Hopp til innhold

Mjølkebønder i Hustadvika har slått eigne rekordar – får utmerkingar for å levere «elitemjølk»

Kvar dag jobbar norske bønder med å levere mjølk i toppklasse. For å få til det må dei stelle fint med kyrne, for fjøs-luksus kan vere nøkkelen til edle dropar, meiner prisvinnande mjølkebonde.

Bonde Roger Håseth i fjøset med egne kyr

FEKK PRIs: Roger Håseth overtok garden etter far sin i 2008. Nå har mjølkebonden i Hustadvika mottatt sølvtine, som er den høgaste utmerkinga Tine kan gi for levert «elitemjølk» i 15 år.

Foto: Ann Eli Nøsen

Mjølkebønder rundt om i landet legg ned eit stort arbeid for å oppnå best mogleg kvalitet på mjølka andre kjøper i butikken.

Godt fôr er ein føresetnad, men det ligg langt meir bak ei ku som leverer den beste mjølka.

Tine har ei eiga kåring for mjølkebøndene, og i Elnesvågen i Hustadvika finn vi éit par som har fått pris: Signe Linda og Roger Håseth med dei 37 mjølkekyrne sine, og rundt 100 oksar og kviger.

– Vi gir kyrne godt fôr, og prøver skape eit godt miljø i fjøset. Velferd for dyra er avgjerande for at dei skal ha det godt – derfor har eg kjøpt ein børste så dei kan få massasje, seier bonden.

Foret til kyrne er viktig for å få beste kvalitet på melka

Foret er viktig for kvaliteten på mjølka, men det er også mange andre detaljar som også skal klaffe for å oppnå den så gode kvaliteten på mjølka som mogleg.

Foto: Ann Eli Nøsen

Kårar dei beste mjølkebøndene

Ifølge Tine blir kvaliteten målt på all mjølk som blir levert, og den beste mjølka blir klassifisert som «elitemjølk».

Bønder som klarer å levere denne kvaliteten ved kvar henting, kvar einaste dag i 15 år, blir heidra med Sølvtine-prisen. Mens dei som klarer å levere kvalitetsmjølk kvar dag i 25 år samanhengande, blir heidra med «mjølkespannet».   

I 2024 får 79 bønder rundt om i landet «sølvtine», og 45 den høgthengande «mjølkespanna». Av desse går fem mjølkespann og ti sølvtiner til bønder i Møre og Romsdal.

Håseth Gard i Elnesvågen i Hustadvika kommune

Håseth Gard i Elnesvågen i Hustadvika kommune. Her får bonden sølvtine frå Tine for å ha levert elitemjølk i 15 år.

Foto: Roar Strøm

Den eine tina går til Roger Håseth for 15 års levering av beste kvalitet på mjølka.

– Det betyr mykje for meg. Eg kjenner utmerkinga som ein inspirasjon til ekstra innsats og til å gjere rette val.

På årsmøtet til Tine i Hustadvika slår bøndene eigne rekordar i år med to mjølkespann og tre sølvtiner.

Styremedlem i Tine, Anne Berit Løset, stod for gratulasjonar til prisvinnarane.

– Eg er imponert over bøndene som har levert kvalitetsmjølk over mange år. Her ligg mykje hardt arbeid bak, seier Løset.

Anne Berit Løset, styremedlem i Tine med utmerkelsene sølvtina og mjølkespanna

Anne Berit Løset er styremedlem i Tine. Her er ho saman med prisvinnarane av mjølkespanna i Hustadvika; Anders Torheim og ekteparet Else Marie Bolli og Øyvind Støland. Til høgre Roger Håseth, ein av dei som fekk sølvtine.

Foto: Roar Strøm

Teknologien bidrar

Tilbake i fjøset følger Håseth med på kyrne som går inn i mjølkeroboten og sjølv sørger for at å bli mjølka når jura deira blir fylte opp med mjølk.

Fleire av kyrne kan mjølke opp til femti liter om dagen. Det betyr mjølking fem gonger i døgnet.

Dyrevelferd er også viktig i produksjonen av mjølk. For bonden er det viktig at kyrne ikkje får mjølkespreng.

– Velvære for dyra er å sleppe mjølkespreng. Det hjelper teknologien oss med via mjølkeroboten, seier Håseth.

Melkerobot på gården til Roger Håseth i Hustadvika

Mjølkeroboten gir kyrne høve til å bli mjølka opp til fem gonger i døgnet. Når kua får mjølkespreng går ho sjølv til roboten og blir mjølka. For kyr med mykje mjølk kan dei bli mjølka fem gonger i løpet av eit døgn.

Foto: Roar Strøm

40 kalvar på veg

Da NRK kom inn fjøsdøra til Håseth, var ein kalv på veg ut. Og på grunn av det fekk bonden lite søvn den natta. Han har nemleg følgt med på fødselen i fleire timar frå soverommet via eit kamera.

– Det er like spennande kvar gong. Det kan skje ting som fører til komplikasjonar, og mora kan bli dårleg, seier Håseth.

Ifølge bonden er kalvinga er det viktigaste som skjer i fjøset. Kalvane er framtida i gardsdrifta. Nå er han midt inne i den mest hektiske perioden med mykje nattevakingar og ekstra arbeid for å hjelpe 40 kalvar til verda.

Den nyfødde kalven får eit teppe over seg, og blir boren til ein binge der han stadig blir overvakt. Etter ein time får han den første mjølka. Da begynner kalven å kvikne til, og kjem seg på beina.

Roger Håseth gir melk en nyfødt kalv

Oksekalven får mjølk av Roger Håseth i fjøset i Elnesvågen.

Foto: Roar Strøm

Éin dag skal den nyfødde kalven vekse til og bli ein okse som leverer bonden kjøtt. Kalving bidrar også til at mora produserer mjølk når ho kjem seg til hektene igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL