Hopp til innhold

Kjøpte gardsbruk på Finn i heilt framand bygd: – Vi skal ikkje flytte, då?

Asgeir Presttun (24) og Amalie Bakkebø (23) flytta til ein heilt ny stad for å få oppfylt draumen om å drive gard. Ein draum færre og færre har.

Asgeir Presttun og Amalie Bakkebø har begge store smil mens de står inne i fjøset sitt i Syvde i Vanylven sammen med kyrne.

DRAUMEN OM BONDELIVET: Asgeir Presttun og Amalie Bakkebø pakka saman tinga sine og kjøpte seg ein gard på Søre Sunnmøre. Han meiner livet som bonde kunne vore mykje verre enn det er.

Foto: Arne Flatin / NRK

I mange år har ein kunne lese nyheitssaker om at det blir færre og færre bønder.

Ikkje nødvendigvis fordi dei ikkje vil vere bønder, men fordi det har blitt vanskelegare å leve av yrket.

Éin som derimot ikkje har late seg skremme av det, er Asgeir Presttun frå Osterøy utanfor Bergen.

No har han endeleg fått kloa i ein eigen gard, saman med sambuaren Amalie Bakkebø. Og garden ligg på ein stad ingen av dei hadde noka tilknyting til frå før.

Asgeir Presttun smiler fornøyd, med den nye gården hans i bakgrunn.

Asgeir Presttun meiner den tøffaste delen med å vere bonde er det økonomiske.

Foto: Arne Flatin / NRK

Eg har alltid ville vore bonde, heilt sidan eg var tre år. Eg såg denne garden ute på Finn, og då sa eg til Amalie: «Vi skal ikkje flytte til Syvde, då?», seier han og ler.

Og Syvde blei det. Ei lita bygd i Vanylven på Søre Sunnmøre som var heilt ukjent for dei.

No spørst det om økonomien vil tillate dei å bli verande.

Men den unge bonden meiner kvardagen til bøndene kunne ha vore mykje tøffare enn han er i dag.

Masterstudent, heiltidsjobb og gardbrukar

Det unge paret dreiv tidlegare ein gard i Osterøy, men fekk ikkje kjøpe den. No, på den nykjøpte garden på Sunnmøre, har dei fleire mjølkekyr, ungdyr og storfe. Dei planlegg også å skaffe seg sauer.

Presttun meiner det tøffaste med å vere bonde er det økonomiske.

Gården til Amalie Bakkebø og Asgeir Presttun i Syvde i Vanylven. Katten vandrer over gårdsplassen, mens Amalie lukker igjen døra til låven.

Garden ligg i Norddalen i Syvde – og paret er godt fornøgd med kjøpet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men vi har ikkje nokon andre enn oss sjølve å forsørge. Vi har ikkje ungar eller noko sånt. Men eg har sagt at eg har sakna ein jobb utanom, inntektsmessig.

Ein ekstra jobb krev derimot at ein har tid til det, og det understrekar Presttun at han ikkje har.

Og nettopp det er også vanskeleg for sambuaren hans. Ho er masterstudent, jobbar heiltid i ein barnehage og så kjem gardsdrifta i tillegg.

Eg skulle ønske det var 30 timar i døgnet i staden for 24, seier Bakkebø og ler.

Snart startar forhandlingane

Den siste tida har fleire bønder aksjonert fram mot jordbruksoppgjeret.

Eit oppgjer som av bøndene blir skildra som historisk viktig.

Om kort tid startar også forhandlingane i jordbruksoppgjeret i år, nærare bestemt 18. april:

Les også – Bøndene er utolmodige framfor jordbruksoppgjeret

Bondeprotest - landbruksoppgjeret 2024. utanfor Scandic Parken i Ålesund

Bøndene protesterer mot lønsnedgangen, og meiner at regjeringa opererer med feil talgrunnlag. I fjor sa ein at bønder tener 481.000 kroner per årsverk, noko bøndene seier er langt unna verkelegheita.

I midten av juni skal Stortinget vedta jordbruksavtalen.

– Steintøffe tider

Ordføraren i kommunen har også tatt turen på garden til det unge paret. Han er mektig imponert og glad for valet dei har tatt.

Eg synest det er kjempetøft gjort av dei. Eg set stor pris på at dei faktisk kjøper ein gard som er til sals i Vanylven og torer å satse på det, seier Paul Sindre Vedeld (Sp).

Paul Sindre Vedeld (Sp) er ordfører i Vanylven kommune. Her står han på en gårdsplass - i kjent Senterparti-stil.

Paul Sindre Vedeld (Sp) er ordførar i Vanylven og hyllar satsinga til det unge bondeparet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Som Senterparti-ordførar engasjerer han seg i landbruket, og meiner det avgjerande for framtida at fleire kan og vil satse.

Det er steintøffe tider i landbruket. At ungdom torer å gå inn i det på denne måten er veldig bra. Det er viktig, seier Vedeld.

Men den nye gardseigaren Presttun meiner det kunne ha vore tøffare for bøndene – sjølv om han meiner politikarane no kunne ha gjort meir.

Eg trur mange bønder rundt om, som ikkje nødvendigvis er engasjert politisk, veit at det kunne ha vore forferdeleg mykje verre, seier han.

Asgeir Presttun og Amalie Bakkebø står inne i fjøsen sin med kyrne i Syvde i Vanylven.

Asgeir Presttun og Amalie Bakkebø håpar dei etter kvart kan ha sauedrift også på garden.

Foto: Arne Flatin / NRK