Hopp til innhold

Her blir rådyra redda frå slåmaskinen

Den vesle kalven kunne ha blitt offer for bonden sin slåmaskin. I staden vart han berga av ein gjeng frivillige og dronen deira.

Ruben Oterhals har akkurat redda ein rådyrkalv frå slåmaskina sine knivar.

BERGA: Ruben Oterhals er dronepilot i prosjektet «Find Bambi». Her har han akkurat berga ein kalv frå slåmaskinen. 

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Grytidleg på morgonen har frivillige møtt opp på marka til Randi Trondsen og Frank Marius Stavik Åsbø. Om nokre timar skal gardbrukarane slå det høge graset, men dei fryktar det kan ligge nyfødde rådyrkalvar gøymd i den frodige åkeren.

– Eg kan slå med slåmaskin, men eg synest ikkje det er artig på førsteslåtten, seier Trondsen, og fortel at ho har opplevd å køyre over kalvar tidlegare.

Slik kan det sjå ut når kalven blir overkøyrt av slåmaskina.

Slik kan det sjå ut når kalven blir overkøyrd av slåmaskinen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rådyr kalvar frå mai til juni, same tid som mange bønder slår graset. Når kalvane er små, gøymer rådyra dei medan dei beiter. Det lange graset fungerer bra som gøymeplass, men kan bli ei dødsfelle når slåmaskinen kjem.

– Det eg likar minst, er å sjå rådyrgeita som leitar etter kalven etterpå, fortel Trondsen.

Kvart år blir rundt 10.000 rådyrkalvar drepne av slåmaskina. Denne sommaren kan gardbrukarar på Averøy og i Hustadvika kommune få hjelp til søke over åkrane før dei skal slå – dei er nemleg testkommunar i prosjektet «Find Bambi».

Randi Trondsen og Frank Marius Stavik Åsby har nytta seg av prøveprosjektet «Find Bambi». 

Randi Trondsen og Frank Marius Stavik Åsbø har nytta seg av prøveprosjektet «Find Bambi». 

Foto: Gunn Sissel Gjersvik

Effektiv metode

– Den største grunnen til at vi gjer dette, er jo dyrevelferda rett og slett, forklarar Monica Malmedal. Ho er dagleg leiar i Noregs Jeger- og Fiskarforbund (NJFF) Møre og Romsdal, som saman med Møre og Romsdal Bondelag driv prosjektet «Find Bambi».

Dei siste åra har utviklinga av drone med varmesøkjande kamera vist seg å vere ein effektiv måte å redda dyra frå åkrane rundt omkring i landet.

– Vi veit at metoden fungerer. No vil vi finne ut kor mange rådyr vi kan redde, og kor mange bønder som ønsker å nytte seg at tilbodet, seier ho.

Når bonden skal slå, kan dei varsle det frivillige teamet. Då kjem pilotane og hjelparane deira for å søke over marka, og bere ut kalvane.

– Det er eit gratis og frivillig tilbod, seier Malmedal.

Dei siste åra har lokallag frå NJFF, frivillige droneentusiastar og andre organisasjonar starta fleire liknande prosjekt rundt omkring i landet. I Moss og Råde har dei eit liknande prosjekt på gang no.

Treng meir støtte

Tilbodet er gratis, det er fordi økonomien ikkje skal hindre bøndene frå å redde kalvane.

Likevel krev det pengar å leite etter rådyra. Det toårige prosjektet «Find Bambi» har eit budsjett på 1,2 millionar kronar. No jobbar dei for å skaffe meir pengar.

– Det kostar ein god del å kjøpe inn doner og kurse pilotane, seier Malmedal og remsar opp fleire utgifter knytt til prosjektet.

Ho fortel at tilbodet har vore populært så langt, og at dei har redda meir enn 60 kalvar sidan dei starta. 40 grasprodusentar har meldt seg på prosjektet.

Kvart år blir 10.000 rådyrkalvar drepne under fyrsteslåtten.

Rådyra gøymer kalvane sine i graset medan dei beiter.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Etterlengta tilbod

Trondsen og Åsbø fekk redda to rådyrkalvar frå jordet sitt før dei slo. Dei er fornøgde med at prosjektet er i gang.

– Frå første stund eg har sett det går an å søke med varmesøkjande kamera, har eg håpa på at nokon skal starte med det, fortel ho.

Gardbrukaren er sikker på at ho kjem til å la dronepilotane søke igjen neste år.

Les også: Slik skal forskarane kartlegge livet i fjøresteinane

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL