Ein tunnel gjennom Stadlandet skal gje sikrare passasje for skipstrafikken enn no som båtane må krysse det farlege Stadhavet. Prosjektet er kostnadsrekna til 2,8 milliardar kroner. Kystverket har fått i oppdrag å starte forarbeidet.
Stein fra bygginga av Stad skipstunnel kan skape nye kaier og næringsområder, og dermed mange nye arbeidsplasser.
Det mener prosjektleder Terje Skjeppestad i Kystverket. Det skal tas ut 5,4 millioner kubikkmeter sprengt stein.
I en pressemelding mener de at interessen blant kommunene er stor. Vanylven kommune har fem mottakssteder som ønsker steinmasser, Stad kommune har seks, mens Kinn kommune har sju.
Bruk av ein lokal fylkesveg kan gjere Stad skipstunnel minst 100 millionar kroner billigare, men Statens vegvesen seier nei, skriv Bergens Tidende. Regjeringa har sagt at prosjektet maksimalt kan koste 5,1 milliardar kroner. Eit av dei største sparetiltaka er å dumpe mykje av steinmassane i deponi som ligg tett på tunnelmunningane. Men for å få det til, må Kystverket få lov til å bruke den lokale fylkesvegen. Og det seier Vegvesenet nei til. Arild Aasen i Statens vegvesen seier lovverket ikkje tillèt bruk av dumparar på norske vegar.
Avtroppande Venstre-ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven seier dei må vere budde på å måtte følge Stad skipstunnel til døra. Regjeringa har sagt at skipstunnelen skal bli lyst ut på anbod. – Men det betyr ikkje at det er gitt grønt lys, seier Landsverk Sande.
I forslag til statsbudsjett kjem det fram at regjeringa foreslår om lag 130 millionar kroner i 2024 til førebuing og gjennomføring av anbodskonkurransen. Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy vekst er glad for dette, men fryktar prosjektet kan bli utsett. Årsaka er to rettssaker som skulle opp i samband med tvangsinnløysing av bustader.
Men rettsakene blir sett på vent fram til regjeringa har teke stilling til anbodskonkurransen. Først etter den tid kan rettssakene starte. – For entreprenørane fører det til at det blir det usikker kor tid dei kan starte opp arbeidet, seier Humborstad.
Ho undrar seg over kvifor rettssakene ikkje kan gå parallelt med anbodskonkurransen slik at ein kan vere klare til byggestart i 2025.
I fjor feira forkjemparane med kake etter at det vart sett av 76 millionar kroner i oppstartsmidlar i statsbudsjettet for i år. Kostnadsramma på prosjektet over 5 milliardar. No håper vi at entreprenørar legg inn tilbod og at vi kjem innafor den kostnadsramma som er vedteke, seier Humborstad.
Kystverket lyser ut en konkurranse for å inngå en ny rammeavtale med et rådgiverfirma for byggingen av Stad skipstunnel.
– Den som får avtalen vil bli en viktig teknisk samarbeidspartner i alt arbeid med å få anskaffet og bygget Stad skipstunnel, sier prosjektleder Terje Skjeppestad i en pressemelding.
Selve byggeprosjektet skal utføres av en hovedentreprenør gjennom en totalentreprise. Det skal lyses ut i 2024 og det kan bli byggestart i 2025.
Verdien på konkurransen og avtalen som nå er kunngjort er estimert til 30–90 millioner kroner, og ved utløsning av opsjon på innleie er det satt et maksimal verdi på 150 millioner kroner.