Hopp til innhold

Desse kan få stein frå Stad skipstunnel

Interessa frå næringslivet for å skaffe seg steinmassar frå Stad skipstunnel er stor. Over 3 millionar kubikkmeter fast fjell skal fjernast når bygginga går i gang. Det svarar til nærmare seks mill. kubikkmeter med sprengte steinmassar.

Kystverket og kommunane Stad, Kinn og Vanylven har no bestemt seg for kven som kan få masser i dei tre kommunane.

– Dette vil føre til auka verdiskaping og forsterke eit næringsliv, som allereie har vist seg som handlekraftig, seier kommunedirektør i Kinn, Øyvind Bang-Olsen i ei pressemelding frå Kystverket.

Det er gjort ei prioriteringsliste over kva slags tiltak som kan få stein, for det er ikkje sikkert alle kan få.

Entringsområde Kjøde og Moldefjorden, Kjøde næringsområde, Fiskåholmen, Mowi, Sighaug, Stad molo, Breivika, Småstranda, Klovningen, Årsheim, Lesto næringsområde, Pelagia, Moldefjorden, Moldefjorden, Eidekrysset, sentrumstomta Måløy, Flatraket industribygg, Nordvestvinduet Allmenning, Domstein, Babord Raudeberg Maritime park, Pelagia Måløy/Deknepollen, Skårastranda, Barstadvika, Skotteneset og Moldefjorden.

Stad skipstunnel (Illustrasjon Kystverket).