Draugen - feltet
Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

Olje og gass i Møre og Romsdal

Oppsummert

Møre og Romsdal er det nest største oljefylket i Noreg, etter Rogaland. Om lag 17 prosent av sysselsetjinga i næringslivet i fylket er relatert til olje- og gass-sektoren.

  • Viderefører prosjekt

    Styret i Gassknutepunkt Nyhamna vedtok i dag å videreføre prosjektet ut 2019. Målet har vært å gjøre landanlegget på Nyhamna i Aukra til et knutepunkt for flere gassfelt enn Ormen Lange. Det skjer når Aasta Hansteen-feltet begynner å levere gass til Nyhamna før nyttår. Molde-ordfører Torgeir Dahl sier gassknutepunktet har skapt viktige nettverk og at de vil ta prosjektet over i en ny fase.

    Polarled kommer inn til Nyhamna
    Foto: Lillian Aasheim / Shell
  • Skal levere gass før nyttår

    Datoen for når den første gassen frå Aasta Hansteen-feltet kjem til Nyhamna i Aukra er enda ikkje bestemt, ifølge Equinor. Men selskapet presiserer at dei er i rute og at det skal skje før nyttår. Utbygginga av Nyhamna som gassknutepunkt er allereie klargjort og gassrøyret nordover er lagt. Gassrøyrleidninga Polarled er kopla til Aasta Hansteen-plattforma og det er Nyhamna som skal sende gassen vidare ut i Europa.

    Polarled kommer inn til Nyhamna
    Foto: Lillian Aasheim / Shell
  • Leitebrønn-løyve

    Oljedirektoratet har gitt Equinor løyve til å bore ein leitebrønn nord for Kristiansund, skriv tk.no. Brønnen ligg 17 kilometer søraust for Njord-feltet, og vest for Draugen-feltet. Equinor må vente på fleire godkjenningar før dei kan setje i gang boringa, skriv avisa.

  • Vil hindre meir sløsing

    Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord frontar no kampen for å hindre meir sløsing i hundremillionarsklassen frå reservegasskraftverket på Nyhamna. Kraftverket trengst ikkje lenger og Statnett er no i ein prosess med å selje det og vil då fjerne all infrastruktur under bakken. Riksfjord vil berge infrastruktur og kilometervis med røyr mellom reservegasskraftverket og gassanlegget på Nyhamna for eventuell framtidig industri der.

    Bernhard Riksfjord
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Nye tilsetjingar i oljenæringa

    Fram til 2022 vil det bli behov for mellom 24 000 og 28 000 nye tilsetjingar i oljenæringa, ifølge ein studie frå forskingsinstituttet IRIS. Den er utført på vegner av bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass. Ifølgje studien har nærare 48 000 arbeidsplassar i direkte petroleumsbasert verksemd forsvunne dei siste åra. Enkelte av dei skal erstattast, samtidig som bransjen skal erstatte dei som går av med pensjon, og studien anslår at det vil vere behov for om lag 18 000 nytilsetjingar, berre for å erstatte disse.

Kristiansund sin ordførar seier at nye eigarar må drive feltet frå Kristiansund.