Hopp til innhold

Statsråd-nei til billigare hurtigbåt-reiser

Små øyer skal få gratis ferje, men dei som bruker hurtigbåt får ingenting. – Vi veit ikkje kva det vil koste, svarer departementet.

Kystekspressen på vei til Trondheim

IKKJE PRIORITERT: Enn så lenge er «kystsatsinga» til regjeringa reservert ferjer, ikkje hurtigbåtar.

Foto: NRK

Det er godt at dei tenker på dei små, men dei gløymer dei minste, seier Geir Eikemo.

Saman med Jorunn Helgesen driv han eit lite lakserøykeri på øya Espevær i Vestland.

Øya har berre anløp av hurtigbåt, og det kostar dei dyrt.

Vi har ekstra fraktkostnader på to kroner per kilo, seier Eikemo.

For oss som driver røykeri, er det mykje. Marginane er veldig små.

I juni vedtok landsmøtet i regjeringspartiet Senterpartiet «gratis hurtigbåt for samfunn utan vegsamband til fastlandet».

Likevel: Enn så lenge er «kystsatsinga» til regjeringa reservert ferjer, ikkje hurtigbåtar.

Espevær Røykeri er et lakserøykeri på øya Espevær i Bømlo kommune.

RØYKERI PÅ ESPEVÆR: Denne øya har berre anløp av hurtigbåt. Det kostar Geir Eikemo og Jorunn Helgese dyrt.

Foto: Espevær Røykeri

Prioriterte ferjene

I denne omgangen er ferjene prioritert, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Lovnaden er at små øyer og kystsamfunn skal få gratis ferje i løpet av neste sommar.

Departementet har ikkje oversyn over kor stor tilleggsløyving som må til for å inkludere øysamfunn som berre har hurtigbåt, legg Nygård til.

Budsjettet for 2022 vil neppe vere klart før finansdebatten i Stortinget 2. desember. Og sjølv det kan bli krevjande.

– Vi er uroleg for tida vi har att fram til finansdebatten, sa SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski til NRK 26. november.

NRK er kjend med at fleire i Senterpartiet er skuffa over at dei ikkje nådde fram i regjeringsforhandlingane med kravet om at øysamfunn med hurtigbåt må få same vilkår som øysamfunn med ferjer.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård på ferga

PRIORITERER FERJE: – I denne omgangen er ferjene prioritert, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen, NRK

LES OGSÅ: Lovnaden om 30 prosent lågare ferjeprisar er i realiteten 11,7 prosent

– Hurtigbåtane er livsnerven

Svein Øien Eggesvik (Sp) er nestleiar i fylkesrådet i Nordland. Han har vore på Stortinget for å argumentere for kravet.

– Hurtigbåtane er livsnerven mange stader, på same måte som ferjer, seier han.

I Bømlo, der røykeriet ligg, er Sammy Olsen ordførar. Også han frå Senterpartiet.

Øysamfunn som berre har anløp av hurtigbåt, kjem uheldig ut i forslaget til statsbudsjett, seier han.

Han legg til:

Vi må ha ei rettferdig løysing for desse øysamfunna. Det kan ikkje vere slik at du vert «straffa» for å bu ute i distrikta.

Undrar meg at Senterpartiet går ut på den måten

Liv Kari Eskeland er stortingspolitikar for Høgre og tidlegare ordførar i Stord kommune.

– Det som skuffar meg mest er at regjeringa ikkje anerkjenner den forskjellsbehandlinga dei legg opp til med å gi «gratis» ferjer til enkelte øysamfunn, medan øysamfunn som berre har hurtigbåtanløp ikkje får ei krone i støtte.

Ho legg til:

– Gratis hurtigbåt var ein lovnad frå Senterpartiet i valkampen. Det undrar meg at dei går ut på den måten utan å ha ein ide om kva det vil koste.

Erling Sande (Sp), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, avviser skuldinga frå Høgre.

Eskeland sitt utspel står ikkje til truande. Det verkar som Høgre argumenterer for at ein ikkje skal redusere prisen på ferjer fordi regjeringserklæringa ikkje seier noko om hurtigbåtar. Dette heng ikkje på greip. Senterpartiet stiller opp for dei som bur på øysamfunn over heile landet, anten deira tilknyting til fastlandet er ferjer eller hurtigbåtar. Det har vi programfesta, og allereie i justeringane i budsjettet til den gamle regjeringa har vi redusert ferjeprisane.

Han legg til:

Så vil vi jobbe vidare med å redusere kostnadane til bebuarar på øyer med hurtigbåtar.

En hurtigbåt gir full fart ut mellom øyene utenfor Sula.
Foto: Karl Otto Kristiansen