Årets statusrapport frå oljebransjen seier at målet om 50 prosent utsleppskutt innan 2030 er «krevjande, men innan rekkjevidd».
Konkraft-rapporten skisserer tre moglege «banar» eller utsleppsscenario mot 2030.
- Om allereie vedtekne tiltak blir realiserte: 29 prosent kutt.
- Om også ikkje-vedtekne tiltak blir realiserte: 35 prosent kutt
- Ved hjelp av ny teknologi og andre «umodne tiltak» som i dag er på «screening-nivå»: 50 prosent kutt
Rapporten føyer seg inn i eit mønster av nye rapportar som seier at 2030-målet er «uoppnåeleg» eller «utanfor rekkjevidd».
- I «grøn bok» skriv regjeringa at utsleppa på sokkelen ligg an til å bli «om lag 35 prosent lågare» i 2030 enn i 2005, og at «fleire forhold kan bidra til at utsleppa ikkje blir reduserte like mykje som desse overslaga».
- Årets utgåve av «Barometer for grøn omstilling av skipsfarten» viser at omstillingstempoet på sjøen har falle, og at Noreg er langt bak målet om å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030.
- I april la Transportsektoren fram ein eigen rapport der dei skriv at «det ikkje er mogleg å nå klimamåla med realistiske tiltak innan 2030.»
- I ein prognose frå Miljødirektoratet heiter det at målet kan vere innan rekkjevidd «dersom alle klimatiltaka i petroleumssektoren blir gjennomført». Framskrivinga inneheld ein kombinasjon av vedtekne, planlaga og «umodne tiltak, som er knytte til stor uvisse».
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
– Det er framleis mogleg, men det blir krevjande
– No er det vel seks år igjen til vi skal vere i mål. Det er ei gigantisk utfordring, men vi har framleis tru på at vi saman kan klare dette, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
I juni 2020 vedtok Stortinget at olje- gassindustrien skal redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030.
Målet var del av den omstridde oljeskattepakken, der industrien fekk handsrekkingar frå staten i byte mot ein meir offensiv klimasatsing.
Frp har sidan uttalt at forventninga om 50 prosent kutt på sokkelen er «altfor hårete» og at «ei realitetsorientering» taler for å justere ned målet til 40 prosent.
Havvindparkane i Sørlige Nordsjø II og Utsira nord kan åleine gi kraft på 15 TWh dersom dei kjem i drift rundt 2030.
Foto: Øystein Otterdal / NRK– Det er framleis mogleg å nå 50 prosent utsleppsreduksjonar for olje- og gassnæringa, men det blir krevjande. Vi kjem ikkje utanom at delar av sokkelen må ha kraft frå land, seier Hildegunn T. Blindheim, administrerande direktør i Offshore Noreg.
Rapporten gjer eit poeng av det er «aukande motstand i befolkninga mot kraft frå land-prosjekt.»
– Utan vidare elektrifisering med kraft frå land, vil det ikkje vere mogleg å nå Stortingets ambisjon om 50 prosent utsleppskutt innan 2030. Næringa er klar, men treng gode og føreseielege rammevilkår, seier Anniken Hauglie, viseadministrerande direktør i NHO.
Offshore Noreg la i januar fram ein rapport som hevdar at elektrifisering av sokkelen ikkje berre slår godt ut på den norske klimarekneskap, men også gir europeisk klimagevinst.



Fjord Base i Florø er Noregs største forsyningsbase for offshore-verksemd. Basen har ambisjonar om å bli leiande innan havvind. Video av turbinar som vert montert i Sløvåg i Gulen.
Foto: Arne Stubhaug, NRK– Lite truleg at havvind vil vere tilgjengeleg
Framskrivingar frå Oljedirektoratet viser at om lag halvparten av norsk petroleumsproduksjon vil vere drive med kraft frå land midt på 2020-talet.
Ifølgje rapporten vil kraftforbruket i oljesektoren «auke stort» og komme opp i rundt 20 terawattimar (TWh) i 2030. Det er dobbelt så mykje som i dag.
I revidert statsbudsjett vart regjeringspartia og budsjettpartnar SV samde om at det skal komme tiltak for å elektrifisere sokkelen med havvind innan eitt års tid.
I Konkraft-rapporten heiter det at «det er lite truleg» at havvind vil vere tilgjengeleg i tilstrekkeleg skala for å realisere klimamålet i 2030.
Rapporten gir til vege fire grunnar til at utsleppsmålet har vorte meir krevjande det siste året:
- Auka kostnader
- Ein pressa leverandørmarknad
- Ein meir krevjande kraftsituasjon
- Utfordringar med tilstrekkeleg nettkapasitet
Blant meldingane om alt som er vanskeleg inneheld rapporten også enkelte lyspunkt:
- Noreg auka i fjor gassleveransane til Europa til det nest høgaste nivået i norsk sokkel historia si – utan at utsleppa gjekk opp.
- Utsleppet frå innanriks maritim verksemd i fjor knytt til olje- og gassindustrien er 13 prosent lågare enn i basisåret 2008.
Konkraft har vidare laga ei oversikt over potensialet for årleg CO₂ -lagring på sokkelen. Den viser eit samla lagringspotensial i 2030 på mellom 40 og 50 millionar tonn, som er nesten like mykje som Noregs totale klimagassutslepp.
Slik kan det første havvindprosjektet i Barentshavet sjå ut. Odfjell Oceanwind, Source Galileo og Vår Energi har innleidd samarbeid om eit pilotprosjekt for flytande havvind ved Goliat-feltet. Den største flytande havvindparken i verda, Hywind Tampen, vart sett i drift i november 2022, og skal etter planen redusere dei årlege utsleppa frå Gullfaks og Snorre med 200 000 tonn CO₂.
Illustrasjon: Odfjell Oceanwind