Hopp til innhold
Slått
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Landbruk i Møre og Romsdal

  • Kuttar i løyvinga til NORSØK: – Dette er heilt uforståeleg

    Dagleg leiar ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) på Tingvoll, Turid Strøm, stiller seg uforståande til kutta dei har fått i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

    I dag reiser ho for å vere med på høyringa om statsbudsjettet i Stortinget. – Dette er kutt som gjer jobben vanskelegare, seier ho.

    – Vi er veldig overraska. Justert for prisstigning så er det ein nedgang på nesten 10 prosent i forhold til løyvinga i 2025. Det skjer samtidig som Stortinget har vedtatt at det skal vere 10 prosent økologisk produksjon.

    Signala som regjeringa gir, er heilt feil, meiner stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp).

    – Etter mitt syn så føyer det seg inn i rekka av smålege kutt.

    Turid Strøm
    Foto: NORSØK
  • Får støtte til å styrke økologisk landbruk

    Norsk senter for økologisk landbruk får støtte til eit treårig prosjekt for meir økologisk og miljøvennleg landbruk i Møre og Romsdal.

    Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

    I dag ligg den økologiske delen i fylket på 3,5 prosent. Det nasjonale målet er 10 prosent innan 2032. Støtta til prosjektet er på 797.435 kroner.

    Tine får til eit prosjekt som skal styre geitemiljøet i Møre og Romsdal og Vestland. Støtta er på 650.000 kroner.

  • Har allereie starta sauesankinga

    I Sunndal har saueleitinga starta 14 dagar tidlegare enn vanleg.

    Iflølge driva.no er årsaka store tap av lam til rovdyr.

    Omfanget av dette veit bøndene meir om når sankinga og opptellinga er ferdig rundt 1.november.

    I første omgang er det 1100 sauer i dei mest utsette områda som blir sanka inn no.

    I 2024 gjekk nesten ti prosent av lamma på beite i utmark her i fylket tapt.

  • Får likevel ikkje felle jerv

    Bondelaget er sterkt kritisk til at det likevel ikkje blir løyve til å felle ein jerv i Møre og Romsdal.

    Rovviltnemnda gjorde vedtak om felling, men blei overprøvd av Klima- og miljødepartementet.

    Rovviltkontakt Kristin Gilje Sandnes i Bondelaget meiner det er uheldig.

    Ho meiner vårt fylke er det verste tapsområdet når det gjeld tap av lam og sau til jerv, og at årets sesong ser ut til å bli minst like ille som tidlegare.

    rovviltansvarleg Kristin Gilje Sandnes
    Foto: MR Bondelag / NRK