Innbyggjarane i Vesle Kjøde på Stadlandet i Nordfjord er uroa for kva som ventar når storsamfunnet skal byggje verdas første skipstunnel.
Stortinget vil bygge Stad skipstunnel. Tunnelløpet til verdas største skipstunnel vil kome midt i bygda. Den vil bli 36 meter brei og 50 meter høg. 5,4 millionar kubikkmeter fjell skal sprengast ut.
Halvparten skal fraktast vekk på Kjøde-sida der det bur 50 fastbuande. Utbyggjar Kystverket har rekna byggetida til fem år.
Hovudargumentet for å byggje skipstunnelen er å betre tryggleiken forbi det svært vêrharde Stadhavet.
– Tidlegare har vi fått vite at steinmassane skulle direkte på sjøen og fraktast vekk med lekter. Men slik er det ikkje lenger, sukkar leiaren i grendelaget, Kristian Teigen.
Han er så fortvilt over Kystverket at han har gjeve beskjed om at han trekkjer seg som leiar i grendelaget.
– Det går på helsa laus, seier han.
– Har selt eit glansbilete
Teigen meiner Kystverket har selt eit glansbilete av Stad skipstunnel i 30 år, for å unngå bråk frå bygda og for å få prosjektet vidare. I mellomtida har det kome jamlege drypp der planane har vorte endra.
– Dei siste to åra er planane snudd på hovudet. Hadde vi visst at det skulle fraktast enorme mengder stein gjennom bygda natt og dag i fleire år, ville vi aldri ha godtatt det, seier Teigen.
Han meiner lokalsamfunnet blir ofra for at storsamfunnet skal spare pengar.
Teigen er ikkje åleine om å vere kritisk til Kystverket.
Må kutte 2 milliardar i utgifter
I mai i fjor vart skipstunnelen kostnadsrekna til 7 milliardar kroner, noko Stortinget meinte var altfor dyrt. Kystverket vart difor pålagt å redusere kostnadene med 2 milliardar kroner.
For å spare pengar, og for å kunne bruke massane til noko nyttig, vart det for eit par år sidan bestemt at 700.000 kubikkmeter steinmasse skal fraktast til Kjøde næringsområde i nærleiken.
Mengda utgjer 30.000 dumparlass. Kvar fullasta dumpar vil vege 100 tonn.
Trassa åtvaring mot bruk av dumpar
Administrasjonen i Vestland fylkeskommune ønskjer ikkje at det blir brukt store dumparar.
Det blir vist til at dei vil utgjere ein «auka fare for andre vegfarande» og at nullvisjon om «ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken» kan bli broten.
Likevel har fylkespolitikarane i Vestland opna for at det kan brukast store dumparar på fylkesvegen. Hovudargumentet er at det kan gje ei innsparing på over 100 millionar kroner.
Dumparane vil få ein aksellast som er 2,5 gonger større og 1,2 meter breiare enn det som er lovleg i dag.
Til sjuande og sist er det Statens vegvesen som avgjer om det blir gjeve dispensasjon til bruk av dumpar.
Kristian Teigen meiner det er uforståeleg at fylkespolitikarane opnar for bruk av dumpar med dei innvendingane som har kome frå fagfolka i fylkeskommunen.
Avviser kritikken
Prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad, kjenner seg ikkje igjen i kritikken frå Teigen.
Han meiner bruk av dumpar vi redusere belastningane for bygdefolket fordi bruk av lastebil vil gje tre gonger så mange køyreturar gjennom bygda.
Han fortel at det også blir jobba for å opprette eigne gangvegar for å betre tryggleiken for bygdefolket.
Dersom vegen blir skada vil den bli reparert på Kystverket si rekning
Bruk av lekter vil føre til endå meir støy- og støvproblem enn bruk av dumpar, ifølgje Skjeppestad. I tillegg blir det altfor dyrt.
– Vi har forståing for at det er utfordrande å bu i nærleiken av eit så stort prosjekt. Difor har vi prøvd å ha dialog gjennom folkemøte og direkte kontakt, seier han.
Neste folkemøte blir i slutten av februar.
Skjeppestad vedgår at det vil bli frakting av stein gjennom bygda også om natta.
– Men for nattarbeid vil det vere strengare krav til støy enn arbeid på dagtid, seier han.
Får flytte dersom det blir uleveleg
Skjeppestad fortel at fleire har fått tilbod om avbøtande tiltak som støyisolering.
– Men skulle det bli utoleleg å bu i bygda i periodar, skal vi finne alternative stader å bu i samarbeid med kvar enkelt bebuar, seier han.
Signalet om å finne nye bustader dersom det blir umogleg å bu i bygda, viser kor alvorleg situasjonen er, meiner Teigen.
– Mange byrjar å kjenne det skikkeleg uuthaldeleg. Folk misser nattesøvnen og fryktar å bli sjuke, seier han.
Meiner tunnelen er viktig
Randi Humborstad i Måløy Vekst meiner skipstunnelen vil bli veldig viktig for heile det kystbaserte næringslivet.
– Stadhavet er ein flaskehals for all kysttrafikk. Det er ikkje god samfunnsøkonomi at varetransportar som svarar til mange hundre trailerlass stoppar opp i dagevis, så snart det bles storm ved Stad.
Ho fortel at næringslivet i regionen forventar auka omsetnad, fleire arbeidsplassar og auka innovasjon med Stad skipstunnel.