Hopp til innhold

Fem naturopplevingar i statleg regi

Staten eig mellom anna Slottet, Stortinget, Regjeringskvartalet og barndomsheimen til Lisa midt på Finnmarksvidda.

Familien på Jotka fjellstue i Finnmark

PÅDRIVARANE: Steinar, Elisabeth og Lisa Kristensen tek imot gjester på staten sine vegner på fjellstova på Jotka.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Når mamma ikkje kunne vere her meir, så ville alle søskena at ein av oss måtte overta. Men så var det berre eg som hadde ein mann som ville vere prøve. No har vi vore her i 13 år, fortel Lisa Romsdal Kristensen til NRK.

Saman med ektemannen Steinar driv ho Jotka fjellstue som ligg om lag fire mil frå Alta i Finnmark. Skal du ta deg hit må du bruke båt på sommaren, ski eller snøscooter om vinteren. Der ventar Lisa og familien på deg med mat og husly, slik dei statlege fjellstuene har gjort det i fleire hundre år.

– Litt av plikta er jo eigentleg at vi skal vere tilgjengeleg for folk som treng det. Folk skal kunne kome hit når som helst og søke ly om dei treng det, seier Lisa og smiler.

Ein gong eigde staten over 40 fjellhytter- og stover berre i Finnmark. I dag er det berre tre igjen, og Statsbygg har ingen planar om å kvitte seg med dei heilt spesielle eigedomane.

– Det skal halde fram med å vere slik. Det kan ikkje vere så mange færre for å spegle historikken og kulturen som hyttene har representert i mange hundre år, seier administrerande direktør for Statsbygg, Harald Vaagaasar Nikolaisen.

Han er glad for at Lisa, Stein og resten av familien har valt bruke store deler av livet på å ta vare på og drive staten sin eigedom på veglause Jotka.

– Det er nesten naudsynt for at det skal bli halde godt i hevd. Du treng den typen eldsjeler.

Det er i dag igjen fem av Statens Fjellstuer i heile Norge, og alle tar imot gjester året rundt. Mykje kan minne om DNT sine turisthytter, men på fjellstovene er det til sjuande og sist staten som står som eigar:

1. Jotka fjellstue, Jotkajávre, Alta:

Jotka i Finnmark

VAKKERT LANDSKAP: Ved Jotka fjellstue ligg store fiskevatn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Her er det fast vertskap året rundt, og familien Kristensen tek imot gjester til enkel overnatting og servering. Dei tilbyr også ulike aktivitetar i området.

2. Mollisjok fjellstue, Karasjok:

Mollisjok

IDYLLISK: På Mollisjok ligg ein av dei tre fjellstuene som framleis er i statleg eige i Finnmark.

Her har familien Eriksen drive fjellstova i mange år. Den ligg ved elva Iesjohka, som er første delen av Tanavassdraget.

3. Ravnastua fjellstue, Karasjok:

Ravnastua

NÆR NATUREN: Ravnastua utanfor Karasjok kan vere eit kaldt reisemål.

Fjellstova ligg veglaust til om lag 30 kilometer frå Karasjok, og har vore busett sidan om lag 1850.

4. Harvasstua, Hattfjelldal:

Harvasstua

NÆR SVERIGE: Harvasstua er eit godt utgangspunkt for fottur over fjella til nabolandet.

Foto: Statsbygg

Ligg lengst sør i Susendalen ved ein gamal ferdaveg over fjellet til Sverige. Bilvegen på norsk side stansar her.

5. Kongsvold Fjeldstue, Drivdalen

Kongsvold Fjeldstue

EINASTE I SØR: Kongsvold fjellstue er den einaste att i statleg eige i Sør-Norge.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Dei herskaplege bygningane i staten sitt eige ligg lett tilgjengeleg som ein innfallsport til fjella i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Har i mange år vore drive som overnattingsstad for reisande.