til Lyster sanatorium, og legane måtte seie nei til

Stol for blåsing

STOLEN: Slik såg stolen for blåsing ut. T.h. søster Borghild Haldorsen. Legg merke til pipene - den gongen eksisterte det ikkje noko røykjeforbod.

Foto: privat

tusenvis i løpet av perioden sjukehuset var i drift frå 1902 til 1958. Men turen til sanatoriet var for mange både lang og strevsam. Den første pasienten kom heilt frå Vanse på Lista, og ein kan berre tenkje seg for ei amerikareise det hadde vore, fram til han enda turen med hesteskyss frå kaien og opp den seks kilometer lange vegen med 13 svingar. Den gongen tok turen halvanna til to timar.

Dei hadde endåtil drivhus. Første gong eg smakte tomatar var der oppe.

Bjørg Hovland

I tillegg var ein på den tida plaga med at fjorden fraus. Då måtte hestekarane trå til med skyss ofte i mange mil, alt etter kor langt inn i Lustrafjorden båten klarte å komme.

Men for mange av pasientane var kanskje det tyngste med turen det å ikkje vite kva ein gjekk til. Eller om ein nokon gong skulle komme heim att.

Smertene i brystet som jog som knivar. Spyttet var blodfarga og noko ein hadde freista å gøyme for dei næraste, kanskje i lengre tid. For tuberkulose var skammas sjukdom. Hadde du tuberkulose vart du av mange skydd som pesten. Nettopp fordi det var dåtidas pest. Medisin fanst ikkje, og vart du smitta, visste alle kva veg det bar.

På romma

SJUKDOM: Mange pasientar var så dårlege at dei måtte halde senga i månadsvis.

Foto: privat

Historiene frå andre sanatorium er mange om born som må rivast ut av hendene til mødrene. Som budde store delar av barndommen sin på ein anstalt milevis frå familien.

Lyster sanatorium sin fyrste buss

GAMLEBILEN: Den første bussen på sanatoriet kom i 1935 og gjorde teneste både som personbil, sjukebil og brøytebil. Før det var det transport med hest og kjerre.

Foto: privat

Og som når dei fekk besøk, måtte sjå foreldre og søsken gjennom ein glasvegg. Viss dei kom ifrå sjukdommen med livet i behald, aldri kom over trauma dei hadde fått.

I det som er skrive ned av historie frå Lyster sanatorium, finn ein lite av slikt. Tvert om let pasientane vel. Kanskje var det fordi dei minste borna ikkje vart sende hit? At dei som kom her var så gamle at dei forstod?

Sigbjørn Nelson var pasient ved sanatoriet i 1954 i to periodar på ni månadar kvar. Nelson var på sanatoriet i den tida ein utførte såkalla «blåsing».

«Det var litt kviefullt hver gang blåsingen skulle foretaes. De stakk en tykk nål

Transport av tøy

STORE MENGDER: Det var enorme mengder sengetøy og lintøy som til ei kvar tid skulle vaskast og steriliserast. Her transport av tøy mellm hovudhuset og vaskeriet. F.v. vaskeristyrar Marie Sylte med Åse Liv Farestveit framfor seg, bak Sigurd Mo og Olav Bolstad heilt til høgre.

Foto: privat

inn i siden eller ryggen gjennom brysthinnene og fylte et visst kvantum luft inn for å trykke lungen sammen, slik at såret (kavernen) skulle få fred til å gro. Dette kvidde jeg meg til hver gang, og det var to ganger i uken, senere en gang i uken i ett og et halvt år».

Nelson fortel at det gjekk sterkt inn på dei andre pasientane når nokon var dårlege.

«Den andre gangen jeg var inne hadde jeg blødning. Da var det stille på rommet under selve anfallene. Sånne ting gikk svært inn på medpasientene. De dagene noen skulle opereres var det en noe tyngre atmosfære på sanatoriet. Først måtte pasienten gjennom en lang og smertefull lokalbedøving. Så en svært så strabasiøs operasjon som ble foretatt av dr. Christophersen frå Lærdal sykehus, og en meget tung tid etterpå».

Gudsteneste på sanatoriet

FLYTTBAR: Kvar gong det var preik på sanatoriet vart forsamlingssalen for menn omgjort til kyrkje. Altarring og altertavla vart henta fram frå kottet. Legg merke til møblane med utskurd i dragestil, laga av treskjærar Magnus Dagestad frå Voss.

Foto: privat

Han fortel vidare at trass i mykje spenning og motgang i samband med sjukdommen, var det jamt over godt humør blant pasientane. Og dei visste å finne på mykje sprell.

– Dei gjorde det beste ut av det og fann på mykje. Det var mange ressurssterke folk samla, seier Hovland.

Ho blar i gamle bilete som syner festkledde menneske både på fest, revy og skodespel.

17. mai-feiringa på sanatoriet gjekk det gjetord om. Fremst gjekk skrangleorkester med fele og trekkspel, seinare kom hornmusikken på plass. Så følgde tilsette og pasientar. Sistnemnde med eigenlaga faner, med namna til dei forskjellige kurhallane på.

