Hopp til innhold

Får ekstrautgift fordi stein blir frakta for kort avstand: – Hol i hovudet

Eit eige norsk «distansekrav» skapar hovudbry for reiarar som ønsker oppdrag i prestisjeprosjektet Stad skipstunnel. No fryktar fleire at dei store oppdraga vil gå til utanlandske skip.

Stad skiptunnel

SKIPSTUNNEL: Slik kan skipstunnelen sjå ut når den står ferdig om nokre år. Illustrasjonen viser opninga mot Moldefjorden i Selje − i den sørlege enden av skipstunnelen.

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp

Etter mange år med kamp og utgreiingar blei det endeleg bestemt: Verdas første fullskala skipstunnel skal byggast.

Ein 2,2 kilometer lang tunnel som skal sørge for ein sikker seglas forbi det utfordrande Stadhavet.

Målet er byggestart i starten av 2024, og planen er at tunnelen skal stå klar tre-fire år seinare.

Det er enorme mengder stein som skal fraktast vekk etter kvart som tunnelen blir til. Mengdene svarar til rundt 5,4 millionar kubikkmeter med sprengt masse. Eller: 750.000 lastebillass.

Og det er nettopp dette som no kan skape utfordringar.

Sidan massane truleg skal fraktast med kortare avstand enn 30 nautiske mil, som svarar til 55 kilometer, slår dette uheldig ut for norske reiarar.

– Vi har eit ulogisk distansekrav for norske båtar, seier Kenneth Erdal som er næringspolitisk rådgjevar i Kystrederiene.

Det han viser til er eit krav om ein regel som i fleire tiår har lege til grunn for særfrådraget til sjøfolk.

I dag er det krav om ein såkalla «utsegla distanse» på rundt 55 kilometer for å få til dette.

Det betyr at med norske sjøfolk om bord må skipet segle over denne distansen for å oppnå krava.

Stad skipstunnel

Det må fraktast vekk stein tilsvarande 750.000 lastebillass for å realisere Stad skipstunnel.

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Reglane seier at to tredeler av turane i løpet av eit år må vere over denne distansen, den tilsvarande regelen gjeld ikkje for utanlandske skip.

Dersom sjømannsfrådraget fell bort, må rederia betale ein ekstrakostnad slik at sjømennene ikkje taper løn. Det får også følgjer for rederia sin rett til refusjon, innanfor den såkalla nettolønsordninga.

– Resultatet er at på mindre distansar vil ikkje norske skip vere konkurransedyktige mot utanlandske skip, som ikkje har tilsvarande krav, seier Erdal.

Han viser til eit tenkt eksempel på korleis det slår ut i kroner og øre: Ei besetning på 10 kan føre til auka kostnadar på over 3 millionar kroner, per fartøy, som følge av tap av sjømannsfrådraget og nettolønsordninga.

– Heilt forkasteleg

Roslagen shipping er ein av fleire reiarlag som no seier dei truleg ikkje kjem til å legge inn tilbod knytt til Stad skipstunnel på grunn av det omstridde distansekravet.

– Eg tykkjer det er utruleg frustrerande at vi skal bli utkonkurrert på eigen kyst, seier Mary Ann Mostraum.

Bilete av norsk frakteskip

Eit av skipa til Roslagen shipping. No er det usikkert om dei vil legge inn tilbod.

Foto: Privat

Reiarlaget har fem fartøy og om lag 40 heiltidstilsette. Selskapet driv mellom anna med transport av lausmassar på båtane.

Ho trur at Stad skipstunnel kunne vore relevant for deler av båtane deira.

– Men sidan transporten truleg blir under 30 nautiske mil så er det ikkje mykje vi har tenkt på.

Mary Ann Mostraum

Mary Ann Mostraum i Roslagen shipping reagerer på distansekravet.

Foto: Privat

– Hol i hovudet

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) har no teke opp saka i Stortinget.

Han kallar det «hol i hovudet» at norske skip får ekstra utgifter dersom dei fraktar stein for kort avstand.

– Det vil vere heilt uforståeleg og meiningslaust om vi har stelt oss slik at norskeigde reiarlag er forhindra frå å konkurrere mot utanlandske reiarlag om å gjere same jobben, nemleg å flytte store mengder massar frå A til B i nærtrafikk på kysten. Dette må vi få rydda opp i.

Både LO, Unio og Norsk Sjømannsforbund tok saka opp med Finansdepartementet for to år sidan, førebels utan resultat.

Bjørlo seier han kjem til å ta opp saka på nytt til hausten.

Han erkjenner at også den førre regjeringa, som Venstre var ein del av, burde teke tak i dette.

Alfred Bjørlo

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) ønsker å fjerne distansekravet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ønskjer å innføre krav

Nærings- og fiskeridepartementet har fått spørsmål om dei ønsker å fjerne det særnorske distansekravet.

Svaret frå statssekretær Kristina Hansen er at dei ønsker å innføre eit anna tiltak som vil jamne ut forskjellane.

– Regjeringa ønsker å innføre norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel.

Ho viser til at ved å innføre dette, vil eit oppdrag som Stad skipstunnel måtte utførast av sjøfolk med norsk løn.

– Dette gjeld både for norske og utanlandske reiarlag.

Men Kystrederiene er ikkje nøgd med svaret.

At regjeringa viser til at det skal innførast krav om norske lønns og arbeidsvilkår i norske farvatn har ingenting med denne saka å gjere.

Han viser til at det viktigaste for norske sjøfolk og reiarlag no er at dei kan konkurrere i norske farvatn på lik linje med utanlandske skip.