NRK Meny

Simon Elias (5) prøver seg på to hjul

Simon Elias Aardalsbakke (5) frå Endal kan ikkje sykle, men det kan vennene hans. No har også han lyst til å lære seg det.

Norsk dokumentarserie.
Vennene til Simon Elias kan å sykle, men det kan ikkje han. Når dei andre syklar på to-hjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synes Simon Elias er dumt og no vil han prøve hardt på å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne skikkeleg.

MØT SIMON ELIAS I EPISODE 12: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

Når dei andre syklar på tohjulsykkel, syklar han på sparkesykkel. Det synest Simon Elias er dumt og no vil han prøve hardt på å lære seg å sykle, sjølv om han er redd for å tryne skikkeleg.

I dokumentarserien «Klart eg kan» møter du barn som viser korleis dei meistrar store og små utfordringar i livet.

Serien har vore veldig populær på NRK Super sine nettsider, og tysdagar klokka 18.25 på NRK Super får du møte barn som skal lære seg noko nytt i den nye sesongen.

Klart eg kan treng tips om nye modige barn. Kjenner du nokon mellom 4–8 år som har eit mål dei vil nå? Send tips og bilete til sf@nrk.no.

1: Vågar Even (6) å hoppe?

Even Bjørkhaug (6) frå Førde har lyst å hoppe frå 5-meteren. Heile familien hans gjer det, men Even har ikkje turt.

Han øver seg på å tole høgde og fart i klatreveggen og i ein klatrepark. Til slutt reiser han tilbake til bassenget for å sjå om han endeleg vågar å hoppe utfor.

Norsk dokumentarserie.
Even har lyst å hoppe frå 5-meteren. Heile familien hans gjer det, men Even har ikkje turt. Han øver seg på å tåle høgde og fart i klatreveggen og i ein klatrepark. Til slutt reiser han tilbake til bassenget for å sjå om han endeleg vågar å hoppe utfor.

MØT EVEN I EPISODE 1: Even tykkjer det er langt ned frå 5-meteren og til bassenget. Sjå om han torer å hoppe i sesongens første episode.

2: Noah (7) vil lage song mot mobbing

Noah Christensen Leirstein (7) frå Bergen skriv songar heilt sjølv og likar å synge dei framfor publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap.

Noah synest ikkje det er greitt å mobbe. Han vil lage ein song til klassen sin om temaet og gje dei ein CD kvar. Han er veldig spent på om klassen vil like songen og om han hugsar teksten når han skal framføre den.

Norsk dokumentarserie.
Noah skriv songar heilt sjølv og likar og synge dei framfor publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap til klassen sin, og gje dei ein CD kvar. Han er veldig spent på om klassen vil like songen og om han hugsar teksten når han skal framføre den.

MØT NOAH I EPISODE 2: Sesong 6 av Klart eg kan har starta. Du kan sjå direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

3: Aleksandra (8) skal drille på stort stemne

Aleksandra Sandvik (8) frå Florø øver masse i lag med drillgruppa si. Ho skal nemleg vere med på eit stort drillstemne.

Der må ho hugse mange trinn og alltid vite kor ho skal stå, men det viktigaste er at ho må smile heile tida. Vil ho klare å hugse det?

Norsk dokumentarserie.
Aleksandra øver masse i lag med drillgruppa si. Ho skal nemlig vere med på eit stort drillstevne. Der må ho hugse mange trinn og alltid vite kor ho skal stå, men det viktigaste er at ho må smile heile tida. Vil ho klare å hugse det?

MØT ALEXANDRA I EPISODE 3: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

4: Jonah (7) er «ekspert» på krypdyr

Jonah Stene Andersen (7) frå Bergen er ofte i lag med pappa på jobb på akvariet. Han elskar å hjelpe til med å mate krypdyra og fiskane.

No er det fødd mange små krokodillebabyar. Jonah vil bygge eit nytt bur, slik at dei kan vekse seg store der. Men vil krokodillane like seg i det nye buret?

Norsk dokumentarserie.
Jonah er ofte i lag med pappa på jobb på akvariet. Han elskar å hjelpe til med å mate krypdyra og fiskane. No er det fødd mange små krokodillebabyar. Jonah vil bygge eit nytt bur ,slik at dei kan vekse seg store der. Men vil krokodillane like seg i det nye buret?

MØT JONAH I EPISODE 4: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

5: Ruth (6) skal gå på ski – og skyte på blink

Ruth Victoria Halsteinslid (6) frå Eid er med på NM i skifeltskyting og skal treffe blinkar som er 100 meter unna.

Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve og øve for å klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.

Norsk dokumentarserie.
Nesten alle i familien til Ruth driv med ein idrett som heiter skifeltskyting. Ruth vil og prøve, men då må ho øve og øve for å klare to ting samtidig: Å gå fort på ski og treffe blink med gevær. Det er veldig vanskeleg.

MØT RUTH I EPISODE 5: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

6: Erian (7) vil styre store båtar

Erian Vilnes Førde frå Førde har ein bestefar som eig mange store lastebåtar. No håpar Erian at han skal få lov til å styre ein av båtane.

