Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal samlar føde og barsel i Molde

I årevis har det blitt kjempa for fødeavdelinga i Kristiansund. Avdelinga er den einaste som har eit stortingsvedtak om å halde ope. No gir Helse Møre og Romsdal opp å bemanne føden.

Kristiansund sykehus

Helseføretaket slit med å rekruttere fagfolk til fødeavdelinga i Kristiansund. Avdelinga har stort sett vore stengt sidan februar 2021.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Torsdag ettermiddag melder Helse Møre og Romsdal at dei samlar føde- og barselavdelingane i Molde fram til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står klart i 2025.

– Det har lenge vore ein uavklart situasjon. No må vi skape føreseielegheit for dei tilsette, seier administrerande direktør Øyvind Bakke.

Han seier det er viktig både for dei fødande og for dei tilsette i Kristiansund og Molde at det no kjem ei avklaring.

– Vi har brukt mykje tid og ressursar på å lukkast med å gjenopne i Kristiansund. I tida framover konsentrerer vi oss om ei felles fødeavdeling for Nordmøre og Romsdal, seier Bakke.

Skulle ønske dei kunne halde ope

Bakke seier at dei skulle ønske at dei hadde klart å halde ope i Kristiansund.

Øyvind Bakke og Ingvild Kjerkol ved Kristiansund sjukehus

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke og helseminister Ingvild Kjerkol under besøket ved Kristiansund sjukehus i august.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er mangel både på jordmødrer og gynekologar i heile landet. Når vi ikkje lukkast med rekrutteringa er det viktig at vi klarer å samle oss rundt eitt fødetilbod for Nordmøre og Romsdal, og gode følgetenester. For lukkast vi ikkje med det, er alternativet Ålesund eller Trondheim.

Er dette eit punktum i saka?

Vi skal gjere ei vurdering, slik det står i Hurdalsplattforma, rundt eit fødetilbod i Kristiansund også etter 2025. Den vurderinga ligg som eit oppdrag til helseføretaket, seier Bakke.

Vil ikkje instruere

I slutten av august besøkte helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) sjukehuset i Kristiansund. Då lova ho å kome med ei rask avklaring om framtida til fødeavdelinga.

Helseminister Ingvild Kjerkol til Kristiansund sjukehus

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) ber Helse Møre og Romsdal kome tilbake med ein plan for korleis dei skal sikre fødetilbodet på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Besøket kom etter at tre sjukehusleiarar trekte seg frå jobbane sine. Dei meinte det ikkje var mogleg å gjenopne avdelinga, som er den einaste i landet med eit stortingsvedtak om å halde ope. Likevel måtte nordmøringane vente i mange veker før avklaringa kom.

I forslaget til statsbudsjett sa helseministeren at regjeringa sitt mål om ei fødeavdeling i Kristiansund står ved lag. Likevel vil ho ikkje gjere noko aktivt for å sikre ei gjenopning.

– Avdelinga blir gjenopna dersom eit fagleg forsvarleg tilbod kjem på plass, men helseministeren vil ikkje instruere helseføretaket til ei gjenopning utan at grunnlaget for forsvarleg drift er til stades, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

Samtidig bad dei Helse Møre og Romsdal om å kome med ein plan for korleis eit godt fødetilbod skal bli vidareført etter 2025, og vurderinga av ei eiga fødeavdeling i Kristiansund, i tråd med Hurdalsplattformen.

Regjeringa har sett av 25 millionar kroner i budsjettet for 2023 for å styrke tilbodet for fødande og barselomsorgen i regionen, i tillegg til tilbodet ved Kristiansund sjukehus.

Også tidlegare har Stortinget løyvd 25 millionar kroner for å få avdelinga på beina igjen.

Les også Helseministeren vil gi rask avklaring om fødeavdelinga i Kristiansund

Helseminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund sjukehus

Stengt fleire gonger

Stortinget har tidlegare bestemt at fødeavdelinga i Kristiansund skal halde ope til eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal står klart i 2025. Likevel har fødeavdelinga stort sett vore stengt sidan februar 2021 på grunn av bemanningsproblem.

I juni i år kunne avdelinga opne igjen, fordi kritisk personell endeleg var på plass. Tre veker seinare blei avdelinga sommarstengt. Etter ferien blei ein av dei tilsette sjukmeld og avdelinga vart aldri opna igjen.

No kan dette vere slutten for fødeavdelinga i Kristiansund.

Les også Lundteigen: – Det er ingenting som heiter at ein ikkje får tak i folk

Kjerkol til Kristiansund sjukehus

Berg-og-dal-bane

Ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard (Ap) skildrar dagen i dag som ein berg-og-dal-bane.

Kjell Neergaard
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg blei positivt overraska over det som kom frå helseministeren tidlegare i dag. Og at det skulle jobbast for eit godt fødetilbod i Kristiansund også etter 2025. Så går det to timar og så kjem det ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal der dei vil samle fødeavdelingane i Molde. Eg er litt overraska over den kjappe konklusjonen, seier han til NRK.

Neergaard seier han hadde venta at Helse Møre og Romsdal ville bruke meir tid på å prøve og rekruttere. Særleg sidan det blei løyvd ekstra midlar til fødeavdelinga i statsbudsjettet.

– Er slaget tapt no?

– Ifølgje helseføretaket er det det. Så får vi sjå kva vi kan gjere. Men det er ei svært krevjande sak, så eg er litt tom i hovudet etter det som har skjedd i dag. Dette var ein dag som starta bra, men som enda med stor frustrasjon.

– Helseføretaket har ansvaret

Helseminister Kjerkol seier til NRK at det er Helse Møre og Romsdal som har ansvaret for eit fagleg forsvarleg fødetilbod.

– Eg kjem ikkje til å ta over det ansvaret for dei. Det er deira vurdering korleis dei vil tolke moglegheitene for å vareta dei fødande på best mogleg måte.

Kjerkol forventar at saka vil få reaksjonar, men meiner at det har blitt jobba godt med å prøve og rekruttere til fødeavdelinga, utan at det har lukkast.

Ei fødeavdeling må ha tilstrekkeleg kompetanse for å ta imot fødande. Det er viktig no at ein har ein god følgjeteneste for dei som må reise langt.

Kjerkol til Kristiansund sjukehus

Kjerkol seier det er Helse Møre og Romsdal som må vurdere om det er mogleg å bemanne fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kjem med fleire tiltak

Bakke i Helse Møre og Romsdal seier at dei vil jobbe for eit trygt fødetilbod på Nordmøre og i Romsdal framover. Han seier dei vil vidareføre risikoreduserande tiltak, som følgeteneste for alle gravide med meir enn 90 minutts reiseveg til sjukehus.

Øyvind Bakke, adm.dir. Helse Møre og Romsdal

Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier dei må jobbe for å sikre eit godt tilbod for fødande i Møre og Romsdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Helseføretaket vil dekke hotellutgifter for kvinner med lang reiseveg som ønsker å reise inn til fødeavdelinga i forkant av fødsel.

I tillegg skal dei tilby ekstra ultralydundersøking for kvinner med meir enn 90 minutts reiseveg for å planlegge for ein trygg fødsel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL