Hopp til innhold

Nektar å rive huset for gigant-tunnel

Unni Elin og Rune Hovden meiner dei kan leve med verdas største skipstunnel som nabo. Men Kystverket vil rive huset deira.

Rune og Unni Elin Hovden

VIL VERE HER: Rune (65) og Unni Elin (61) ved huset sitt som dei eigenhendig bygde tidleg på 1980-talet. Staten krev at huset blir rive for å gje plass til verdas største skipstunnel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ekteparet Unni Elin og Rune Hovden har i fleire år levd i uvisse. Dei veit ikkje om bustadhuset deira må rivast, og kva dei eventuelt vil få i erstatning.

I den vesle bygda Kjøde ved Stad veit familien Hovden heller ikkje kvar dei skal gjere av store fiskebåten sin, «Hovden Viking». Fiskebåten som ligg til kai på eigedomen har 15 tilsette. Ekteparet opplever situasjonen som svært vanskeleg.

– Det går på helsa laus å gå med håp om å få behalde huset, medan du neste dag får beskjed om det motsette, seier Rune Hovden.

Går det slik regjeringa ønskjer, vil tunnelopninga til verdas største skipstunnel kome 80 meter frå huset deira. Tunnelen skal gjere det tryggare for skip å komme seg forbi vêrharde Stad.

Stad skipstunnel vil bli 50 meter høg og 36 meter brei og blir lagt ut på anbod ved årsskiftet. Kostnadsramma er 5,1 milliardar kroner. Planlagt byggestart er 2025 med ei byggetid på fem år.

Biletillustrasjon av korleis innløpet til Stad skipstunnel blir i Kjøde.

Stad skipstunnel vil bli 2,2 kilometer lang og den einaste i sitt slag. Planlagt byggestart er i 2025. Det er rekna ei byggetid på fem år.

Illustrasjon: Kystverket/ Multikonsult/Link Arkitektur

Får støtte frå grendelaget

Ekteparet fekk først vite at det ikkje var nødvendig å rive bustadhuset, men at dei periodevis under den fem år lange anleggsperioden risikerer å må flytte ut. Dette sa dei ja til, men så snudde Kystverket. Dei krev at huset likevel må rivast.

Ekteparet og sonen jobbar i familiebedrifta Hovden senior. Dei får behalde kaianlegget og har planar om store investeringar der. Men ein molo nær skipstunnelen kan kome i konflikt med fiskebåten. Difor er alt uvisst.

– Det er hus og heim og livsverket vårt vi snakkar om, seier Rune Hovden.

Familien Hovden sin fiskebåt.

Fiskebåten «Hovden Viking» ligg her til kai på eigedomen i Kjøde. Båten er eigd av familien Hovden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Leiar i Kjøde grendelag, Kristian Teigen, forstår at ekteparet Hovden er frustrerte, og dei er ikkje åleine.

– Eg trur nesten alle i bygda er kritiske til Kystverket sin framgangsmåte. Vi får aldri skikkeleg svar på korleis det blir. Planane blir endra og dei blir større, utan at vi får skikkeleg informasjon. Alle lever i uvisse, seier han.

Fire saker kjem for retten

Sidan ekteparet Hovden ikkje godtek at huset skal rivast, har staten starta ein rettsprosess for å overta eigedomen med makt. Ei såkalla oreigningssak. Tingretten skal avgjere om bustadhuset må rivast og kva dei eventuelt vil få i erstatning.

Ekteparet ønskjer ei rettsavgjerd så fort som råd, men saka er utsett på ubestemt tid.

Stortinget har i utgangspunktet gitt klarsignal for skipstunnelen, men har sett som krav at den ikkje må koste meir enn 5,1 mrd. kroner. Kystverket viser til at endeleg klarsignal og tidspunkt for anleggsstart ikkje er bestemt og at pågåande prosessar for innløysing av eigedommar skal stoppast. Ekteparet har klaga på dette, men ei avklaring let vente på seg.