Norsk dokumentarserie.
Erian har ein bestefar som eig mange store lastebåtar. No håpar Erian at han skal få lov til å styre ein av båtane. Men tenk visst han krasjar? Då kjem bestefar til å bli sur!

MØT ERIAN I EPISODE 6: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

7: Ariell (7) drøymer om å delta på skirenn

Ariell Savland (7) frå Førde har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for prøve.

Ho leikar masse ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam i beina og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski.

Norsk dokumentarserie.
Ariell leikar masse ute, og aller helst likar ho å ake og stå på ski. Men Ariell er lam i beina og klarar ikkje å gå, difor brukar ho piggkjelke når ho skal på ski. Ho har lenge drøymt om å vere med på eit skirenn og endeleg har ho bestemt seg for å prøve!

MØT ARIELL I EPISODE 7: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

8. Klarar Karoline (7) å trene opp eit rampete føl?

Karoline Løken-Nesthun (7) frå Eid får vere med når eit føl vert fødd heime på garden. Følet skal ho trene opp til å vere med på ei hesteutstilling.

Dette vert Karoline si første hesteutstilling, men den rampete folen, som heiter Leik, vil berre tulle og tøyse. Korleis skal det gå, når ho skal få han til å stå i ro framfor strenge dommarar på hesteutstillinga?

Norsk dokumentarserie.
Karoline ser på når eit føll blir fødd heime på garden. Føllet skal ho få trene opp til å vere med på hennes første hesteutstilling. Den rampete folen, som heiter Leik, vil berre tulle og tøyse. Korleis skal det gå, når ho skal få han til å stå i ro framfor strenge dommarar?

MØT KAROLINE I EPISODE 8: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

9. Lea (6) har replikkar for første gong

Det kjekkaste med teater er å kle seg ut og sminke seg, tykkjer Lea Losnegård Pedersen (6) frå Stongfjorden.

Heime i stova har Lea sitt eige dokketeater og ho likar å ha framføringar for familien. No skal ho vere med i eit ekte barneteater for første gong.

Lea har aldri hatt replikkar før og gruar seg til å seie dei høgt framfor publikum. Ho øver masse for å bli trygg på det ho skal seie.

Norsk dokumentarserie.
Heime i stova har Lea sitt eige dukketeater og ho likar å ha framføringar for familien. No skal Lea vere med i eit ekte barneteater for første gong. Ho har aldri hatt replikkar før og gruar seg til å seie dei høgt framfor publikum. Lea øver masse for å bli trygg på det ho skal seie.

MØT LEA I EPISODE 9: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

10. Sissel inviterer til cowboyfest

Sissel Ulvestad (7) frå Feios elskar å leike cowboyleikar. No vil ho invitere heile barneskulen på cowboyfest i hagen.

Alle må ha på seg cowboyklede på festen til Sissel. Ho må planleggje festen sjølv og har mykje å gjere før gjestane kjem. For at festen skal bli bra, må ho rekke å gjere alt i tide.

Vi blir med Sissel på butikken, når ho planlegg leikar og bakar kake.

7-åringen håpar at alle vil komme, at dei har kledd seg ut og at dei likar festen hennar.

Norsk dokumentarserie.
I friminuttet pleier Sissel og vennane å leike cowboyar. Sissel elskar cowboyleikar. No vil ho lage ein cowboyfest i hagen for heile skulen der alle må ha på seg cowboyklede. Det er mykje å gjere før gjestane kjem. Sissel må rekke å gjere alt i tide, og ho håpar alle vil komme.

MØT SISSEL I EPISODE 10: Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

11. Sol lærer seg kart

Sol Eikeseth Klakegg (8) frå Førde driv med orientering. No har ho bestemt seg for å gjennomføre eit løp, heilt utan å få hjelp frå pappa.

Sol likar orientering fordi ho kan springe ute i naturen og leite etter postar som er gøymde. Til vanleg er pappa alltid med, slik at han kan hjelpe ho med å finne rett veg på kartet.

Men no vil Sol lære seg å bruke kartet sjølv slik at ho kan gå åleine. Men ho tykkjer det er vanskeleg, og så er ho litt redd for å gå seg vill.

Norsk dokumentarserie.
Sol er med på orientering. Då spring ho ute i naturen og leitar etter postar som er gøymde. Pappa er alltid med for å hjelpe ho å finne den rette vegen på kartet. No vil Sol lære seg å bruke kartet sjølv slik at ho kan gå åleine, men ho tykkjer det er vanskeleg og er redd for å gå seg vill.

MØT SOL I EPISODE 11: Sol likar å drive med orientering. Sjå Klart eg kan direkte kvar tysdag på NRK Super kl. 18:25, eller når du vil i nett-TV.

Norsk dokumentarserie. Musikkvideo for Klart eg kan.

MUSIKKVIDEO: I videoen møter du Anna Naustdal, Alfred Korsøen, Erian Vilnes, Aleksandra Sandvik, Felix Solheim og Johanna Dalsbø Tøsse.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.