Hopp til innhold

Full evakuering etter bombetrussel mot gassanlegget på Nyhamna i Aukra

Politiet mistenker at gjerningsmannen er den same som kom med truslar mot Hurtigruta førre veke.

Politiet er på plass på Nuhamna i AUkra,

AUKRA: Alle naudetatane rykte ut til gassanlegget på Nyhamna i Aukra etter ei trusselmelding.

Foto: Roar Strøm / NRK

Klokka 08.41 torsdag kom det ei trusselmelding mot gassanlegget på Nyhamna som førte til full evakuering. Politiet i Møre og Romsdal melder at dei tok trusselen på høgaste alvor og rykte ut med mykje mannskap.

Ein time etter at meldinga kom inn kunne politiet avklare situasjonen.

– Det er ikkje haldepunkt for at trusselen er reell. Gjerningspersonen er kjent av politiet for liknande forhold og saka blir etterforska vidare, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

Per Åge Ferstad

Per Åge Ferstad er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ferstad seier dei ikkje vil kommentere innhaldet i trusselen, men at den var retta mot eit objekt på Ormen Lange. Han seier vidare at gjerningspersonen er heimehøyrande i eit anna fylket og at hendinga blir følgt opp av politiet der. Personen er så langt ikkje avhøyrt.

– Er det same person som kom med truslane mot Hurtigruta førre veke?

– Vi mistenker at det er same person. Det vil den vidare etterforskinga avklare, seier Ferstad.

Rundt klokka 14.00 er det klart at politiet har arrestert mannen som er mistenkt for å kome med truslane. Han blir vidare følgt opp av helse og vil bli tvangsinnlagt, seier politiadvokat Åge Sliper Midling til NRK.

Les også Har pågrepet mannen som truet Ormen Lange

Bombemann pågrepet

Førre veke blei passasjerane evakuert frå hurtigruteskipet MS «Nordnorge», som då låg til kai i Ålesund, etter ei trusselmelding. Dette er dermed den andre trusselhendinga i Møre og Romsdal på kort tid. Mannen. er også tidlegare dømt for truslar.

Sjå pressekonferansen frå politiet i Møre og Romsdal her:

– Det skaper unødig frykt

Ifølge Aukra-ordførar Odd Jørgen Nilssen var det ein bombetrussel som førte til evakueringa.

– Eg har fått vite at det var ein trussel som hadde blitt ringt inn til Nyhamna, og på det grunnlaget blei det starta full evakuering, seier Nilssen.

Odd Jørgen Nilssen, ordførar i Aukra

Ordførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kommunen sette også krisestab då dei blei varsla om hendinga.

– Vi såg på dette som ei alvorleg melding, seier Nilssen.

Han reagerer på at nokon ringt inn ei slik trusselmelding.

– Det skaper unødig frykt. Det er alvorleg og får store konsekvensar. Det skjerper beredskapen vår, men dette er absolutt ikkje noko vi ønskjer, seier ordføraren.

Nyhamna ligg på kysten av Møre og Romsdal. Dei tilsette som blei evakuert fekk etter kvart gå tilbake til anlegget og produksjonen starta opp igjen, opplyser Shell til NRK.

Dei tilsette ved anlegget fekk debrifing i kantina klokka 11.30. Det opplyser Trygve Lennavik, innsatsleiar for brann i Nordmøre og Romsdal.

Nyhamna i Aukra forsyner Storbritannia med 20 prosent av all gassen dei treng. Gassen kjem frå Ormen Lange-feltet og Aasta Hansteen-feltet.

Meldte om uavklart hending

Det var i 09.15-tida torsdag at politiet først melte om ei uavklart hending ved gassanlegget på Aukra.

– Heimevernet har vakthald på staden og politiet er på veg med ressursar, meldte Møre og Romsdal politidistrikt like etter klokka 09.00.

Klokka 09.50 kom politiet med ei ny melding, og kunne fortelje at situasjonen ved Nyhamna på Aukra var avklart.

– Vi går tilbake til normal drift og alle skal få lov til å reise til Aukra, sa Ole Kristian Dybvikstrand, innsatsleiar i politiet til NRK sin reporter.

Rørledninger gass

Slik fungerer distribusjonen av gass i røyrleidningar mellom Noreg og utlandet.

Undersøkte bilar

Politiet undersøkte også alle bilar som stod på ferjekaia på Hollingsholmen for å vente på ferja til Aukra. Før situasjonen var avklart var det heller ingen som fekk reise med ferja.

Politiet sjekkar bilar på Hollingsholmen ferjekai

Politiet undersøkte alle bilane som skulle ta ferja til Aukra.

Foto: Roar Strøm / NRK

Erling Warvik var ein av dei som sto i ferjekøen torsdag. Han synest det er bra at politiet undersøkjer alle bilane som skal om bord ferja.

– Det er heilt i orden at dei følgjer med kva som skjer. Sjølv blir han ikkje skremt av hendinga, og meiner dette er noko ein må forvente slik situasjonen er i verda no, seier Warvik.

Noregs nest største gassfelt

Nyhamna i Aukra forsyner Storbritannia med 20 prosent av all gassen dei treng. Gassen kjem frå Ormen Lange-feltet og Aasta Hansteen-feltet.

Jan Soppeland

Jan Soppeland i Shell.

Foto: Norske Shell

Det er selskapet Gassco som er operatør på røyrleidningen. Ormen Lange er Noregs nest største gassfelt. Ifølge Gassco går gasstransporten som normalt og blei ikkje påverka av hendinga.

Shell driv landanlegget på Nyhamna. Jan Soppeland er direktør for kommunikasjon og myndigheitskontakt i Shell.

– Ingen ønskjer ein situasjon som dette. Vi er glad for at det blei avklart så fort som det blei og produksjonen går no tilbake til normalt.

Dei vil no bruke erfaringa til læring.

– Vi prioriterer først og fremst dei tilsette. Vi skal så gå gjennom situasjonen for læring og vil bruke den til å sjå korleis vi har respondert. Vi vil også sjå på samarbeidet med andre etatar og om vi kan gjere noko bere neste gang.

Også Gassco mobiliserte beredskap i samband med hendinga. Dette gjorde dei i samarbeid med Shell.

Uavklart situasjon ved landanlegget til Ormen Lange

Ormen Lange er Noregs nest største gassfelt. Shell driv landanlegget på Nyhamna i Aukra.

Foto: Shell / NTB