– Uthalinga vi blir utsette for er respektlaus og umenneskeleg, seier Rune Hovden. Kona Unni Elin nikkar og legg til.

– Vi ønskjer ei avklaring, men alt er uvisst og vi kan ikkje planlegge nokon ting.

Så langt har tre familiar fått bustadhusa og eigedomane sine innløyste. Også nokre hytter og naust med andre eigarar er løyste inn av staten. Den samla prislappen er så langt på 40 millionar kroner. I tillegg må fire saker avgjerast av retten. Hovden sin eigedom er ein av desse.

Familien Hovden sitt bustadhus som kanskje må rivast

Her er ekteparet Rune og Unni Elin Hovden sitt hus som staten vil rive. Tunnelopninga for Stad skipstunnel vil kome 80 meter frå til høgre for huset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Meiner det visuelle er avgjerande

I ein fersk rapport utarbeidd på oppdrag frå Kystverket går det fram at djupe lausmassar ved bustadhuset kan kome i bevegelse under sprengingsarbeid.

Sprengingsarbeid kan også føre til «skade på bygget, eller at anleggsarbeida må utførast betydeleg forsiktig». Noko som vil føre til vesentleg fordyring.

Det blir også peika på at huset vil vere «visuelt eksponert», heilt på kanten av anlegget. Det «vil bryte med dei naturlege linene som skjeringane vil danne».

Rune Hovden sin advokat, Lars Inge Ørstavik, har lite til overs for rapporten frå Multiconsult.

Han viser til at den vart laga i februar i år, lenge etter at staten bestemte seg for å ta bustadhuset med makt, og hevdar at fakta i saka blir «konstruert».

– Hovden sitt bustadhus blir ikkje fysisk råka av arbeidet. Det står ikkje på lausmasse i det heile tatt. Det står direkte på fjell, seier advokaten.

Det einaste som ikkje direkte kan tilbakevisast av staten sine argument som teknisk feilaktig, er at huset påverkar det visuelle inntrykket for skipstunnelen, meiner advokaten.

Det er tungt å svelgje at ein må fråvike heimen fordi storsamfunnet synest huset ikkje er pent nok til å kunne ligge ca. 80 meter frå tunnelinnslaget, seier Ørstavik.

Ekteparet Unni Elin og Rune Hovden nektar å flytte frå huset sitt på Kjøde i Stad.

Rune og Unni Elin Hovden er fortvila over at dei kan bli tvinga til å flytte frå huset sitt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kystverket: – Avgjerda er tatt

Prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Kjeppestad, avviser at dei kjem med oppkonstruerte argument og at det visuelle er avgjerande for at huset må rive huset.

– Nei, her er det berre faglege argument som blir vektlagt. Det er stor risiko for å skade bygningane når ein bygger skipstunnelen, seier han.

Men er det ikkje mogleg å sjå korleis det går, og at ekteparet Hovden kan få flytte tilbake igjen dersom huset ikkje blir skada under anleggsarbeidet?

– Nei, det er ikkje slik vi jobbar. Avgjerda om å oreigne eigedomen er tatt.

Kjeppestad forstår at det kan vere belastande for bygdefolket å ha eit så stort prosjekt tett innpå seg.

Det er beklageleg at førarbeidet til prosjektet tar lenger tid enn det som er førespegla. Vi har registrert at enkelte er misnøgde, men vi har langt ifrå opplevd ein storm frå bygdefolket, seier han.

Vil kjempe vidare

Rune Hovden gir ikkje opp og lovar å bruke all energi på at dei skal halde fram med å bu i huset.

– Men er du sikker på at det vil gå greitt å bu der med den enorme opninga på skipstunnelen like ved?

– Det vil gå heilt fint og vi fryktar ikkje mykje støy. I sentrale strok er det heilt vanleg å bu nære tunnelar. Kystverket må ta til fornuft, seier han.