Hopp til innhold

Veker blei til ein månad – ventetida skaper stor frustrasjon

Folk veit ikkje om dei får behalde jobbane sine. Dei gravide veit ikkje kor dei skal føde. Politikarane er i vakuum. I 35 dagar har dei venta på at helseministeren skal kome med ei «rask avgjerd».

Helseminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund sjukehus

PÅ OVERTID: Folk i Kristiansund spør seg kvifor det tek for så lang tid for helseministeren å kome med avgjerda om kva som vil skje med fødeavdelinga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I slutten av august lova helseminister Ingvild Kjerkol å kome med ei rask avgjerd for framtida til fødeavdelinga i Kristiansund. Det er no fem veker sidan.

– Dei har bedt tydeleg om ei rask avklaring for vegen vidare. Det er eg innstilt på å gi dei i løpet av kort tid, sa Kjerkol. Det var snakk om veker, ikkje månadar, bedyra ministeren.

Fødeavdelinga er den einaste i landet med eit stortingsvedtak om å halde ope. Likevel har den stort sett vore stengt det siste halvanna året, fordi helseføretaket ikkje får tak i nok fagfolk. Det gjer at fødande må reise langt.

Løfta til toppnivå

Over ein månad etter løftet til helseministeren veks frustrasjonen. Tilsette, fødande og politikarar vil ha svar.

Regjeringa held korta tett til brystet. Heller ikkje stortingsrepresentantane til dei to regjeringspartia får signal om kva som blir avgjerda om framtida til fødeavdelinga.

Etter det NRK kjenner til er saka løfta opp til høgste nivå i regjeringa, det vil seie statsministeren og finansministeren.

Helseministeren skriv til NRK at ho vil ta ei avgjerd som raskt som råd. Ut over det har ho ingen kommentar.

Meiner det er uhaldbart

Johan Kippervik

Johan Kippervik er ikkje imponert over tidsbruken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På sjukehuset synest dei tilsette at det er krevjande å gå og vente på avgjerda til helseministeren.

– Dei tilsette slit. Vi i fødselshjelpa er vande med å ta avgjerder, som har alvorlege konsekvensar, i løpet av få sekund. Det er uhaldbart at politikarane brukar så lang tid. Dei kunne ikkje ha jobba hos oss, seier Johan Kippervik, avdelingssjef for fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

– Nesten det same kva avgjerda blir

Igor Jokic, hovudtillitsvald overlegane i Helse Møre og Romsdal

– Av respekt for fagfolk og pasientar bør helseministeren komme med ei avgjerd så fort som råd, seier Igor Jokic.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ifølge hovudtillitsvald for Fagforbundet ved Kristiansund sjukehus er det ei psykisk påkjenning at det trekker ut.

– Det er utmattande for dei tilsette på føden. Vi vil ha eit svar så fort som mogleg. Det er neste det same kva avgjerda blir, så lenge vi slepp å leve i denne uvissa, seier Mariann Gussiås Svendsen.

– Dette handlar om arbeidsplassar, framtid, og familiar som skal planlegge livet sitt vidare. For kvar dag som går aukar faren for at fleire vil slutte. Vi har ikkje råd til å miste nokon, seier Igor Jokic, foretakstillitsvalgt for Overlegeforeningen i Møre og Romsdal.

Meiner forseinkinga skapar meir usikkerheit og bråk

Regjeringa har garantert for at fødeavdelinga skal vere open og har løyvd 25 millionar kroner for å få avdelinga på beina igjen. Helseføretaket har likevel ikkje fått det til.

Tre sjukehusleiarar har trekt seg frå jobbane sine, fordi dei meiner det ikkje er mogleg å gjenopne fødeavdelinga.

Dersom fødeavdelinga ikkje blir opna, står sjølve samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia på spel.

Lokalt i Kristiansund er Arbeidarpartiet og Senterpartiet einige om at fødetilbodet skal bestå.

– Trygve Slagsvold Vedum har sagt at fødetilbodet ikkje skal stengast så lenge Senterpartiet er i regjering. Om han likevel går med på det, vil det få konsekvensar for samarbeidsklimaet, seier Berit Frey, varaordførar i Kristiansund (Sp).

Berit Frey

– Det er ikkje heldig at dette trekker ut. Det skapar meir usikkerheit og bråk. Vi treng tydelegheit, seier Berit Frey, varaordførar i Kristiansund (Sp).

Foto: Roar Halten

Både ho og ordføraren hadde forventa at avgjerda til helseministeren skulle kome fortare.

– Det er krevjande å vere i eit slags vakuum. Dette er ikkje ei enkel sak. Eg veit ikkje om det er noko forhandlingar på gang, og er veldig spent på kva som kjem frå statsråden, seier Kjell Neergaard (Ap).

– Høgdramatisk politisk kamp

Lars Nehru Sand

– Senterpartiet har mest å tape om regjeringa vil legge ned fødetilbodet i byen, seier Lars Nehru Sand.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Ifølge politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, dryger saka fordi det går føre seg ein høgdramatisk politisk kamp mellom dei to regjeringspartia.

Det har blitt ei større politiske sak internt i regjeringa, enn det Kjerkol trudde da ho var på besøk i Kristiansund. Senterpartiet viser til formuleringane i Hurdalsplattformen om at det skal vere eit fødetilbod i Kristiansund.

Sand trur avgjerda vil kome før eller samtidig med at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett blir lagt fram 6. oktober.

Vil ikkje kommentere

Helseføretaket slit med å rekruttere fagfolk når også resten av landet manglar jordmødrer og gynekologar. Dersom dei skal lokke med høgare løn eller flytte folk frå andre stader, fryktar dei at andre sjukehus må stenge sine avdelingar.

Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus

Kjerkol fekk omvising på fødeavdelinga. Den heldt ope i kvardagane i tre veker i sommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, vil ikkje kommentere saka no. Etter styremøtet i helseføretaket 20. september vedgjekk han at dei bruker mykje tid og energi på saka.

– Det er krevjande å stå i ei slik sak over tid, ikkje minst for våre tilsette. Dei får stadig spørsmål om status på dette når dei er på butikken, hentar i barnehagen og liknande, så det er klart det er ei belastning for dei.

Krev at fødeavdelinga held ope

I juni jubla folk og flagga i Kristiansund, fordi kritisk personell endeleg var på plass og dermed kunne fødeavdelinga opnast igjen etter å ha vore stengt i over eit år. Lykka varte i tre veker. Då blei nokre av dei tilsette sjukmelde og avdelinga måtte igjen halde stengt.

Styreleiar i Bunadsgeriljaen, Ingrid Uthaug, er krystallklar i sin beskjed til helseministeren.

Stortinget har gitt ein marsjordre. Regjeringa sin politikk er å halde denne fødeavdelinga open. Vi forventar at dette blir følgt og er veldig frustrert over at det ikkje har skjedd.

Helse- og omsorgsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei viser til det dei tidlegare har sagt om at det vil bli tatt ei avgjerd snarast råd. Ut over det har dei ingen kommentar.

Ingvild Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus. Bunadsgeriljaen var på plass

Bunadsgeriljaen hadde markering utanfor sjukehuset i Kristiansund då helseministeren var på besøk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL