Hopp til innhold

Ingrid vil ikkje bruke bunaden i år: – Eg har mista gleda

I tre år har bunadskledde damer aksjonert for et trygt fødetilbod i Noreg. Ingrid Kruse Fevåg føler no det blir feil for henne å bruke ei «kampdrakt» på 17. mai.

Ingrid Kruse Fevåg

Bunaden er ikkje det same lenger for Ingrid Kruse Fevåg. I år vil ho ikkje bruke den på 17. mai.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Kvar 17. mai sidan konfirmasjonen i 1995 har averøyingen vore stolt over å kle seg i nordmørsbunaden sin, fram til no. I år vil ho heller gå i kjole.

– Eg har mista gleda ved å bruke nordmørsbunaden fordi eg føler det har blitt eit kampplagg meir enn eit festplagg, seier Ingrid Kruse Fevåg frå Averøy.

Akkurat same drakta har vore brukt hyppig av Bunadsgeriljaen, ei protestrørsle mot nedlegging og sentralisering av fødetilbodet, som starta nettopp på Nordmøre.

Bunadsgeriljaen ved Stortinget.

Bunadsgeriljaen har hatt mange aksjonar rundt om i landet med krav om betre sjukehuspolitikk og kvinnehelse. Her var dei utanfor Stortinget i 2019.

Foto: Ryan Kelly / NTB

Dei jobbar blant anna for å gjenopne og bevare fødeavdelinga i Kristiansund, ei sak som har skapt både stort engasjement og splid. Kruse Fevåg føler ho blir stempla som ein av dei dersom ho går med bunaden.

– Dei kjemper for ei bra sak, men eg synest det blir feil å bruke bunaden slik. Det blir såpass nært, følsamt og betent, at eg vel å ikkje ta den på i år, seier ho.

Etter at ho skreiv eit lesarinnlegg i lokalavisene har ho også fått mange støttemeldingar.

– Eg veit det òg er mange på ytre Nordmøre som føler det same som meg, men dei tør ikkje å vise det. Dessverre. Eg synest det rett og slett er trist, seier Kruse Fevåg.

Ingrid Kruse Fevåg

Dei siste 20 åra har Kruse Fevåg budd i Molde, der ho er lokalpolitikar for Høgre. Men ho føler seg først og fremst som pekaill (person frå Averøy).

Foto: Webjørn Espeland / NRK

– Symbol på kvinnekrav

Dagleg leiar i Bunadsgeriljaen, Marie Grødahl Brekkan, meiner det er heilt riktig å bruke bunaden slik dei gjer, og er mykje av grunnen til at dei har blitt ein nasjonal folkerørsle.

Marie Grødahl Brekkan, daglig leder i Bunadsgeriljaen.

Marie Grødahl Brekkan tok nyleg over som leiar i Bunadsgeriljaen.

Foto: Anja Cecilie Solvik

– Vi meiner det har stor verdi å bruke bunaden i kampen vår, den har blitt eit symbol på kvinnekamp. Då vi tok på den i starten blei vi plutseleg høyrt, og fekk eit fokus på fødselsomsorgen, seier ho.

– Kva viss det er nokon som mistar gleda ved å bruke den som eit festplagg?

– Det er heilt frivillig om ein brukar bunaden eller ikkje. Eg kjem alltid til å vere stolt over den kampen vi kjempar for kvinners rettar, som er veldig nødvendig. Meiner dei at det er feil, så får ein berre gjere det, seier Brekkan.

Skal du bruke bunad på 17. mai?

Ja 50%

Nei 50%

Avstemningen er lukket. 18321 stemmer totalt

Fevåg har også reagert på at ho har sett bunaden «sin» skitten og slite på kvinner i geriljaen. Brekkan svarar at det viser kor mykje dei kjempar.

– Dette er blitt eit kampplagg for oss, og kamp er ikkje reint og pent. Kamp er vanskeleg, tungt og krev veldig mykje. Då har ein ikkje tid til å gå rundt med ein rein bunad, seier Brekkan.

Har alltid vore politisk

Då nordmenn skapte og tok i bruk bunadene for 100–150 år sidan, blei dei mykje brukt til å fremme politiske saker. Dette var ei tid det var viktig å finne ein norsk identitet.

Unni Irmelin Kvam. Forfatter og programleder for Bunadspodden

Unni Irmelin Kvam er historikar og programleiar for podkasten Bunadspodden. Sjølv brukar ho Rindalsbunad, ein variant av nordmørsbunaden.

Foto: Kjetil Husebø

– Eit døme er Hulda Garborg. Ho brukte den i folkedans, og ivra for nynorsken og norskdomssaka, at Noreg skulle bli fri frå Sverige tradisjonane nokre meinte Danmark hadde tvunge på Noreg, seier Unni Irmelin Kvam, programleiar i Bunadspodden.

Ho meiner plagget høver seg særleg godt slik som Bunadsgeriljaen brukar den, fordi mange brukar bunad frå staden ein kjem ifrå eller har røter.

– Om ein då brukar den som eit aktivistplagg, om det gjeld straummastar i hardanger eller fødeavdelinga på Nordmøre, så tar ein også høgtidskjensler med seg i bunaden. Men det er synd at nokre vel vekk eit veldig flott, skreddarsydd og berekraftig plagg fordi dei kjenner det berre er eit politisk plagg, seier Kvam.

Ingrid Kruse Fevåg

På 17. mai blir det denne kjolen i år for Ingrid Kruse Fevåg. Bunaden blir liggande heime.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Håper å kunne bruke den igjen

Ingrid Kruse Fevåg kjenner til at bunaden er brukt politisk før, men meiner det er mykje som har endra seg sidan den gong.

Ho håper å kunne ta den i bruk som eit festplagg igjen, med same kjensle som før.

– Det er nok eit tap som må modnast, før eg kan føle den stoltheita og verdigheita ved å bere den igjen.