Hopp til innhold

Rekna som miljøversting – no skal dei bidra til å redusere klimautslepp

I Sunndal skal kua, som vanlegvis vert sett på som eit miljøproblem, bidra til å redusere klimautsleppa. – Endå eit eksempel på at kua er eit nyttig dyr for oss, seier ku-influensar.

Ku i Sunndal

SATSING: Desse kyrne skal bidra til å redusere klimautsleppa.

Foto: Roar Strøm / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eige kraftfor mot ku-promping, masseslakt av kyr og kol i fôret er berre nokre av tiltaka som har vorte foreslått for å redusere klimautsleppa frå kyr.

Rap, promp og møkka frå kyr er nemleg full av klimagassen metan.

Men møkka til kyrne hos bonden Eirik Sjøholt i Sunndal på Nordmøre skal no verte brukt til noko fornuftig. Dei skal nemleg bidra med å redusere klimautsleppa til ei lokal storbedrift.

– Det er jo kanskje det beste med dette. At vi kan gå frå å vere, i alle fall ein medieskapt klimasyndar, til å vere eit dyr som bidreg til berekraft og rein energi. Det er kjempepositivt for landbruket, og spesielt for oss som driv med storfe, seier Sjøholt.

Bonden Eirik Sjøholt står i ku-fjøset.

Bonde Eirik Sjøholt i Sunndal har trua på prosjektet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Berre starten

For berre nokre få mil unna, på Nesset i Romsdal, bygger Havila biogass sitt første anlegg i Noreg. Her skal store mengder kumøkk verte omdanna til biogass.

– Vi skal ha det ferdig til å levere gass til den store kunden vår Hydro i Sunndal ein gong på seinsommaren, seier Kjell Evensgård, dagleg leiar i Havila biogass.

Biogass er miljøvennleg fordi den allereie finst i kretsløpet i naturen. Dermed vert ikkje atmosfæren tilført meir CO₂.

Anlegget som vert bygga på Nesset er berre starten. Havila biogass meiner nemleg at det finst eit stort uforløyst biogass-potensial i Noreg. Det har dei planar om å gjere noko med.

– I denne regionen ser vi på tre anlegg, men vi har ei lang rekke av anlegg som vi held på å modne fram nasjonalt. For oss er dette ei stor satsing, seier Evensgård.

Kjell Evensgård, daglig leder i Havila biogass står byggeplassen på Nesset der deres første anlegg bygges.

Kjell Evensgård, dagleg leiar i Havila biogass, seier at dei ønsker å bygge fleire biogassanlegg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Forventar ein auke

I 2022 vart det levert 107.000 tonn husdyrgjødsel, hovudsakleg frå storfe og svin, til produksjon av biogass. Dette svarer til 1,3 prosent av all husdyrgjødsel og er ei auke frå 3000 tonn i 2013, ifølge Klima- og miljødepartementet.

I jordbruksavtalen er det ei eiga ordning for tilskot til bønder som leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg.

Kua står i sin egen møkk.

I 2022 vart 1,3 % av husdyrgjødsla behandla i biogassanlegg. . I jordbruksoppgjeret i 2023 vart det løyvd 22 millionar kr til ordninga og levert mengde gjødsel har auka frå 3000 tonn i 2013 til 107 000 tonn i 2022.

Foto: Roar Strøm / NRK

Samanlikna med andre land, er biogassproduksjon ein forholdsvis ny næring i Noreg. Det seier Bjørn Huso, fagdirektør i Landbruksdirektoratet.

– Rammevilkåra, alt frå energiprisar til verkemiddelbruk, har ikkje lege til rette på same måten som i ein del andre land, seier han.

Huso meiner at husdyrgjødsel til biogass er eit klimatiltak som får ned utsleppa, samtidig som det utgjer eit volum som har eit stort potensial.

– Vi har ei satsing både frå næringa og styresmaktene for å biogassproduksjon frå husdyrgjødsel.

Les også Møkka til Lars Jacob stinker ikke

nitrogen i gjødsla

Kumøkk vil få ned utsleppet

Biogassen som skal produserast skal altså brukast hos aluminiumsverket til Hydro på Sunndalsøra.

– Kumøkk skal drive omnane her. Da vil vi gå frå å bruke dagens LNG til å bruke biogassen som kjem i framtida, seier Marit Brakstad som er sjef ved støyperiet.

Rune Oshaug Aasen hos Hydro Sunndal.

Fungerande fabrikksjef, Rune Oshaug Aasen. Bedrifta forventar å få ned CO₂-utsleppa sine med den nye løysinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Hydro har eit mål om nullutslepp i framtida. Ifølge bedrifta sjølv vil dei få ned sine CO₂-utslepp med 20.000 tonn med å byte ut dagens gass til kumøkk-gass.

– Vi håpar at det vert meir, og at det kan forsyne heile fabrikken. Hydro ser også på moglegheita for at det kan brukast andre plassar, seier Rune Oshaug Aasen som er fungerande fabrikksjef i Sunndal.

Kirsti Winnberg står bak instagramkontoen «kunnskapomkua».

Ho synest det er fantastisk at kua skal brukast til produksjon av miljøvennleg energi.

– Vi kan jo bruke kua til mat og skinn, men det at vi også kan bruke ho til biogassproduksjon, er enda eit eksempel på kuas fortreffelegheit, seier ho.

Kirsti Winnberg

Kirsti Winnberg er ein ku-influensar. Ho meiner at det er ein fordel å kunne utnytte meir av kua.

Foto: Skjermdump Instagram

– Det er artig

Tilbake i fjøset hos Eirik Sjøholt samlast all møkka opp automatisk.

I løpet av ei veke produserer dyra rundt 200 kubikk med kumøkk som no skal verte til miljøvennleg energi.

Bonden sjølv synest det er spennande å vere med på å produsere energi til Hydro sin fabrikk i Sunndal.

– Det er artig når det er so lokalt. Du kan omtrent sjå og kjenne kor energien vert av, seier Sjøholt.

Maren Børset jobbar både for Hydro og har odel ved garden som skal levere møkk til produksjonen. Ho synest det er stas at dei no kan bidra inn i det grøne skiftet.

– Kua har jo vorte meir sett på som eit problem enn som eit gode i forhold til å kunne bidra inn i det grøne skiftet.

Maren Børset står i ku-fjøset.

Maren Børset synest det er positivt at dei kan bidra inn til det grøne skiftet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les også Nye grep mot metangass: Norske kuer skal prompe mindre

Kyr

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga