Hopp til innhold

Slik ser Kystverket for seg Stad skipstunnel

Båthotell, «sjøpark» og gapahuk med scene. I tillegg til tryggare ferdsle langs norskekysten trur Kystverket at Stad skipstunnel og området rundt kan bli eit ikon.

Bildeillustrasjon Moldefjorden

SKIPSTUNNEL: Slik kan området rundt skipstunnelen i Moldefjorden bli.

Foto: Kystverket/ Multikonsult/Link Arkitektur

Torsdag kveld presenterte Kystverket korleis dei ser for seg at Stad skipstunnel og området rundt tunnelopningane kan bli.

Det blei gjort under to folkemøte i Kjøde og i Moldefjorden, som får tunnelen ved heimstadane sine.

– Vårt oppdrag er å bygge tunnel. Det er førsteprioritet. Samstundes ser vi stor interesse og potensial også i andre samanhengar enn det reint sjøtryggleiksmessige, seier Sveinung Nedregotten, som er kommunikasjonsansvarleg i Kystverket for Stad skipstunnel.

– Skipstunnelen blir den første i sitt slag i verda og kan bli eit ikon, held han fram.

Biletillustrasjon av korleis innløpet til Stad skipstunnel blir i Kjøde.

Slik kan innløpet til Stad skipstunnel bli i Kjødepollen.

Illustrasjon: Kystverket/ Multikonsult/Link Arkitektur

Skipstunnelen skal gi båtar og skip ei tryggare passering forbi Stad, som er eit av dei farlegaste og mest vêrharde strekka langs norskekysten.

Omstridd tunnel

Skipstunnelen har sidan 1990 passert 20 ulike utgreiingar , og den er omstridd .

Byggestart er venta tidleg i 2024.

Slik kan Stad skipstunnel bli

Det blir ei gradvis utbygging av tunnelområda. Her i Moldefjorden, der kun det første bygget står ferdig når tunnelen skal opnast. Men det blir tydeleg kor framtidige bygg skal stå.

Slik kan området rundt Stad skipstunnel bli

På Kjøde blir det ein «sjøpark» med gapahuk/scene med meir som kan bli ein samlingsplass i bygda.

Utbygginga rundt Stad skipstunnel skal henta inspirasjon frå korleis landskapet er på Stad.

I arbeidet med eit heilheitleg konsept for tunnelområda har ein vore inspirert av Stadlandet, og det som finst der frå før, som vêr, vegetasjon, stein, arkitektur og slike ting.

Stad skipstunnel ved Moldefjorden

Slik kan det sjå ut når skip skal passere gjennom skipstunnelen frå Moldefjorden.

Kystverket legg vekt på at det er tunnelen som er det viktigaste, og at alt rundt tunnelopningane ikkje kjem til å vera ferdig samstundes med sjølve tunnelen.

Men dei presiserer også at områda likevel skal sjå ferdige ut. Altså at det ikkje skal ligge store steinfyllingar medan ein ventar på vidare utbygging, men heller jordvollar og liknande som blir bestemmande for kvar framtidige bygg skal stå.

Positivt overraska

Ein av dei som kjem til å sjå rett bort på anløpet til tunnelen ved Moldefjorden, er Jetmund Barmen.

Jetmund Barmen er ein av dei som blir nabo til Stad skipstunnel

Jetmund Barmen er ein av dei som blir nabo til Stad skipstunnel. Anløpet blir i fjellet bak til venstre for han. Han er ikkje særleg nøgd og vil heller ha urørt natur.

Foto: arne stubhaug

– Dette blir eit stort inngrep i naturen og vi vil sjå holet svært tydeleg, seier Barmen.

Kjødepollen og Moldefjorden får begge anløp til skipstunnelen.

Han er kritisk til planane og negativ til at det kjem eit industriområde i nærleiken.

Etter folkemøtet torsdag kveld var han derimot positivt overraska:

– Det såg veldig bra ut, og det ser ut som at dei ryddar opp etter seg.

Men han er framleis motstandar av prosjektet, og trur heller ikkje skipstunnelen blir ein attraksjon.

– Eg har segla heile livet mitt gjennom både Panamakanalen og Suezkanalen. Eg trur ingen vil sjå på eit svart hol. Då kan du heller køyre gjennom Lærdalstunnelen.

Også ei rekkje politiske parti har vore skeptiske til planane. I sitt alternative statsbudsjett foreslo SV å kutte prosjektet.

Fleire andre har også ytra seg negativt og meiner at tunnelen ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam.

Men svært mange er glade for at skipstunnelen no skal realiserast og meiner det kan bli eit reiselivsprosjekt i verdsklasse.

Også fiskarar jublar for planane.

– Ikkje berre eit hol i fjellet

Terje Skjeppestad, prosjektleiar for Stad Skipstunnel, deltok på folkemøta.

– Vi vil vise korleis heile området kan bli sjåande ut når det er ferdig utbygd. Tunnelen blir ikkje berre eit hol i fjellet, men skal passe inn i landskapet. Det skal vere ein flott stad for folk i området, seier Skjeppestad.

folkemøye om skipstunnelen i Moldefjord

Torsdag kveld var det folkemøte der skissene blei lagt fram. Her frå møtet i Moldefjorden.

Foto: håvard heggen / nrk

Han var førebudd på blanda reaksjonar under folkemøta, men i etterkant av samlinga i Moldefjorden samanfatta han og kommunikasjonsansvarleg Sveinung Nedregotten reaksjonane som «veldig positive».

– Folk var ikkje skeptiske til det visuelle, og fleire sa at dersom det blei sjåande slik ut, så såg dei for seg eit stort utviklingsområde, seier Nedregotten.

– Store naturinngrep

Synnøve Aabrekk, dagleg leiar i Stad vekst, trur tunnelen vil lokke mange turistar og vere positivt for heile området.

– Det blir jo fantastisk å segle gjennom tunnelen, men vi vil også at gjestane våre skal kome att. Og då må det vere mykje meir enn ein tunnel. Skal det leve og utvikle seg, må området ha meir.

– Fleire i området er skeptiske til planane?

– Sånn vil det alltid vere, og difor er det viktig at Kystverket gjer som dei gjer og er opne og transparente i prosessen, seier Aabrekk.

Ho var i forkant av møtet spent på skissene som skulle leggast fram.

Det same var Stad-ordførar Gunnar Silden.

– Det er eit stort naturinngrep på begge sider og det er vanskeleg å sjå for seg kor stort det blir i desse små fjordane, seier ordføraren.

Silden er klar på at det er viktig for framtida at det ser «pent» ut.