Fødeavdelinga i Kristiansund vil halde ope fem dagar i veka. Klinikksjef, Georg Johnsen, ser fram til opning.
– No har vi fagfolka på plass, og då opnar vi. Vi har fått inn både lokale og utanlandske og fagfolk, siger Johnsen.
– Er opninga helsemessig forsvarleg?
– Det er det viktigaste for meg. Eg hadde ikkje opna føda i Kristiansund om ikkje eg følte at det var fagleg forsvarleg.
Omstridd fødeavdeling
Det har storma rundt fødeavdelinga på sjukehuset i Kristiansund i årevis. Kampen om å ha eit fødetilbod i byen har engasjert mange, og førte til opprettinga av Bunadsgeriljaen.
Kjernen i saka har vore mangel på gynekologar og jordmødrer.
AVDELINGSLEIAR: Johan Kippervik ar avdelingsleiar ved fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Han har hatt ansvar for å rekruttere nye tilsetje.
Foto: Eirik Haukenes / NRKI februar i fjor måtte avdelinga stengje då Helse Møre og Romsdal meinte at vidare drift ville vere uforsvarleg. Sjukehusleiinga peikte på mangel på fagfolk, og opplyste at driftsforma førte til stor bruk av vikarar og fleire brot på arbeidsmiljølova.
Sidan har opninga vorte utsett fleire gongar. Avdelinga er den einaste i landet der Stortinget har vedteke at avdelinga skal vere open.
– Å rekruttere gynekologar, jordmødrer og barnepleiarar til ei avdeling som ikkje er open, har ikkje vore berre lett, siger avdelingsleiar Johan Kippervik.
Han er klar på at dette er eit stort steg på vegen mot å ha fødetilbod på heiltid.
– Sidan i fjor vår har det vore jobba iherdig frå alle kantar. No har endeleg endå ting falle på plass, siger Kippervik.
Fødeavdelinga vil halde ope i tre veker, før ho må stengje veike 26–29 på grunn av ferieavvikling. Avdelinga blir også steng i helgane, slik at etter klokka 08.00 på fredagar, må dei fødande framleis reise til nabobyen, Molde.
– Venta veldig lenge
Barselavdelinga ved sjukehuset har vore open sidan januar.
Då regjeringa la fram statsbudsjettet i haust fekk sjukehuset 25 millionar kroner ekstra. Pengane skulle gå til rekruttering og sikre ei stabil bemanning.
Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, er trygg på at det blir ei stabil opning for fødeavdelinga i byen.
Foto: Eirik Haukenes / Eirik HaukenesOrdførar Kjell Neergaard (Ap) i Kristiansund siger ein dato for gjenopning betyr veldig mykje for byen og nordmøringane.
– Vi har venta på denne datoen veldig lenge. Vi veit at det har vorte jobba hardt og intenst frå føretaket si side, for å få tak i ressursane det trengst, til å få ein stabil fødeavdeling framover. Så vi er kjempeglad for at det no blir sett ein dato, og at han er før sommarferien.
Han er trygg på at opninga av fødeavdelinga vil vere stabil, fordi dei har fått personalet dei treng.
– Det betyr veldig mykje. Folk i Kristiansund har jobba for dette i årevis, og Bunadsgeriljaen i tre år, så det er ein utruleg viktig delsiger, siger Marie Grødahl Brekkan, dagleg leiar i Bunadsgeriljaen,
Foto: Anja Cecilie Solvik– Viktig delsiger
Dagleg leiar i Bunadsgeriljaen, Marie Grødahl Brekkan, skulle helst sett at det allereie frå 5. juni var full drift og ikkje berre open fem dagar i veka, men er likevel fornøgd.
– Vi synest det er fantastisk. Vi rosar det lokale rekrutteringstemaet og arbeidde dei har gjort så langt. Dette er ein viktig delsiger for oss. Det fulle målet vårt er full drift i avdelinga.
Grødahl Brekkan seier også at kampen framleis held fram.
– Målet til bunadsgeriljaen er full drift også etter at fellessjukehuset kjem i 2025. Så det vi forventar er at den sitjande regjeringa oppfyller løfta sine i Hurdalsplattforma og sikrar avdelinga. Med dei nye tilsette, og dei gamle, ligg alt til rette for å få ei godt drifta fødeavdeling med ein god kompetanse.
– Så du har tru på at fødeavdelinga vil halde open også etter det nye fellessjukehuset?
– Ja, eg har ikkje berre trua – ho skal haldast open etter at fellessjukehuset kjem òg.