– Ingen hadde vel finare 17. mai enn oss der oppe. Toget gjekk alltid to gonger rundt huset. Så var det tale for dagen, middag og kvil. Klokka 16 var det leik og tevlingar på krokettbana, om kvelden fest med premieutdeling, fortel Hovland, frå mora sine nedskrivingar.

17 mai. 1914

STASLEG: Her er både pasientar og tilsette samla til fotografering 17. mai 1914. Legg merke til dei to i vindauga til høgre, samt fana til høgre med teksten 'Ned med tuberkulosen'.

Foto: privat

Det hende ikkje så reint sjeldan at pasientar, som hadde vorte friske etter eit opphald på sanatoriet, ville gje noko tilbake til staden. Skipsreiar Kjøge hadde vorte frisk av tuberkulose på sanatoriet. Som takk sende han kvart år eit skipslass med all slags gode til den årlege Kjøge-festen rundt påsketider.

Preikestolen på loftet

ALTARRINGEN: Den flyttbare altarringen står i dag på tørkeloftet. I gamle dagar vart forsamlingssalen for menn omgjort til kyrkje. Altarring og altartavle vart henta fram frå kottet og rommet omgjort til eit kyrkjerom.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det var tonnevis med druer, nøtter, fiken, appelsinar og dadlar. Varer som ein mest ikkje fekk tak i på den tida. Det skal ha vore slike mengder at det varte omtrent heile året, seier Hovland.

Både årsfesten 2. november, julefest både for pasientar, tilsette og bygdefolk var fast tradisjon.

Einskilde av pasientane var likevel så dårlege at dei ikkje kunne delta. Men heller ikkje dei vart gløymde.

– Til dømes til jul fekk alle dei som måtte halde senga eige juletre på rommet. Det vart pynta etter alle kunstens reglar, seier Hovland.

Festsalen

VEGGMÅLERI: Rolf W. Syrdahls dekorasjon 'Måltidet' kom på plass i spisesalen i 1950. Veggmaleriet vart redda for få år sidan og heng no i Luster oppvekstsenter.

Foto: privat

Når det var fest, var det ikkje berre innsida av sanatoriet som vart dekorert. Trass i at dei gamle bileta er i svart kvitt, talar dei sitt tydelege språk.

Det var tonnevis med druer, nøtter, fiken, appelsinar og dadlar. Varer som ein mest ikkje fekk tak i på den tida. Det skal ha vore slike mengder at det varte omtrent heile året.

Bjørg Hovland

– Dei hengde opp både girlander, granbar og lauv til pynt i dei finaste fasongar. Dei brukte mykje flagg og kreppapir, fortel Hovland.

Alt i 1913 fekk Lyster sanatorium sitt første kinoapparat, også dette med bidrag frå den tidlegare nemnde skipsreiar Kjøge, og det var kino relativt fast ein gong i veka. Sanatoriet hadde også eige bibliotek med 1.700 titlar.

Legane ved Lyster sanatorium kom frå alle landsdelar, og med på lasset var ofte både kone og barn. Egil Gjessing var eit halvt år då faren Trygve R. Gjessing tok til å jobbe på sanatoriet i 1933.

Kaffi i overlegebustaden

STAS: Mange tilsette på vitjing i overlegebustaden medan overlege Trygve Gjessing (bak t.h.). Heilt til venstre i biletet sit dottera Liv Gjessing, bak blomstervasen sit ein son, og ungen til høgre er Egil Gjessing.

Foto: privat

– Eg budde der til 1944. Det var eit isolert samfunn, og ein spesiell plass å vekse opp for oss fire søskena, seier Gjessing, som saman med familien budde i overlegebustaden.

Ingen hadde vel finare 17. mai enn oss der oppe. Toget gjekk alltid to gonger rundt huset. Så var det tale for dagen, middag og kvil.

Bjørg Hovland

Borna fekk gå rimeleg fritt på området rundt sanatoriet, men sjukehuset var forbode område, på grunn av smittefaren.

– Pappa gjekk nesten på veggene så fort ein av oss hosta det minste, seier Gjessing.

I byrjinga skulle frisk og tørr luft gjere susen for å få bukt med tuberkulosebakterien. Seinare kom behandlinga blåsing, før ein gjekk over til ein kirurgisk behandling for å gje tuberkolosebakterien dårlegast moglege vekstvilkår i lungene.

Blåsing

LUFT: Ei stor nål vart stukken inn mellom ribbebeina for å blåse inn luft i lungesekken slik at lunga klappa i hop. F.v. søster Nida, pasienten, ei ukjend søster, doktor Solem og søster Avarda.

Foto: privat

– For å få lunga til å klappe i hop, bles ein luft inn i den sekken som lunga ligg i. Dette vart gjort med ei stor nål som ein stakk inn mellom ribbebeina. Problemet med metoden var at den, i tillegg til å vere smertefull, måtte gjentakast ganske ofte, seier professor i lungemedisin ved klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen, Per Bakke.

Dermed kom ein over til ei behandling som på folkemunne vart kalla kvisting. I korte trekk gjekk den ut på å fjerne ribbebein.

