Stad skipstunnel skulle etter planen opne i 2026. Kystverket si siste analyse viser ein auke i kostnadsramma på 74 prosent.
- Venta kostnad er auka frå 3,4 milliardar kroner til 5,6 milliardar kroner.
- Kostnadsramma er auka frå 4 milliardar til 7,1 milliardar kroner.
KRITISK: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) langar ut mot den sitjande regjeringa.
I lys av dei nye tala ber regjeringa Kystverket sjå om det er råd å kutte kostandane i prosjektet.
Beskjeden kjem på dagen to år etter at Stortinget vedtok å bygge tunnelen. Då røysta berre MDG mot.
– Eit veldig urovekkande signal og viser igjen at vi har ei regjering som gjev blaffen i kysten, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
Fryktar skrinlegging
Den tidlegare Stad-ordføraren har ivra sterkt for den 1,7 kilometer lange tunnelen gjennom fjellet i havgapet lengst vest i Noreg.
Etterfølgjaren hans, Gunnar Silden (V), er også svært skuffa.
MANNSEIDET: Skipstunnelen skal gå gjennom Mannseidet på Stadlandet og vil bli 1,7 kilometer lang.
Foto: Illustrasjon KystverketKommunen har gjennom ei årrekkje brukt store ressursar på prosjektet, og har den siste tida jobba på spreng for å ferdigstille reguleringsarbeidet. Ordføraren frykta at dette kunne skje.
– Vi håper pausen blir kortvarig og at prosjektet kjem inn i neste års statsbudsjett igjen. Skrekkscenarioet er at prosjektet blir skrinlagt, seier han.
Må sjå på tala
Tunnelen skal gi skipstrafikk ein tryggare seglas rundt det svært vêrharde Stadlandet. Ved dårleg vêr ønskjer ikkje fiskebåtar å krysse Stadhavet. Større båtar vil uansett følgje den tradisjonelle skispleia.
Tunnelen har vore i tankane til kystfolket i over 140 år, og har vore gjennom fleire tiår med utgreiingar. No gjer sterk løns- og prisvekst og uvisse rundt talmaterialet at regjeringa vil sjå på prosjektet på nytt.
– Det er aldri kjekt med kostnadsauke. Vi veit meir om den endelege summen når prosjektet er ute i marknaden, seier Erling Sande.
Foto: Bård Siem / NRKRegjeringa presiserer at det ikkje er snakk om ei avlysing, men ei utsetting. Det betyr også at arbeidet med tvangsinnløysing av eigedomar no stoggar opp.
Erling Sande (Sp) er leiar for Samferdslekomiteen.
– No får vi gå inn i desse tala og sjå kva som ligg der. Regjeringa kjem tilbake med fleire svar i Statsbudsjettet til hausten. Stortinget må sjå på om det skal løyvast meir pengar til prosjektet, seier han.
– Fornuftig runde
Kystverket annonserte i februar i år at dei skulle lyse ut anbodskonkurranse for bygging av skipstunnelen til sommaren.
Ap, Sp og SV vart i budsjettforhandlingane i fjor haust også samde om at Stad skipstunnel får 76 millionar kroner i oppstartsmidlar i årets statsbudsjett.
Sjølv om Mona Fagerås, samferdslepolitisk talsperson i SV, ynskjer seg Stad skipstunnel, men støttar avgjerda om å sette prosjektet på pause.
– Det er jo eit svært dyrt prosjekt, og noko som aldri har vore gjort før. Dermed er det fornuftig å ta nokre rundar til på kostnadane, seier ho.
– Men er det realistisk å få gjennomført prosjektet billigare om det blir skote ut i tid?
– Ja, vi håpar at det er mogleg å få gjennomført dette til ein lågare pris. Det er nettopp dette det skal brukast litt tid på no.
– Urimeleg behandling
Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), er frustrert over beskjeden
– Eg hadde håpa at vi skulle få dette til med politiske forhandlingar med reelle lovnader og at ein faktisk følgjer opp det som er lova.
Fylkesleiar i Vestland KrF, Trude Brosvik, meiner regjeringa sender prosjektet ut i ny uvisse, og skuldar regjeringa for urimeleg behandling av Vestlandet.
– Når ein elles ser på alt dei har plukka ut av NTP av store og viktige vegsatsingar for Vestland fylke, så lurer eg verkeleg på kva dei tenkjer om å styrke fastlands-Noreg og legge til rette for grønt skifte og det vi skal leve av etter olja,
– Nok utsetting!
Dagleg leiar Randi Humborstad i næringsorganisasjonen Måløy Vekst minner om at uvissa er knytt til at tunnelen blir den første i sitt slag.
– Det er først når ein får inn tilbod frå entreprenørar ein kan seie kva Stad skipstunnel vil koste. No er det nok utgreiingar og trenering av dette prosjektet, seier ho og meiner det knapt er prosjekt som er meir greidd ut enn skipstunnelen.
MANNSEIDET: Skipstunnelen skal gå gjennom Mannseidet på Stadlandet og vil bli 1,7 kilometer lang.
Foto: Illustrasjon KystverketDersom tunnelen ikkje blir gjennomført, meiner stortingsrepresentant Bjørlo at det vil vere tidenes løftebrot – frå noko regjering.
– Dei har kome til makta fordi dei har sagt at dei vil prioritere distrikt, distrikts-Noreg og Vestlandet. Eg kan ikkje tru at det skjer, og forventar at dei stadfestar at prosjektet skal gå vidare når ein har fått gjort gjennomgangen, seier Bjørlo.
Kystverket viser til departement og politisk leiing for kommentarar.