Hopp til innhold
Geir Karstensen på oppdrettsanlegget på Batalden
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Økonomi og næringsliv i Vestland

Oppsummert

Siste nytt om økonomi og næringsliv i Vestland.

  • Konkurs kan få konsekvensar for Sotrasambandet

    Denne veka gjekk det store konsernet Agder Gruppen konkurs. Selskapet skal vere ein stor leverandør av tungt tunnelutstyr til Sotra Link, som bygger Sotrasambandet mellom Bergen og Øygarden kommunar.

    – Det er førebels uklart kva konsekvenser dette får for oss, seier kommunikasjonsleiar Gunn Eklund Breisnes i Sotra Link til Bergensavisen.

    Ho seier dei jobbar med konkursboet for å avklare konsekvensane.

  • Næringsforeningene samler seg nasjonalt

    171 lokale næringsforeninger har denne uken samlet seg for første gang i Trondheim, og opprettet en nasjonal enhet: Næringsforeningene i Norge.

    – Det gir oss en tyngde og en gjennomslagskraft som vil være svært viktig, sier Monica Mæland, administrerende direktør i Bergen Næringsråd, i en pressemelding.

    Totalt representerer den nasjonale bevegelsen 30.000 bedrifter og rundt 750.000 ansatte. Et midlertidig styre (bildet) består av foreningene i Kristiansand, Bergen, Trondheim og Stavanger.

    De er opptatt av samferdsel, rammer for norsk eierskap, pris på strøm, skattenivå og eksport.

    Interimstyret for Næringsforeningene i Norge
    Foto: Kenneth Stoltz / NiT
  • Betalar ut 1,3 milliardar i utbyte

    Resultatet for Eviny i fjor vart 3,8 milliardar kroner. Ein auke på 2,4 milliardar frå 2022.

    – Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.

    Styret innstiller no på 1,3 milliardar kroner til 17 vestlandskommunar, Statkraft og to lokale kraftlag som eig straumleverandøren.

    Statkraft åleine får 567 millionar kronar. I tillegg får desse kommunane mest:

    ► Bergen kommune, 493,5 mill. kroner.
    ► Alver kommune, 45,1 mill. kroner.
    ► Øygarden kommune, 44,7 mill. kroner.
    ► Askøy kommune, 32,4 mill. kroner.
    ► Sunnfjord kommune, 29,7 mill. kroner.

    Generalforsamlinga handsamar innstillinga 21. mai.

    Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK
  • Finansministeren opna ny fabrikk

    Over 300 tilsette mista jobben då felgfabrikken Fundo Wheels melde oppbod for 15 år sidan. For fem år sidan takka også franske St Jean Wheels for seg i Høyanger.

    I lokala der det før vart produsert bildelar i aluminium, opna i dag Hydro anlegget som skal vinne att aluminium.

    Aluminiumsgiganten har investert 240 millionar kroner i anlegget som skal huse kring 20 arbeidarar.

    Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum stod for opninga.

    – Ein ting er arbeidsplassane. Det tryggar også framtida til verket, gjer det lettare for vidaregåande skule, skaper aktivitetar rundt og kanskje familiar flytter hit. I sum er det mange ting som gir utvikling og optimisme, sa Vedum.

    Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum opna nytt resirkuleringsanlegg i Høyanger.
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Historisk semje i bussoppgjeret

    For første gong sidan bussbransjen vart innført, vart partane i lønsforhandlinga samde utan mekling.

    – Vi hadde forventa det skulle gå til mekling, så det er gledeleg, seier Tore Even Øvretvedt, bussjåfør i Firda Billag og hovudtillitsvalt i Yrkestrafikkforbundet.

    Bransjen får auka timeløna med 11 kroner. Auka per time består av eit generelt tillegg på sju kroner pluss eit normallønstillegg på fire kroner. Resultatet er i tråd med frontfaget si råme på 5,2 prosent.

    Sjåførane er nøgde med resultatet som no skal til uravstemming.

    – Eg blir veldig forundra om dette ikkje går igjennom, seier Øvretvedt.

    Firda Billag i Førde med ekspressbuss
    Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK