Den enorme installasjonen ute på havet hadde gjort jobben sin. Det var aldri planlagt å hente opp meir olje og gass på plattforma etter 2013.
Ti år seinare er Olje- og energiminister Terje Aasland på besøk for å feire at ein skal pumpe opp olje og gass i 20 nye år.
– Dette er viktig. Det er viktige ressursar som marknaden spør etter. Ein ting vi har erfart i løpet av det siste året er at Europa treng meir energi i tida framover.
Olje og energiminister Terje Aasland var på plass under dagens gjenåpning.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKKostnadssprekk
Oppgraderinga av den gamle plattforma som ligg nordvest for Kristiansund skulle etter planen vere ferdig allereie i 2020. Tre år seinare markerer Equinor omsider slutten på oppussingsarbeidet.
– No er vi i gang og det er utruleg kjekt. Og sjølv om vi har brukt lang tid på prosjektet, litt lengre tid enn planlagt, så vil det vere nedbetalt innan to år. Det seier Grete Haaland i Equinor.
– Det er ein veldig fin dag. Vi er stolte over dette nye anlegget, seier Grete Haaland, områdedirektør for utforsking og produksjon nord på Njord.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKIfølgje budsjettdokument frå Olje- og energidepartementet skulle prosjektet eigentleg ha ein prislapp på 17 milliardar kroner. Men kostnadane auka til 31 milliardar, nær det dobbelte av det som var planlagt. Haaland meiner likevel det er ei god investering.
– Dette er eit robust og solid prosjekt. Vi skal produsere frå Njord, men vi har også Hyme, Bauge og Fenja. Og vi leitar også meir i området. Så dette er ein installasjon for framtida.
Omfattande oppgradering
Njord A har henta opp olje og gass sidan 1997. Det er meir igjen under havbotnen, men etter 19 år hadde plattforma i 2016 behov for ei større oppgradering.
Slept til land
Plattform og lagerskip vart slept til land for oppgraderinga. Ifølgje Aker Solutions er det første gong ein har taua i land ei plattform på denne måten, for å bli pussa opp.
To år forseinka
Først i 2022, to år seinare enn planlagt, blei plattforma slept ut i Norskehavet igjen. I desember var produksjonen i gang.
– Ikkje bra
Partiet MDG er eit av dei som vil stoppe all leiting etter olje. Nestleiar Ingrid Liland er bekymra for at store investeringar i oljebransjen skal føre til ei forseinka omstilling til meir klimavennleg industri.
Sofie Marhaug er stortingsrepresentant og energi- og miljøpolitisk talsperson for partiet Raudt.
Foto: Ihne Pedersen– Denne oppgraderinga er del av ein diger investeringsboom som skal forlenge norsk oljeavhengigheit mest mogleg, stikk i strid med det klimaet toler og utviklinga av eit grønt næringsliv treng.
Energi- og miljøpolitisk talsperson i Raudt, Sofie Marhaug, deler bekymringa.
– Vi meiner at ein ikkje skal leite meir, eller at ein skal opne nye funn. Vi har allereie funne meir olje enn vi kan vinne ut om vi skal nå klimamåla.
Elektrifisering neste
Det blir no lagt planar for at Njord skal forsynast med straum frå land og bli delvis elektrifisert. Dette skal redusere klimagassutsleppa.
Men Marhaug i Raudt peikar på at elektrifisering av plattforma kan føre til problem med kraftforsyninga på land.
– Noko som truar med å tømme regionen for straum, føre til auka prisar og gjere at anna industri ikkje får nok kraft. Det er ikkje bra.
Olje og energiministeren var ein av dei som måndag fekk omvisning rundt på den nye og oppgraderte Njord-plattforma.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKOlje og energiminister Aasland svarar til NRK at dei både har ansvar for å legge til rette for utsleppskutt, og for å bruke energien mest mogleg effektivt.
– Vi må forholde oss til Parisavtalen, og det legg vi til rette for at vi skal kunne. Men samtidig er det viktig at vi klarer å ta vare på, og vidareutvikle kraftsystem på land. Slik at ei elektrifisering av for eksempel denne plattforma ikkje går på kostnad av dei moglegheitene som er på land.