Hopp til innhold

Tjue sjukepleiarar har allereie sagt opp. No forsvinn store delar av leiinga også

Etter å ha mista mange sjukepleiarar i fjor, seier no tre leiarar opp. Dei tilsette er fortvilte og er usikre på kva som møter dei neste dag på jobb, seier tillitsvalde.

Kristiansund sjukehus

Medisinsk avdeling ved sjukehuset i Kristiansund manglar no både dei som skal fylle vaktlistene og dei som skal setje dei opp. (Arkivbilete)

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

– Det er tårer. Folk er leie seg og kjenner på ei generell uvisse for arbeidskvardagen sin. Eg er påverka sjølv, seier Anette Olsen, plasstillitsvald på medisinsk sengepost i Kristiansund.

Denne veka fortalde NRK at 20 sjukepleiarar på medisinsk sengepost i Kristiansund har slutta det siste året, noko som av tillitsvalde vert omtalt som «fullstendig krise».

No vil fleire i leiinga også snart forsvinne.

Avdelingssjefen, seksjonssjefen og assisterande seksjonssjef har alle sagt opp.

Anette Olsen, plasstillitsvalgt på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus.

Anette Olsen seier dei tilsette forstår godt at fleire sluttar, og særleg seksjonsleiinga som har i oppgåve å fagleg forsvarlegheit og avgrensa ressursar. (Arkivbilete)

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I årevis har det vore strid om eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Etter det vart bestemt at det skulle byggjast utanfor Molde, frykta mange at sjukehuset i Kristiansund ville slite med rekrutteringa.

I 2014 kom ein rapport som åtvara om at det kunne bli vanskeleg å vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø på sjukehuset som vart lagt ned.

Tårer og uvisse

Den siste av dei tre i leiinga som har sagt opp var assisterande seksjonssjef denne veka. Olsen fortel at det vart tårer og fortviling hjå dei tilsette då nyheita kom.

– Dei klarar ikkje å sjå for seg korleis dette skal gå, og det påverkar sjølvsagt den daglege arbeidsbelastinga og arbeidsmiljøet, seier Olsen.

Ho seier at dei som jobbar på sengeposten allereie har høg fysisk arbeidsbelasting, men at desse oppseiingane aukar den psykiske belastinga, då dei tilsette ikkje veit kva dei går til kvar dag.

– Det er ein veldig fortvilande situasjon.

Les også: 14 av 24 sykepleiere sa opp i protest

Stine Molvær Nesseth
Stine Molvær Nesseth

– Eg vil tru at dei føler at dei heng litt i lause lufta, seier Kari-Anne Thygesen.

Ho er hovudtillitsvald for Norsk Sjukepleiarforbund ved sjukehuset i Kristiansund.

Kari-Anne Thygesen

Kari-Anne Thygesen er einig med Anette Olsen i at dei tilsette truleg går ei uviss tid i møte. (Arkivbilete)

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Thygesen seier ho høyrer at arbeidsmiljøet på avdelinga er bra, men at arbeidsbelastinga er ganske stor.

Ho meiner også dei tilsette vil gå ein noko meir usikker kvardag i møte framover.

– Om det oppstår noko, kan det vere uklart kven ein skal ta kontakt med, seier Thygesen.

Meiner leiinga ikkje tek situasjonen på alvor

Olsen seier dei tilsette har stor forståing for at folk seier opp jobbane sine ved sengeposten.

– Det er ein belastande jobb og heile tida forsøkje å sørge for fagleg forsvarleg bemanning, men sjå at reknestykket ikkje går opp.

Ho meiner dette er eit resultat av at mellomleiarane på avdelinga ikkje kan ta dei avgjerdene dei må for å få hjula til å gå rundt.

– Dei er bundne av kva leiarar og direktørar lenger opp i systemet bestemmer, sjølv om dette går ut over den faglege forsvarlegheita for pasientane og arbeidsforholda for dei tilsette, seier Olsen.

Ho meiner at sjukehusleiinga kjenner problema, men ikkje tek nok tak i dei.

– Vi føler at dei ikkje har teke situasjonen på medisinsk sengepost alvorleg på lang tid.

Les også: Tjue sjukepleiarar har sagt opp siste året: – Det er fullstendig krise

Anette Olsen, plasstillitsvalgt på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus.
Anette Olsen, plasstillitsvalgt på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus.

Har teke tak i problemet

Avdelingssjef Monicha Strand Isaksen og klinikksjef Britt Rakvåg Roald svarer NRK på e-post.

Isaksen skriv at det er urovekkande at so mange sjukepleiarar har sagt opp det siste året og at situasjonen ved avdelinga har vore utfordrande lenge då utskrivingsklare pasientar har blitt liggande.

Eg meiner at både seksjonsleiar og avdelingssjef har hatt myndigheit til å ta avgjerder knytt til bemanninga ved sengeposten. Rekruttering har vore ei stor utfordring for oss over tid, men det har vore jobba godt med kompenserande tiltak og vi jobbar heile tida med rekruttering, skriv Isaksen.

Ho skriv også at fleire tiltak har blitt sett i gang for å betre situasjonen ved avdelinga:

Britt Rakvåg Roald skriv at nye avdelingssjefar vil vere på plass 1. mars og at stillinga som seksjonsleiar er lyst ut, samt at rolla som assisterande seksjonsleiar er ein viktig funksjon som også skal erstattast.

Seksjonsleiar og assisterande seksjonsleiar som seier opp stillingane si vart orientert om artikkelen på førehand, men ynskja ikkje å kommentere saka eller utdjupe offentleg kvifor dei seier opp.