Hopp til innhold

SV vil stoppe milliardtunnelen for skip

Den omstridde skipstunnelen kan bli stoppa av SV, som heller vil prioritere veg og bane rundt Bergen.

Seglas inne i Stad Skipstunnel
Foto: Illustrasjon / Kystverket/Snøhetta/Plomp

Det er i sitt alternative statsbudsjett at SV føreslår å kutte Stad skipstunnel.

Skipstunnelen til nær 3 milliardar kroner (utan meirverdiavgift) ligg inne i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, noko som skapte jubel langs kysten. Byggestart er venta tidleg i 2024.

Skipstunnelen har sidan 1990 gått gjennom over 20 ulike utgreiingar.

No ynskjer SV å ta tunnelen ut av statsbudsjettet i forhandlingane på Stortinget. Dei peikar på den stramme økonomiske situasjonen.

– Vi vil ikkje prioritere den i år, vi har ikkje rom for Stad skipstunnel, seier Mona Fagerås, som er SV sin samferdslepolitiske talsperson.

Stad skipstunnel

Tunnelen vil koste nær 3 milliardar kroner.

Foto: Illustrasjon / Kystverket/Snøhetta/Plomp/

Vil heller satse på motorveg og bane rundt Bergen

Tunnelen skal gjere at skipstrafikken unngår Stadhavet, som ifylgje Kystverket er det mest vêrutsette og farlege havstykket langs norskekysten.

Kritikarar har hevda at mange skip vil droppe å bruke tunnelen, og at den ikkje er samfunnsøkonomisk lønsam.

SV vil heller satse på E16 Arna-Voss med motorveg og ny jernbane, Bybanen i Bergen og Røldalstunnelen i Hardanger.

Regjeringa har ikkje funne pengar til desse tre prosjekta i sitt framlegg til statsbudsjett.

– Samferdsleprosjekt i Vestland blir sett opp mot kvarandre, eg var redd for at vi kom til å måtte kutte Stad skipstunnel, fordi regjeringa ikkje har prioritert dei andre prosjekta, seier Hege Lothe, som er fylkesleiar i Vestland SV.

SV har tidlegare lova Stad skipstunnel i sitt partiprogram. Lothe seier dei står ved løftet, men at tunnelen står lenger nede på prioriteringslista.

– Kvifor er veg og bane kring ein storby viktigare enn trygg transport til sjøs?

– Vegen til Voss frå Bergen har vore utsett for mange ras, og rassikring er viktig. Det blir ei avveging, og E16 er viktigast å sette høgt, seier Lothe.

Eit av argumenta for Stad skipstunnel var at ein kunne opprette hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund. Men ifølgje Sunnmørsposten rår frå fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal no ei slik løysing fordi dei meiner det blir for dyrt.

Bybanen til Åsane ved Norges handelshøyskole

Bybanen til Åsane i Bergen vil koste 17 milliardar kroner. Regjeringa vil utsetje forhandlingar om delfinansiering til 2024.

Foto: Bergen kommune

– Eit klart løftebrot

Leiar i Stad Høgre, Magne Fure, håper regjeringspartia held på sitt budsjettframlegg når det kjem til skipstunnelen.

– Vi set vår lit til Ap og Sp slik at prosjektet kan halde fram utan ei unødvendig og fordyrande pause.

– Dette er eit openbert løftebrot frå SV, seier leiar i transportkomiteen på Stortinget Erling Sande (Sp).

Sande lovar kamp for å behalde løyvinga når SV og regjeringspartia skal forhandle om statsbudsjettet.

– SV snakkar høgt om å få meir godstrafikk frå vegane over på kjøl, og at dei ynskjer ein grønare skipsfart, då er det merkeleg at dei prioriterer skipstunnelen som er eit viktig grep for å nå dei måla.

Ei utsetjing vil bety eit avbrot i planlegginga av tunnelen.

– Eg håpar og legg til grunn at SV ikkje får gjennomslag for kravet sitt.

Han er også usamd i at SV meiner dei må omprioritere innanfor Vestland fylke.

– Dette er eit statsbudsjett. SV støttar til dømes regjeringa sine planar for to store flyplassprosjekt i Nordland. Så det er ei merkeleg unnskyldning for å nedprioritere.

Øvst i denne saka brukte NRK eit illustrasjonsbilete frå Kystverket sin mediebank, den viste eit tankskip på veg mot tunnelen. Kystverket har i dag trekt illustrasjonsbiletet fordi biletet kan bli oppfatta som å ha misvisande dimensjonar på tunnelen. Dei minste tankbåtane langs kysten er små nok til å bruke tunnelen, men den illustrerte tankbåten såg særs stor ut. NRK har fjerne illustrasjonen.