Undersøkingsrom på Lyster sanatorium

SPARTANSK: Slik kunne eit undersøkingsrom sjå ut. Legg merke til at det er flisar både på golv, vegger og til og med i glaskarmen. Utan fuger, for å sikre at hygienen var på topp.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ein kappa av eit par centimeter på ribbebeina på baksida frå ryggsøyla og på framsida frå brystbeinet. Ein kunne fjerne tre, fem eller sju ribbebein. Det gav ei meir permanent løysing, seier Bakke.

Kirurgen, overlege Christophersen ved Lærdal sjukehus, tok fleire gonger i veka den lange turen til sanatoriet for å operere. Pasientane grudde seg i dagesvis. Grua la seg som ei klam hand rundt heile bygget og dei som var i det.

1940: Den lyden. Av bein mot metall. Klang, sa det i metallbøtta. Ikkje eitt ribbebein. Men tre, fem eller sju. Hans eigne bein. Delar av hans eigen kropp. Ute av kroppen. Medan han sjølv var i lokalbedøvelse, halden oppe av sjukepleiarar i den rare stolen. Med eit gapande hol i ryggen, eller i brystet.

Sjølv om behandlinga i noktr tilfelle førte til at pasienten overlevde, var plagene ofte store i etterkant.

I kuren

MANNSSIDA: I kuren. Her låg pasientane ute uansett vêr og vind.

Foto: privat

– Når ein fjernar ribbebein vert vektbelastninga skeiv på ryggsøyla, og mange utvikla ei såkalla S-forma ryggsøyle. I tillegg mista dei lungekapasitet. Når ein så vart eldre og naturleg mista lungekapasitet med alderen, fekk mange aukande luftvegsplager, seier Bakke.

Nøyaktige tal på dødsfall under operasjon og postoperativt er det vanskeleg å få nøyaktig tal på. Men dødsraten var, spesielt i første halvdel av 1900-talet høg.

Gjessing hugsar godt likhuset på tomta, men kan ikkje hugse at dei nokon gong såg liktransport.

– Nei, det såg vi aldri. Eg trur dei av omsyn spesielt til pasientane gjorde dette på ei slik tid av døgnet at ikkje så mange skulle sjå. Det vart gjort skånsamt, seier Gjessing.

Antibiotikaen sitt inntog på 1940-talet vart ein revolusjon i behandlinga av tuberkulose, og dei fleste sanatorium i Norge vart nedlagde på denne tida.

Her kunne vi sett punktum for historia om Lyster sanatorium.

November 2015: Det er som om bygningen kjempar for livet. Det ein gong så majestetiske bygget står med skjelvande bein. Saueskiten ligg som små, svarte perler der kurhallane ein gong låg som skinande rekkjer. Alt for 150 år sidan var det ein som såg føre seg at det skulle ende slik.

Ole Johnson, på folkemunne kalla Gamle Halvegen, levde frå 1827 til 1906 og vart rekna som synsk. Ein gong han var på Harastølen og utførte skogsarbeid, vart han sliten og la seg ned for å kvile. Då fekk han eit syn.

Då han kom ned att til bygda, fortalde han at han hadde sett ein stor bygning som han kalla huldrekyrkja på Harastølen.

– Han fortalde at han såg mange kvitkledde folk gå inn og ut av bygningen, fortel Hovland.

Bygdefolk trudde vel så passeleg på det han fortalde, heilt til dei ein dag i 1896 stod på Døsen-kaien og båten frå byen kom. I land steig den nye soknepresten Anders Halvorsen.

Då sa Halvegen: «Der kjem han som skal halde preik i kyrkja».

– Det stemde det. Halvorsen var prest i Luster i dei åra sanatoriet vart til. Og det var han som tok til med gudstenester der oppe, fortel Hovland.

– Halvegen såg bygget i si stordomstid, men han fortalde også at dårlegare tider skulle komme. Han såg for seg bygget med knuste vindauge, at det var forfalle og at sauer og geiter hoppa inn og ut av bygninga. Halvegen såg det han såg, og når ein ser korleis ting er i dag, så var det ikkje feil, seier Hovland.

November 2015: Medan haustmørket gradvis nappar med seg siste rest av dagslys, sit eg i mellom visne grasstrå på over ein meter i det som ein gong var ein park. Det er ikkje noko kvisting eller blåsing som kan redde denne pasienten. Til det har det kome for langt. Eg kjenner på ein klump i magen. Det er på tide å ta farvel. For godt.

Frå huset sitt i Luster kan Bjørg Hovland nesten sjå bygget på Harastølen. Men bli med opp til sitt barndoms paradis, vil ho ikkje.

– Det er greitt å sjå det på avstand. Då ser det framleis majestetisk ut. Men opp att, det vil eg ikkje. Det gjer for vondt, seier Hovland.

(Kjelder: Erling Bjørnetun, Bjørg Hovland, Agnes Lillesvangstu (05.10.21-05.04.16), Tidsskrift for den norske legeforening 01-2002, Lyster Sanatorium av Frithjof Lund-Johansen, Luster lokalhistoriske årbok 2002, Store norske medisinske leksikon, Nasjonalt medisinsk museum, Allkunne og Norsk Helseinformatikk)