Hopp til innhold

Erna la ned stein for nytt sjukehus – men fleire ordførarar nekta å møte opp

I dag markerte statsministeren byggestart av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Men inviterte gjestar boikotta arrangementet.

Erna Solberg legg på grunnsteinen til nytt sjukehus.

GRUNNSTEIN: Statsminister Erna Solberg, er i dag på plass på Hjelset for å legge ned grunnsteinen til det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal er ei stor investering også nasjonalt, og eit eitt av fleire uttrykk for prioritering av regionen, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho la ned grunnsteinen for det nye sjukehuset på Hjelset i Molde.

Men ikkje alle inviterte gjestar dukka opp. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), har vore kritisk til heile sjukehusprosessen og boikottar arrangementet.

– Det blir heilt feil i mitt hovud å feire at dei sett i gang bygginga, seier Neergaard. Også fleire andre nordmørsordførarar takka nei til invitasjonen. Dei deltek i staden på ei anna markering i Kristiansund.

Ordførarane i frå Aure, Tingvoll, Averøy og Kristiansund på arrangementet i Kristiansund.

KRISTIANSUND: Ordførar i Aure, Hanne Berit-Brekken (Ap), Ingrid Waagan i Tingvoll (Sp), Ingrid O. Rangønes i Averøy (Ap) og ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), valde heller å møte opp på arrangementet i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Heller ikkje fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) eller fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) stiller.

Statsministeren sjølv seier det er viktig for rekrutteringa at ein no står samla.

– Det som er aller viktigast no, for å få folk til å ville jobbe her, så må vi bli ferdig og gå vidare.

Årelang strid

I mange år har det vore ein bitter strid om fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Først var det kamp om plasseringa, der både Molde og Kristiansund kjempa om å få sjukehuset i sin by. Saka gjekk heilt til helseministeren som avgjorde at plasseringa skulle vere på Hjelset, utanfor Molde.

Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal sett fra sør på tomta på Hjelset i Molde kommune

NYTT SJUKEHUS: Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge på Hjelset.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Rasande nordmøringar gjekk i fakkeltog og aksjonerte for å bevare sjukehuset i Kristiansund. Kristiansund kommune gjekk til rettssak og tapte i to omgangar.

Også økonomisk har sjukehussaka vore vanskeleg.

To gongar har anbodskontraktane blitt avlyst fordi det blei for dyrt.

– Dette er ein stor dag for oss. No får vi endeleg bygget oppe å gå, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke.

Det stiller også ordføraren i Molde seg bak, Torgeir Dahl (H).

Eige arrangement i Kristiansund

Same dag som statsministeren legg ned grunnsteinen har Bunadsgeriljaen si eiga markering. Dei legg ned ein stein ved Kristiansund sjukehus. Steinen symboliserer kampen for å ha akuttavdeling og fødetilbod i Kristiansund.

sykehus-kristiandund

DEMONSTRERTE: Bunadsgeriljaen demonstrerte utanfor sjukehuset i Kristiansund i dag. Dei kjempar for eit best mogleg tilbod også ved lokalsjukehuset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dei vil selje deler av sjukehusbygget til andre interesserte. Kjøkkenet er vekk, føden er stengt. Kven kan hjelpe oss no? Kven kan vi stole på? sa Anja Cecilie Solvik i Bunadsgeriljaen i sin appell.

Ordføraren i Tingvoll, Ingrid Waagan, var også med på markeringa i Kristiansund. Ho vil at fellessjukehuset skal bli bygd, men vil også ha eit sterkt avdelingssjukehus i Kristiansund.

Det nye sjukehuset skal etter planen stå ferdig våren 2025. Sjukehuset skal ha føde- og akuttilbod, medan det framleis skal vere poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi i Kristiansund.

Prisen er 5,3 milliardar kroner.