Hopp til innhold

Krangel om middagstallerkenen på norsk sokkel

Kvar dag går det med to tonn kjøtt på norsk sokkel. Tollreglar gjer at nesten alt saman kjem frå utlandet.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

TOAR HENDA SINE: Regjeringa ønskjer at «mest mogleg» av maten på sokkelen skal vere produsert i Noreg, men lèt det vere med ei oppmoding. I staden presiserer dei at initiativet må komme nedanfrå.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Oljeindustrien og matindustrien bør setje seg saman for å finne løysingar på korleis norskdelen av mat på sokkelen kan aukast. Det er behov for initiativ og samarbeid her, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Bakgrunnen er aukande press på Equinor og resten av oljenæringa om å servere meir kortreist kjøtt på sokkelen.

I dag kan norske oljeselskap importere utanlandsk kjøtt tollfritt til norsk sokkel.

I praksis betyr det at opp mot 80 prosent av kjøttet som blir servert på tallerkenar i Nordsjøen kjem frå alle andre stader enn Noreg, og at norske offshore-arbeidarar vekselvis et storfe frå Brasil, Argentina og Uruguay, og lammekjøtt frå New Zealand.

Dagleg dreier det seg om to tonn kjøtt.

Sandra Borch og Espen Barth Eide mater kyr på en gård på Jessheim

– Oljeindustrien og matindustrien bør setje seg saman for å finne løysingar på korleis norskdelen av mat på sokkelen kan aukast, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp). Her saman med klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Javad Parsa / NTB

Statsråden er altfor forsiktig

Kortreist kjøtt bidreg til å halde oppe arbeidsplassar og busetjing i heile Noreg. Det burde vere nok til at offshore-bransjen vel å servere norsk mat, seier Anne Ekornholmen, som er politisk redaktør i avisa Nationen.

Alfred Bjørlo er nærings- og matpolitisk talsperson for Venstre.

Statsråden er altfor forsiktig og servil mot oljebransjen når ho berre oppfordrar til samarbeid. Her bør ho banke i bordet og seie at dette går rett og slett ikkje an, seier han til NRK.

Han seier det er «heilt uakseptabelt» at oljeselskapa «snor seg unna normalt samfunnsansvar», og i staden importerer kjøtt frå andre sida av verda.

Om oljeselskapa har forståing for klima- og naturkrisa og for omdømmet til eiga næring, så sluttar dei omgåande med å kjøpe klimaøydeleggande kjøtt på billigsal, seier han.

Sverige og Danmark har mål om 60 prosent økologisk mat i sine kjøkken innan 2030.

Det er 86 bunnfaste plattformer på norsk sokkel, av disse er 71 bygget i stål og 15 med betongfundament.

Det er 86 botnfaste plattformer på norsk sokkel, av desse er 71 bygd i stål og 15 med betongfundament.

Foto: Oljedirektoratet

Equinor erstattar «noko raudt kjøtt»

Per Steinar Stamnes er fagforeiningsleiar på norsk sokkel for Industri Energi Equinor, som organiserer 2241 tilsette.

Han kallar det «eit tankekors» at olje- og matindustrien har samanfallande interesser, men at dei likevel ikkje finn kvarandre.

Medlemmene våre vil ha meir norsk mat i byssa. Vi har teke det opp med leiinga i fleire rundar, og opplever at vi får gehør for det. Men det går ikkje så fort som vi kunne ønskje, seier han.

Vår Energi sende i fjor ut pressmelding om at fire av deira offshoreinstallasjonar stiller strengare krav til lokale underleverandørar og kortreist mat.

Via NTB varsla Equinor-leiinga på same tid at dei erstattar «noko raudt kjøtt» med fisk, kylling, svin og vilt.

Den norske andelen av kjøttinnkjøpet til sokkelen er låg, men vi jobbar for å auke han i samarbeid med leverandørane våre, seier Gisle L. Johannessen i Equinor.

Han viser til at dei satsar på sesongbasert norsk kjøtt og «ei vriding til meir plantebasert kost og meir bruk av fisk og kvitt kjøtt».

Det er ei dreiing mot ein meny som er meir berekraftig og tilpassa nye generasjonar medarbeidarar, samtidig som vi varetek alle tilsette offshore, seier han.

(Les utvida svar under.)

Johan Sverdup-feltet

– Medlemmene våre vil ha meir norsk mat i byssa. Men det går ikkje så fort som vi kunne ønskje, seier Per Steinar Stamnes, som er fagforeiningsleiar på norsk sokkel for Industri Energi Equinor.

Foto: Rolv Christian Topdahl

Det billigaste er ikkje alltid det beste

Sofie Marhaug i Raudt meiner gode forsett ikkje er nok, og etterlyser meir aktiv bruk av den statlege eigarskapen i Equinor.

Det billigaste er ikkje alltid det beste, verken for magen eller norske bønder, seier ho.

Frå Høgre heiter det at importkjøttet er prisen for at Noreg har tilgang til andre marknader og at ein «meir nyansert debatt» må ta utgangspunkt i dette.

Utvalet på sokkelen bør reflektere det vi har tilgang til på fastlandet. Altså ein kombinasjon av eigenproduksjon og import, seier Ove Trellevik (H).

(Les fleire reaksjonar på Stortinget under.)

I 2019 påla landsmøtet til fagforbundet Safe at deira eige forbundsstyre skal jobbe for å fremje norsk kjøtt og råvarer for alle aktørar på norsk sokkel.

Før jul vart arbeidet krona med ein førebels siger då fire plattformer – Goliat, Balder, Ringhorne og Jotun – byrja å stille strengare krav til kortreist mat.

Forbundsleiar i Safe, Hilde-Marit Rysst, seier det berre er ein spe byrjing.

Vår Energi peikar seg ut positivt. Men generelt har bransjen ein lang veg å gå for å ta eit heilskapleg ansvar og for å bruke norske kvalitetsvarer.

Goliat-feltet i Barentshavet

Før jul byrja fire plattformer – Goliat (bilete), Balder, Ringhorne og Jotun – å stille strengare krav til kortreist mat.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Les også Statsråden må forklare seg til Stortinget om kva som er middag

Stortingssalen