Hopp til innhold

Ny investeringstopp for norsk olje og gass

Oljebransjen reknar med høgare vekst i investeringane på sokkelen enn dei tidlegare har lagt til grunn.

0wFa16awvc8

DAVID MOT GOLIAT: Offshore Noreg la onsdag morgon fram investeringsanalyse for norsk sokkel for perioden 2024–2028.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein ny prognose frå Offshore Noreg blir investeringane i olje og gass for neste år rekna til 240 milliardar kroner.

Det svarer til ein vekst på 9 prosent frå 2023, og er høgare enn det Statistisk sentralbyrå kom fram til i august.

Auken kjem av auka leiteaktivitet og fleire utbyggingsprosjekt.

I juni 2020 vedtok eit breitt fleirtal på Stortinget nye reglar i petroleumsskatten («oljeskattepakken») for å sikra at aktiviteten gjennom tider med pandemi og oljepriskrig.

Fristen for å komma under desse reglane førte til at rekordmange utbyggingsplanar vart melde inn til departementet innan utgangen av 2022.

Fleire av dei ansvarlege har sidan erkjent at pakken vart «for raus».

Rystad Energy har på oppdrag frå Offshore Noreg anslått meirinntektene til staten frå pakken til 170 milliardar kroner.

Dei neste åra kan vi forventa eit høgt investeringsnivå. Det gir arbeidsplassar i store og små leverandørbedrifter i heile landet, og er viktig for å sikra Europa påliteleg energi, seier sjeføkonom i Offshore Noreg, Marius Menth Andersen.

Etter 2024 er det venta at investeringane vil falla (sjå under).

Store investeringar og høg leiteaktivitet, i tillegg til aukande driftskostnader, medførte at totalkostnadene på norsk sokkel var rekordhøge i 2014.


Noreg har fått ei rolle som er viktigare enn mange forstår

Utfasinga av fossil energi har vore det store stridstemaet under klimatoppmøtet i Dubai.

FNs generalsekretær António Guterres agiterte for ei fullstendig utfasing av fossile brensel, men slutterklæringa var meir forsiktig i ordlyden.

Under spørjetimen i Stortinget på onsdag gjorde Lars Haltbrekken (SV) eit poeng av motsetninga mellom Dubai-uttalen og Offshore-Noreg-tala.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) svarte at det er «viktig å dempa fallet i norsk oljeproduksjon, at det ikkje skjer for raskt.»

– Eg får ikkje svar på om det utanriksministeren kallar ein historisk avtale bort frå fossil energi får noko å seia for norsk olje og gass-produksjon framover, kvitterte ein oppgitt Haltbrekken.

– Eg er frykteleg skuffa når eg høyrer på statsråden, sa Ola Elvestuen (V).

Trollutslepet i 1996

TROLLUTSLEPET I 1995: Troll-plattforma vert omtala som ein av dei største ingeniørbragdene i norsk historie.

Foto: Equinor

På eigne breiddegrader har Ukraina-krigen skapt «eit sug» etter norsk gass, og debatt om Noreg bør byggje fleire gassrøyr til kontinentet.

Under Desemberkonferansen i Kristiansund talte direktør i Oljedirektoratet, Torgeir Stordal, om at «Noreg har fått ei rolle som er viktigare enn mange forstår».

I eit land som vårt, som for alle praktiske formål er sjølvforsynt med elektrisk energi, har mange vanskeleg for å ta inn over seg kor viktig gassen vår er for britar og europearar, sa han.

Les også Skyhøge gassprisar gav rekordår for norsk eksport

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

Ifølgje Eurostat dekkjer norsk gass rundt ein firedel av energiforbruken i Europa.

Norges utslippskilder 1990–2022
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Klar forventning om at sentrale selskap snur alle steinar

Tidlegare i desember la Oljedirektoratet fram ei oversikt over norske gassressursar som av ulike grunnar ikkje er utvikla, men «ligg brakk».

Halvparten av dei uoppdaga ressursane er i Barentshavet (sjå kart).

Oljedirektoratet

Det meste av Barentshavet blir rekna som ein umoden og lite utforska petroleumsprovins, sjølv om det har gått føre seg leiting her i meir enn 30 år, og det første funnet vart gjort tidleg på 1980-talet. I november 2022 annonserte regjeringa at den 26. konsesjonsrunden blir utsett til 2025.

Foto: Oljedirektoratet

Eg har ei klar forventning om at sentrale selskap snur alle steinar for å finna meir gass i Barentshavet og at arbeidet med å realisera auka gasseksportkapasitet frå havområdet held fram, uttalte olje- og energiminister Terje Aasland då studien vart presentert.

Klimautvalet 2050 har på si side foreslått permanent leitestans i område utan eksisterande infrastruktur.

Forslag til TFO2023 Barentshavet

I januar utvida regjeringa det såkalla TFO-området i Barentshavet. Dei rosa blokkene er nye føreslåtte leiteområde.

Foto: regjeringen.no

Ryddig å leggje vekk «nittitalsdraumen»

Ansvarleg redaktør i Energi og Klima, Anders Bjartnes, skriv i ein kommentar at «nittitalsdraumen om at Barentshavet skal bli ein stor og viktig petroleumsprovins» framleis er styringsprinsippet i oljepolitikken til Arbeidarpartiet.

Det kjem til syne når Jonas Gahr Støre ikkje vil bevega Noregs oljepolitikk i tråd med tilrådingane frå Klimautvalet, skriv han.

Pressekonferanse om havvind

I mars gav regjeringa «grønt lys for eit nytt industrielt løft i Nordsjøen». – Vi treng stadig nye funn for å vidareutvikla norsk sokkel, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Foto: Heiko Junge / NTB

Bjartnes skriv at draumen om at «rikdommen skulle spruta ut av borehola oppunder iskanten» hadde sitt historiske høgdepunkt då Noreg underteikna gråsoneavtalen og russarane verka samarbeidsvillige.

Men det var før Ukraina-invasjonen.

I dag hevdar Bjartnes det vil vere meir «ryddig og framtidsretta» å leggja vekk planane.

Det ville også vore eit signal frå norsk side om at ressurskappløp i Arktis er noko vi ønskjer at alle statar avstår frå.

Les også Regjeringen vil åpne for mer oljeleting: – Fullstendig galskap

Osebergplattformen

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus