Hopp til innhold

Krev eit klart ja til Stad skipstunnel

Samstundes som Regjeringa er i ferd med å legge siste hand på verket på Statsbudsjettet for det komande året krev store deler av maritim næring eit klart ja til Stad skipstunnel.

Tommy Sperre, Glenn Allan Bradley, Elise Fiske, Audun Maråk, Kåre Gunnar Molvær, Harald Tom Nesvik.

Tommy Sperre i Næringsforeningen for Ålesundsregionen, Glenn Bradley i Rostein, Elise Fiske frå Maritim Forening Nordvest, Audun Maråk i Fiskebåt, Kåre Gunnar Molvær i Cruise Service og Harald Tom Nesvik i Sølvtrans.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei første planane for Stad skipstunnel blei sette ned på papiret for over ein mannsalder sidan. Etter dette har planane vore oppe til behandling i Stortinget ei rekkje gonger.

Fleire gonger har drøftingane enda i eit nesten ja. Men det siste og avgjerande klarsignalet har late vente på seg.

I dag var fleire reiarlag, representantar frå fiskerinæringa og verfta samla i Ålesund for sende ut ein vekkjar til regjeringa. Bodskapen er heilt klar: Det må bli eit JA til Stad skipstunnel.

– Dette er eit overmode prosjekt. Det skulle ha vore realisert for lenge sidan. Det er eit tryggleiksprosjekt og eit prosjekt for å styrke beredskapen. Det er eit prosjekt for både småbåttrafikken og for nyttetrafikken, seier Harald Tom Nesvik i reiarlaget Sølvtrans.

Les også Kraftige reaksjonar på utsetting av skipstunnel

Stad skipstunnel ved Moldefjorden

Les også Skipstunnel kan bli turistmagnet

Stad skipstunnel

– Stad er ein barriere

Nesvik har også vore Stortingsrepresentant i ei årrekkje. Og han har vore med på å behandle Stad skipstunnel fleire gonger.

– Denne veka sit regjeringa i statsbudsjettkonferanse. Forventninga no er at regjeringa må levere varene. Kysten fortener det. Det kan ikkje vere berre Austlandet som får.

Du sat jo sjølv på Stortinget. Kva seier du om tida det har teke å få svar?

– Det har teke alt for lang tid. Det går ikkje an å halde på med nye utgreiingar i forsøk på å utsetje dette. Vi treng regularitet lang kysten, vi treng eit døgnope samfunn. Og Stad er ein barriere, seier Nesvik.

Les også Slik ser Kystverket for seg Stad skipstunnel

Bildeillustrasjon Moldefjorden

– Ei sak for heile nasjonen

Det er venta at fiskebåtar av ulike storleikar kjem til å bruke Stad skipstunnel, ikkje minst når vêret er dårleg. For mange vil også tunnelen vere med på å korte ned distansen båtane skal gå. Det meiner Audun Maråk i organisasjonen Fiskebåt.

– Dette er ei nasjonal sak, og ikkje ei sak som berre angår Vestlandet. Heile fiskeflåten har nytte av prosjektet. Det handlar om både beredskap og tryggleik langs kysten, seier Maråk.

Han meiner at særleg dei minste og dei mellomstore fiskebåtane kjem til å ha nytte av skipstunnelen.

– Difor støttar organisasjonen Fiskebåt Stad skipstunnel heilhjarta. Dette ville vere ei vinnarsak for regjeringa. Regjeringa står svakt på Vestlandet. Men eit ja til Stad skipstunnel ville vise at regjeringa også ser Vestlandet, seier Maråk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL