Hopp til innhold

Frp sikrar byggestart for Stad skipstunnel

Etter harde budsjettforhandlingar tvingar Framstegspartiet regjeringa til å sette i gang med å bygge skipstunnel på Stad og utvide smale vegar i Hardanger.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Stad skipstunnel er meint å skulle gi tryggare segltur langs det vêrutsette Stadhavet.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Måndag kveld vart Framstegspartiet og regjeringspartia samde om statsbudsjettet for neste år.

Der har Frp sørga for 75 millionar kroner til byggestart for Stad skipstunnel i 2021.

– Vi sikrar at prosjektet kjem og blir sett i gong i 2021 med i underkant av 100 millionar kroner det første året. Så vil dei resterande milliardane komme etterpå, seier Helge André Njåstad til NRK.

Han er stortingsrepresentant for Frp frå Hordaland.

I tillegg har partiet krangla inn 35 millionar kroner til riksveg 13 i Hardanger, der det om sommaren har vore trafikkaos og lange køar.

Njåstad vedgår at summen er langt frå nok til å utbetre vegen mellom Kinsarvik og Bjotveit.

– Men det er betre enn null kroner, som har vore utgangspunktet i veldig mange år. Det er ein viktig milepæl at vi begynner å bruke pengar på den vegen, seier Njåstad.

Prosjektleder for Stad skipstunnel, Randi Humborstad, møter stortingsrepresentanter fra Frp.

GODE VENER: Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Humborstad, møtte stortingsrepresentantar frå Frp tidlegare i haust.

Foto: Måløy vekst

Hareide droppa prosjekta

Begge prosjekta vart droppa av samferdselsminister Knut Arild Hareide i oktober fordi han ikkje fann pengar til dei.

Det trass i at alle dei fire partia har tala varmt om særleg skipstunnelen i mange år.

Samstundes lova stortingsrepresentant Jon Georg Dale at Frp skulle sikre stortingsfleirtal for byggestart av skipstunnelen, noko lokale KrF-arar sette sin lit til.

– Spaden må i jorda, dynamittsalva må i fjellet, sa Dale.

I Frps alternative statsbudsjett er det sett av 75 millionar kroner til skipstunnelen.

No har dei fått med seg regjeringa på å få i gang byggestarten, som truleg blir på slutten av 2021 etter at anbodsprosessane er over, ifølgje Njåstad.

– På den måten kjem vi til eit vendepunkt slik at skipstunnelen no vil komme. Prosjektet har vore gryteklart lenge, seier stortingsrepresentanten for Frp i Hordaland.

– Vi bygger det for å skape trygg ferdsel for alle langs Stadhavet, eit veldig vêrutsett hav. I tillegg får vi ein turistmagnet som vil bety mykje for reiselivet, og vi knyt Sunnmøre tettare til Vestlandet, seier Njåstad.

KrF, V og H jublar

KrFs politiske talsperson, Tore Storehaug, kallar det heile for «ein viktig siger for Kyst-Noreg».

– Det er veldig bra at Frp har løfta skipstunnelen inn i budsjettet. Knut Arild har vore tydeleg på at det berre står på pengane. No har vi fått løyvinga på plass, seier Storehaug.

Også Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) jubla over nyheita.

– Det er 1. desember og større luke i julekalenderen kunne vel ikkje bli opna. Det er heilt fantastisk, seier Bjørlo.

Han er no sikker på at det blir noko av skipstunnelen til 2,7 milliardar kroner.

– No er det sikkert. Eg oppstartsløyving over statsbudsjettet betyr at no startar ein og så fullfører, seier ordføraren.

Også i Høgre er det ein gledens dag. Frida Melvær, sortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane rosar Frp for engasjementet deira i saka.

– Eg er også glad for at Høgre, Venstre og KrF har støtta dette prosjektet i forhandlingane. Det er mange som blir glade i dag, seier Melvær.

– Fantastisk

Leiar for interessegruppa for Stad skipstunnel, Randi Humborstad, er svært glad over nyheita.

– Dette var heilt fantastisk. Dette er ein stor dag for innbyggarar og næringsliv på kysten som har venta fleire tiår på at styresmaktene skulle gi klarsignal til bygging av verdas første skipstunnel, seier ho.

Humborstad seier prosjektet har vore gjennom tallause utgreiingar og kystfolk mange gonger har blitt skuffa. No er glad for at Frp har halde det dei har lova.

– No startar arbeidet med bygginga av Stad skipstunnel, seier ho.

Stad skipstunnel

SETT OVANFRÅ: Her ser du begge sider av det som skal bli Stad skipstunnel.

Foto: Illustrasjon Kystverket

Lenger veg, mindre pengar

I Frps alternative budsjett sette partiet av 85 millionar kroner til riksveg 13 mellom Kyrkjeneset og Bjotveit.

No har dei altså inkludert strekninga heilt til Kinsarvik, men summen er meir enn halvert, til 35 millionar kroner.

Det gir heller ingen garanti for at riksveg 13 gjennom Hardanger kjem seg inn i nasjonal transportplan (NTP) på sikt.

– Men vi skal forhandle med regjeringa om det til våren, seier Njåstad.

Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) er litt skuffa over at summen ikkje er større.

– Vi treng eigentleg 120 millionar kroner og hadde venta minst 85 millionar kroner neste år. Men ein oppstart er uansett viktig, seier Haug.

Eidfjord-ordførar Anders Vatle (Sp) i nabokommunen er avventande til budsjettgjennomslaget.

– Viss eg har forstått dette rett, ser det ut til at det blir pengar til planlegging og utgreiing av skikkeleg oppgradering, og ikkje berre strakstiltak. Det er positivt, seier Vatle.