PRESISERING: Tilvisinga til «sluttdato» (utan hermeteikn) burde vore mindre kategorisk og meir forbeholden. Ordet vart valt fordi EU-landa er samde om at det skal vere kontrakt-stopp frå 2049, og fordi EU skal ha null i utsleppsrekneskapen året etter (2050). EU-landa legg likevel til grunn at fossilgass kan utgjere opp mot 34 prosent av gassmiksen også etter 2049, mot 95 prosent som er nivået i dag.
PRESISERING #2: Ordet «sluttdato» i tittel er erstatta med «kontraktstopp».
EU-landa og Europaparlamentet er samde om å avkarbonifisere gassmarknaden og påskunde overgangen til «lågkarbongassar» som hydrogen og biogass.
– Europa er på ei reise vekk frå naturgass, seier den svenske energiministeren Ebba Busch i ein offisiell uttale.
Norske felt leverer gass til Europa gjennom eit omfattande gasstransportsystem, og er i dag den største eksportøren av gass til EU.
Den europeiske sluttdatoen er ikkje formelt vedteken, men i praksis er det formalitetar som står att.
– Dette viser at EU meiner alvor. Med 2049 som sluttdato vil importen byrje å søkke vesentleg rundt 2040. Det bør søkjarar på nye leitelisensar merke seg, seier Paal Frisvold i MDG til NRK.
– Europa er på ei reise vekk frå naturgass, seier den svenske energiministeren Ebba Busch i ein offisiell uttale.
Foto: Jonathan Nackstrand / AFP
– Risikofylt å bestemme at gassen skal vere vekkje om 26 år
Reforma av kraftmarknaden er ein del av EU sitt overordna mål om å bli klimanøytrale innan 2050.
Cicero-forskar Asbjørn Torvanger kallar det «risikofylt» å bestemme at gassen skal vere vekke om 26 år – før spørsmål knytt til karbonfangst, infrastruktur, kostnadar og teknologiutvikling er avklart.
– Skulle ein sluttdato bli vedteke av EU, vil nokre av dei norske gassfelta kunne bli stengt ned raskare enn planlagt.
Han legg til at investeringar i nye gassfelt kan bli mindre lønsame «med mindre Noreg forventar at gassen kan seljast for akseptable prisar til andre kundar».
NTNU-professor Magnus Korpås trur ikkje den nye sluttdatoen vil ha fullt så mykje å seie.
– Vi treng å finne meir gass dersom vi skal ha noko å selje i 2050. Og dersom vi har nok gass å selje, må vi uansett belage oss på å produsere hydrogen av han, altså reinse han.
EU-landa er samde om at langsiktige kontraktar for fossil gass ikkje skal forlengjast utover 2049. Målet er å påskunde overgangen til «lågkarbongassar». Illustrasjon: Den planlagde ammoniakkfabrikken i Berlevåg.
Illustrasjon: Aker Clean Hydrogen
– Endå ein gong ligg EU framfor
Den norsk-britiske samarbeidserklæringa om hydrogen og karbonfangst vart underteikna i London i mars.
Avtalen vart signert av utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Forskingsminister Ola Borten Moe (Sp), som i januar samanlikna hydrogen-satsinga med å «sende kraft rett i dass», var ikkje til stades.
Vidare samarbeider Equinor og tyske RWE om å erstatte kolkraft med hydrogen (produsert frå norsk gass).
ZERO-leiar Sigrun Gjerløw Aasland meiner 2049-målet er eit spark bak som bør få konsekvensar for utviklinga av nye felt på norsk sokkel, som ho karakteriserer som «klimafiendtleg og økonomisk uansvarleg».
– Endå ein gong ligg EU framfor, og no må norske politikarar vakne. Europa treng norsk gass no, men etterspurnaden vil falle raskt og vi blir ståande med skjegget i postkassa, seier ho.
EUs energiministrar vart også samde om at EU-landa skal spare 15 prosent av gassforbruket neste år.
Målet er ei forlenging av krisetiltaket i fjor etter at Russland strypet gasstilførselen.
– Ikkje ein sluttdato for norsk naturgassproduksjon
For å «sikre stabile gassleveransar frå Noreg» har Høgre foreslått å investere i ny infrastruktur for gasstransport, i første omgang frå Barentshavet (Alke og Goliat) til Kirkenes.
I «trinn to» vil dei byggje røyr vidare til Aasta Hansteen-feltet utanfor Lofoten, og slik knytte an til det europeiske røyrsystemet.
Stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik, seier den europeiske sluttdatoen «ikkje er ein sluttdato for norsk naturgassproduksjon, men ei påminning om at utviklinga av sokkelen må skje innanfor ramma av klimapolitikken».
– Det vil framleis vere behov for store mengder naturgass frå norsk sokkel etter 2049, men bruken av gassen i Europa vil føresetje reinsing og lagring av CO₂ eller omdanning av gassen til utsleppsfritt blått hydrogen eller ammoniakk. Dette skiftet kan gi nye moglegheiter på norsk sokkel.
Noregs inntekter frå olje og gass blir anslått til 1457 milliardar norske kroner i fjor. Det årlege forbruket i Europa er 400 milliardar kubikkmeter gass. 95 prosent av dette kjem frå naturgass.
Grafikk: Norsk Petroleum
– Langsiktige avtalar for hydrogen kan vere nøkkelen
NTNU-professor og energiforskar Asgeir Tomasgard meiner større hydrogenambisjonar på europeisk side går hand i hand med norske arbeidsplassar.
– Dersom etterspurnaden etter hydrogen ikkje tek av som EU forventar, vil også etterspurnaden etter naturgass gå ned i EU, seier han.
Han legg til:
– Langsiktige avtalar for utsleppsfri hydrogen kan vere noko av nøkkelen for å redusere risikoen for begge partar.
Sidan nyttår er prisen på gass halvert, og vert no omsett for 42 euro/MWh på børsen i Nederland (TTF)