Hopp til innhold

Innhaldet i bøtta kan gjere rapen til kua meir miljøvennleg

Kua slepp ut store mengder metangass kvar gong ho rapar. Eit tilsettingsstoff i fôret kan bli løysinga.

Heidi Josten Skreden med ei bøtte kufor som inneholder metanhemmere for å senke utslipp av metan fra melkekyr. Bak henne står kyr på bås

Heidi Josten Skreden viser fram blandinga som skal få kyr til å danne mindre metangass i vomma.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I fjøset i Øvre Surnadal på Nordmøre rapar kyrne minst ein gong i minuttet. Ikkje høglydt, men årleg slepp ei ku ut ca 140 kilo metangass. Litt promp, men mest gjennom rap og utpust.

No har bonde Eirik Fiske blitt med på eit forsøksprosjekt for å redusere klimagassutsleppa i landbruket.

– Eg blei med for å vise at det er mogleg å gjere noko med metanutsleppa til storfe og at vise at det ikkje er så skummelt å gjere det, seier Fiske.

I fôret til kyrne er det blanda inn eit mineral, som kan endre rapen til kua.

Kua kjem ikkje til å slutte å rape, men det som kjem ut inneheld mindre metangass.

Heidi Josten Skreden og Eirik Fiske i fjøset. I bøttar har dei fôr som skal føre til mindre metangass i kurap

Så langt er 10 gardar med i forsøksprosjektet, men målet er at det skal bli 100 i løpet av året.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den store stygge ulven

Det er Tine som har sett i gong prosjektet, der målet er å få med 100 mjølkebønder i løpet av året.

Dei vil finne ut korleis metanhemmarar kan brukast i det norske landbruket.

– Metan har alltid vore her i det naturlege kretsløpet frå drøvtyggaren, men no ser vi på det fordi ein stor andel utslepp frå landbruket er metan. Metan er den store, stygge ulven i drivhusgass-diskusjonen, seier spesialrådgivar i Tine, Heidi Josten Skreden.

Landbruket står for 9,5 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, med 4-5 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Regjeringa meiner metanhemmarane kan kutte so mykje som 1,4 millionar tonn utslepp innan 2030, som er over ein tredel av utsleppskuttet landbruket har forplikta seg til.

Skreden seier at drøvtyggarane ikkje er problemet, men dei kan vere ein stor del av løysinga for å redusere utsleppa. Det er mogleg å gjere store endringar på kort tid med liten innsats.

Internasjonal forsking viser at mengda metan kan reduserast med 10–50 prosent med metanhemmarar, men no vil ein teste det på norske driftsforhold.

Må få økonomisk stønad

I fjøset til bonde Eirik Fiske står det 27 mjølkekyr som får påfyll av mineralet fleire gongar om dagen. Verknaden av stoffet går nemleg ut av kroppen deira etter eit par timar og dei må ha påfyll. Likevel er det null stress for bonden.

– I mitt fjøs får kyrne det saman med kraftfôret, som blir gitt ut automatisk fleire gongar i døgnet. I andre fjøs kan det bli gjort annleis, seier Fiske.

Sidan dette er eit prosjekt, får bonden mineralet gratis medan utprøvinga føregår.

Han reknar med at det kostar rundt ti øre per produsert liter mjølk å bruke pulveret og meiner det må kome på plass ei støtteordning når andre skal ta det i bruk.

– Næringa er nok pressa frå før økonomisk. Dette er jo eit tiltak for å minske klimautsleppa, men visst vi skal bere heile kostnaden blir det vanskeleg å få mange til å bli med, trur bonden.

Bonde Eirik Fiske

Bonde Eirik Fiske skal teste ut korleis det fungerer i kvardagen å gi kyrne metanhemmar fleire gongar dagleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Les også Regnet som miljøversting – nå skal dei bidra til å redusere klimautslepp

Ku i Sunndal