Hopp til innhold

No kan arbeidet med den omstridde skipstunnelen starte

Omstridde Stad skipstunnel er no eit langt steg nærare realisering etter at Kystverket no har fått grønt lys til å sette i gang forarbeida.

Stad skipstunnel

HOL IGJENNOM FJELLET: Slik kan skipstunnelen sjå ut når den står ferdig om nokon år. Illustrasjonen viser innseilingen fra Kjøde − i den nordlege enden av skipstunnelen.

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

– Det er ingen skjær i sjøen slik vi kan sjå det no, seier prosjektleiar Terje Andreassen til NRK.

Samferdsledepartementet har i eit brev gitt Kystverket klarsignal til å setje i gang med oppstarten for Stad skipstunnel.

– No skal vi setje i gang med oppkjøp av eigedomane i området der skipstunnelen skal kome, få på plass ein prosjektorganisasjo og setje i gang anbodskonkurranse, seier Andreassen.

Det har lenge vore jobba for å få realisert skipstunnelen som skal gå tvers igjennom Stadlandet og sørge for tryggleik for dei som no må krysse det farlege Stadhavet.

Prosjektet er kostnadsrekna til 2,8 milliardar kroner. Førebels er det satt av 75 millionar i oppstartsmidlar som Kystverket no kan byrje å bruke.

Målet er blant anna at alle eigedomane som trengs blir kjøpt ut i løpet av 2021.

Om alt no går etter planen blir det byggestart tidleg i 2022 og ferdig tunnel i 2025 / 2026.

− Det er eit omfattande arbeid som skal gjerast, men vi har gode planar og utgreiingar som vil liggje til grunn for arbeidet, seier prosjektleiaren.

Høgre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Olve Grotle, meiner at dette er ein viktig milepæl for skipstunnelen.

– Vi frå Høgre er glade for at forhandlingane mellom regjeringa og FrP i fjor haust om Statsbudsjettet for 2021, resulterte i eit endeleg ja til skipstunnelen, og at vi no er i gang med realiseringa, seier Grotle.