Hopp til innhold

Leiinga trekkjer seg fordi dei ikkje klarer å opne fødeavdelinga i Kristiansund

Leiinga for fødeavdelinga i Kristiansund går av fordi dei meiner det ikkje er mogleg å gjenopne den no. Politisk kommentator meiner det er eit tidsspørsmål før Stortinget må bli kopla inn igjen.

Kristiansund sjukehus. Carina Wollan Myhre er assisterande klinikksjef. Johan Kippervik er avdelingsleiar på fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Georg Johnsen er klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

GÅR AV: Klinikkleiinga for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal går av. Det er Carina Wollan Myhre, Georg Johnsen som trekk seg. Johan Kippervik tek eit års permisjon frå stillinga som avdelingssjef.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / nrk

Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på seg, som seier den skal halde opent. Trass i dette har den vore stengt i over eitt år.

No vel sjefen for sjukehusa i Kristiansund og Molde å trekke seg, saman med to andre i leiinga.

– Vi har jobba intenst med fødesaka i eitt og eit halvt år, og eg ser ikkje noko snarleg løysing på det å få gjenopna føden i Kristiansund. Eg meiner no at det er riktig å fokusere på éi fødeavdeling i Nordmøre og Romsdal inntil SNR er klart, seier klinikksjef for SNR, Georg Johnsen.

Det betyr at Helse Møre og Romsdal må finne nokon nye som kan ta på seg jobben med å få opna fødeavdelinga igjen.

– Eg synest det er frykteleg leit, og det er synd for helseføretaket, samstundes synest eg det er høgst forståeleg at dei vel å ikkje stå i leiarstillingane sine lengre, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.

Øyvind Bakke, administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Øyvind Bakke.

Foto: Roar Strøm / nrk

Han seier fleire har jobba hardt for å få gjenopna fødeavdelinga, men at det er vanskeleg å få rekruttert fagfolk når også resten av landet manglar jordmødrer og gynekologar.

– No er det naturleg at eg har ein dialog med vår eigar Helse Midt Noreg om kva som er den riktige vegen vidare.

Står i ein skvis

Georg Johnsen har tidlegare sagt til NRK at han ikkje ser korleis dei skal klare å opne fødeavdelinga når mangelen på fagfolk er så stor som den er no.

Det synet deler også Bakke. Men på grunn av stortingsvedtaket er det ikkje han som bestemmer når dei kan seie at nok er nok.

– Når alle må rette seg etter eit stortingsvedtak så blir det eit spørsmål om kor lang tid det skal gå før ein eventuelt må gå til Stortinget igjen å seie at dette let seg faktisk ikkje gjennomføre, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Han meiner det først og fremst er veldig spesielt at Stortinget har gitt konkrete pengar til ei fødeavdeling, og at dei instruerer ei helseføretak på denne måten.

– Den situasjonen er ytst spesiell, også fordi eg trur mange ønskjer dette. Det viser at politikk ikkje berre handlar om gode ønskjer om å løyve pengar, det er faktisk avhengig av det som skjer på bakken, at folk vil jobbe ein stad. Når det ikkje skjer, så er det krevjande, seier Sand.

Lars Nehru Sand

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier at det er veldig spesielt at ei fødeavdeling har eit Stortingsvedtak på å halde opent.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol, seier det er beklageleg at leiarane for fødeavdelinga i Kristiansund i dag har trekt seg.

Ho understrekar at det er helseføretaket som har ansvaret for eit forsvarleg tilbod, og at stortingsvedtaket er ein ambisjon om korleis ein vil det skal vere.

Så har vi heile tida sagt at det faglege ansvaret ligg lokalt, det skal vere eit forsvarleg tilbod. Og det har dei heile tida jobba for i oppnå i Helse Møre og Romsdal. Og no ser vi at det er krevjande for dei, dei har nøydd til å ta omsyn til verkelegheita.

Kjerkhol seier at ho som helseminister støttar den faglege vurderinga Helse Møre og Romsdal har gjort.

Dei har førebels ikkje vurdert om dei ønskjer å jobbe for å endre stortingsvedtaket.

Får ikkje tak i folk

Helse Møre og Romsdal har utsett opninga av fødeavdelinga i Kristiansund fleire gonger. I sommar fekk dei til å halde opent i eit par veker, men måtte stenge igjen på grunn av mangel på fagfolk.

Bunadsgeriljaen har også lenge kjempa for å få fødeavdelinga på beina igjen.

Avdelinga i Kristiansund har fått 25 millionar kroner, men Bakke seier det ikkje er pengane det står på.

– Det har aldri vore pengar som har stått i vegen for at vi skulle lukkast med rekrutteringa. Eg ser at nokon politikarar tek til orde for at vi kan rekruttere gynekologar frå andre sjukehus eller andre helseføretak med meir lønn, men etter mitt syn kan vi da risikere at ei anna fødeavdeling i landet står i fare for å stenge.

All jobbinga med å opne fødeavdelinga har også gått på bekostning av anna drift ved sjukehusa.

– Det er klart at når vi har brukt så mykje tid på å jobbe med gjenopning, så går det på bekostning av utvikling av andre fagområde. Innføring av Helseplattformen, og utvikling av dei tenestene vi har i Kristiansund og på Hjelset etter vi er ferdig.

I 2025 skal Nordmøre og Romsdal få eit flunkande nytt felles sjukehus, i staden for å ha eitt kvar som dei har no. Der skal det også komme ei felles fødeavdeling for dei to regionane.

Dei fødande på Nordmøre blir i dag sendt til Molde sjukehus, så lenge fødeavdelinga i Kristiansund er stengt.

Les også Fødeavdelinga får 25 millionar for å hente inn fagfolk

Kristiansund sykehus