Hopp til innhold

Senterpartiet nektar å godta at fødeavdelinga i Kristiansund skal leggast ned

For eit år sidan lova Kjersti Toppe (Sp) at den omstridde fødeavdelinga skulle halde ope. No er den stengt, men Senterpartiet meiner siste ord ikkje er sagt.

GAV EIT LØFTE: Kjersti Toppe sitt bodskap under valkampen i fjor blei særs populært hjå Bunadsgeriljaen.

I årevis har det blitt kjempa for fødeavdelinga i Kristiansund. Helseføretaket har ikkje klart å rekruttere nok fagfolk, og avdelinga har stort sett vore stengt sidan februar 2021.

Kjersti Toppe fekk jubel og applaus då ho i fjor sommar lova at fødeavdelinga ikkje skulle leggast ned så lenge Senterpartiet er i regjering.

– Vi skal ikkje inn i noko regjeringskontor og starte med å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund. Det kjem aldri til å skje. Det kan eg love dykk, sa Kjersti Toppe (Sp).

Fødeavdelinga er den einaste i landet med eit stortingsvedtak om å halde ope.

Gir ikkje opp

Da Toppe var tilbake i Kristiansund måndag, hadde mykje skjedd. Senterpartiet sitt i regjering, Toppe har blitt barne- og familieminister og Helse Møre og Romsdal har bestemt at fødeavdelinga i byen skal flyttast til Molde.

Samtidig som ho besøkte kyrkjer og helsa på barn og unge, blei det kjent at lysa på barsel- og fødeavdelinga i Kristiansund blir sløkte på søndag klokka 15.

Nedstenginga strid med det som først var vedtatt i samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia, Hurdalsplattformen.

– Regjeringa sitt mål om at det skal vere fødeavdeling i Kristiansund, står fast, seier Toppe trass i at dei tilsette er i gang med å rydde ut og stengje fødeavdelinga.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe held fast på at Senterpartiet vil sikre framleis drift på fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Senterpartiet på Stortinget stiller seg bak utspelet til Toppe.

Me jobbar framleis for eit styrkja fødetilbod i Nordmøre og Romsdal og gjenopning av fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus, seier Hans Inge Myrvold, helsepolitisk talsperson for Senterpartiet.

Tok avgjerda rett etter dei fekk klarsignal

Da forslaget til statsbudsjett kom torsdag opna helseministeren for at helseføretaket sjølv kunne bestemme kva som var eit fagleg forsvarleg fødetilbod på Nordmøre.

I ei pressemeld skreiv Helse- og omsorgsdepartementet at regjeringa sitt mål om ei fødeavdeling i Kristiansund står ved lag, og at fødeavdelinga blir gjenopna dersom eit fagleg forsvarleg tilbod kjem på plass. Samtidig blei det slått fast at helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) ikkje vil gjere noko aktivt for å sikre ei gjenopning.

Berre nokre timar etter pressemeldinga kom ut, varsla Helse Møre og Romsdal at dei gav opp å få på plass nok bemanning til gjenopning i Kristiansund. Føde- og barselavdelingane blir samla i Molde fram til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står klart i 2025.

Ingvil Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus

Helseminister Ingvild Kjerkol meiner at helseføretaket oppfylte regjeringa sitt krav til gjenopning da dei heldt ope tre veker i sommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fortvilt situasjon

Det har vore ein intern dragkamp i regjeringa om kva som skal skje med fødeavdelinga i Kristiansund. Etter det NRK kjenner til blei saka løfta opp til høgste nivå i regjeringa, det vil seie statsministeren og finansministeren, før statsbudsjettet kom.

Lokalt i Kristiansund har Arbeidarpartiet og Senterpartiet vore einige om at fødetilbodet skal bestå, men ordføraren i Kristiansund er ikkje imponert over Senterpartiet.

Dei har jo stått i valkampen og sagt at dei ikkje vil gå inn i regjering utan at det er ei fødeavdeling i Kristiansund. No er det ikkje fødeavdeling i Kristiansund, og då vil dei seie at dei har oppfylt løftet gjennom den pressemeldinga som blei sendt ut, seier Kjell Neergaard (Ap) og meiner dei no står i ein fortvilt situasjon.

Helseministeren vil ikkje kommentere saka og viser til svara ho gav sist veke.

Kjell Neergaard, ordfører i Kristiansund

Kjell Neergaard etterlyser samanheng mellom det statsråden seier, det departementet seier, og det som faktisk skjer i føretaket.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Håpar at helseministeren seier stopp

Bunadsgeriljaen slår seg heller ikkje til ro med at fødeavdelinga blir flytta. Dei reagerer på at Helse Møre og Romsdal fekk det travelt med å stengje før statsbudsjettet har vore til behandling i Stortinget.

– Det kan kome endringar. Vi har ei forventing om at Senterpartiet pressar på for at Regjeringa sin politikk skal følgast opp, seier Ingrid Uthaug, styreleiar i Bunadsgeriljaen.

– Er det løftebrot?

– Om dette får stå, utan protestar, er det løftebrot. Vi ventar framleis på kva Senterpartiet vil gjere. Vi håper at helseministeren seier til Helse Møre og Romsdal at dette ikkje var intensjonen med statsbudsjettet, og at dei ikkje kan gjennomføre dette.

Markering Bunadsgeriljaen ved Kjerkol-besøk

Bunadsgeriljaen markerte utanfor Kristiansund sjukehus då helseministeren kom på besøk i august.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Trur ikkje på snuoperasjon

Politisk kommentator i NRK meiner at så lenge politikarane ikkje vil overstyre den helsefaglege vurderinga til føretaket, er ikkje dei politiske signala og intensjonane så interessante.

Ifølge kommentatoren er det formelt sett rett at regjeringa ikkje har endra politikken, men intensjonen blir ikkje gjennomført så lenge regjeringa ikkje grip inn i vurderinga helseføretaket har gjort.

Lars Nehru Sand

– Eg vil tru at folk er meir interessert i kva som faktisk skjer, enn kva regjeringa skriv i pressemeldingar, seier Lars Nehru Sand.

Når politikarane ikkje tør å gjere om avgjerda, blir fødetilbodet i Kristiansund avvikla. Sånn blir det verande, seier Nehru Sand.

Helt nødvendig å fatte ei tydeleg avgjerd

Helse Møre og Romsdal merker seg utspela frå Senterpartiet, men held fast på at ein må ha tilstrekkeleg med fagfolk for å halde fødeavdelinga ope.

Vi har jobba intensivt med rekruttering av fagfolk sidan vi stengde avdelinga i februar 2021. Vi klarte å opne tre veker i juni i år. Dessverre hadde vi ikkje nok fagfolk til å gjenopne etter sommaren, seier administrerande direktør Øyvind Bakke.

For dei tilsette på fødeavdelingane i Molde og Kristiansund har det lenge vore ein uavklart situasjon.

Etter mi vurdering var det no heilt nødvendig å fatte ei tydeleg avgjerd og avklare denne krevjande situasjonen, slik at vi får planlagt drift og ressursbruk til det beste for heile helsetenestetilbodet i Nordmøre og Romsdal framover, seier Bakke.

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Ifølge Øyvind Bakke vil Helse Møre og Romsdal fortsette å jobbe med rekruttering til fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal, og ministeren har bedt føretaket kome tilbake med ein plan for korleis dei kan styrke tilbodet til Nordmøre.

Foto: Roar Strøm

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL