Hopp til innhold

No skal gigantprosjektet ut på anbod

Verdas første skipstunnel skal no ut på anbod. Det stadfesta ikkje mindre enn to statsrådar i Selje torsdag.

Biletillustrasjon av korleis innløpet til Stad skipstunnel blir i Kjøde.

ANBOD: Stad skipstunnel skal no bli sendt ut på anbod. Tunnelen er den første av sitt slag i heile verda.

Illustrasjon: Kystverket/ Multikonsult/Link Arkitektur

Stad skipstunnel skal trygge skipstrafikken i vêrharde Stad. No er det klart at han skal ut på anbod i 2024.

Ny kostnadsramme er rekna til å vere 5,06 milliardar kroner.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) får klem etter at han offentleggjorde at Stad skipstunnel skal på anbod.

Det vanka klem til finansminister Trygve Slagsvold Vedum etter at han offentleggjorde at skipstunnelen skal på anbod.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og fiskeriminister Bjørnar Skjæran møtte saman med lokale senterparti-toppar torsdag opp på Selje i Nordfjord for å dele nyheita.

– Stortinget har vedteke prosjektet med eit breitt fleirtal og det at vi no legg det ut i marknaden er viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere prosjektet innanfor den ramma Stortinget har sett. Det er vårt mål, seier Vedum.

Fiskeriministeren støttar Vedum:

– Dette er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet og tryggleiken langs kysten. Ikkje minst vil det gje ein enorm føreseielegheit til utvikling av viktige havnæringar langs kysten.

Dyrare enn først tenkt

Arbeidet med Stad skipstunnel har føregått i ei årrekke, men tok seg for alvor opp etter mai 2021. Då vedtok Stortinget bygging og finansiering av tunnelen.

Prosjektet har vore omstridd, ikkje minst på grunn av den høge prislappen.

Tunnelen hadde opphavleg ei kostnadsramme på 2,8 milliardar. I mai melde regjeringa at prisen hadde stige til 7,13 milliardar kroner, ein auke på 74 prosent.

No er ramma nedjustert til 5,06 milliardar.

– Dersom vi får inn tilbod med tilstrekkeleg kvalitet og til ein pris som ligg innanfor den vedtekne kostnadsramma, vil vi kunne starte arbeida med å realisere skipstunnelen, seier fiskeriministeren.

Dersom tilboda frå leverandørane blir høgare enn kostnadsramma, må det førast ny sak for Stortinget, seier Vedum til NRK.

Styringsgruppa: – Eit viktig steg

Randi Humborstad er dagleg leiar i Måløy Vekst og leiar i styringsgruppa til Stad skipstunnel.

Randi Humborstad

– VELDIG FORNØGD: Leiar i styringsgruppa til Stad skipstunnel, Randi Humborstad gler seg over at tunnelen skal ut på anbod.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ho seier dette er eit viktig steg vidare for tunnelen.

– Vi har synsa og lurt på kva dette vil koste i lang tid og det har vore utsett for så m ange utgreiingar, det er ikkje meir å greie ut. Dette prosjektet er gryteklart, så no må det ut i marknaden. Og så må entreprenørane begynne å rekne på kva dette vil koste, seier ho til NRK.

Tar delar av rekninga

Sidan tunnelen er den første av sitt slag, må potensielle leverandørar tenke nytt for å få det til. Derfor skal staten vere med å dekke rekninga for å utvikle tilboda, seier Vedum til NRK.

– Vi skal vere med å dekke kostnadene når ulike selskap legg ut sitt anbod for å sikre oss at fleire vil rekne på det og gje tilbod slik at vi kan gå frå gode idear til at vi får realistiske planar for korleis prosjektet kan byggast, seier han.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum delte nyheita i Selje.

I SELJE: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum delte nyheita i Selje. Her med (frå venstre) Torbjørn Vereide (Ap), Ola Teigen (Ap), fiskeriminister Bjørnar Skjæran, Erling Sande (Sp), Judith Kvåle (Ap) og ordførarkandidat i Stad, Sigurd Reksnes (Sp).

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Tunnelen blir 1,7 kilometer lang, 50 meter høg og 36 meter brei. Det betyr at skip på storleik med Kystruten og Hurtigruten vil kunne køyre gjennom.

Byggetida er rekna å ta fem år.

Stor internasjonal interesse

Ved fullføring vil Stad skipstunnel vere den første fullskala skipstunnelen i verda.

Det har vekka interesse blant entreprenørkonsern frå heile verda. I desember 2021 vart det kjent at statseigde China Railway Group, som var med å bygge Suezkanalen var blant dei.

1. februar inviterte Kystverket til leverandørkonferanse for bygginga av Stad skipstunnel. Der møtte 160 representantar frå om lag 80 totalentreprenørar og andre leverandørar opp.